Om Husdyrraser
|
Det finst fleire tradisjonelle husdyrrasar i Noreg og nærområda. Det følgjande er ei liste over slike rasar sortert etter dyreslag:
- Sauer: gammalnorsk sau, gammalnorsk spælsau, farga spælsau, kvit spælsau, tautersau, grå trøndersau, norsk pelssau, sjeviot, dalasau, fuglestadbroget sau, blæset sau, rygjasau, steigarsau, norsk kvit sau
- Geiter: kystgeit, vestlandsgeit, nordlandsgeit, dølageit, telemarksgeit, norsk mjølkegeit, lappgeit, jamtgeit, islandsgeit
- Storfe: vestlandsk fjordfe, telemarksfe, dølafe, sidut trønderfe og nordlandsfe, vestlandsk raudkolle, østlandsk rødkolle, fjällko
- Fjørfe: jærhøns, islandshøns, hedemorahøns, svarthøns, smålensgås, norsk kvit gås
- Hestar: fjording (fjordhest), lofothest, nordlandshest, dølahest, norsk kaldblodstravar
- Hundar: dunker, haldenstøver, hygenhund, lundehund, norsk buhund, norsk elghund (grå og svart)
- Kattar: norsk skogkatt
- Andre dyr: trønderkanin, mellerudskanin
|
|
Smakebitar
|
Foto: Arnfinn Kjelland (2009)
Vestlandsk fjordfe er ein relativt liten og lettbygd storferase som vart godkjent som rase i 1890-åra. Levandevekta for vaksne kyr var ca. 250 kg i tida kring 1900, men på slutten av 1900-talet og først på 2000-talet har levandevekta vore ca. 400 kg i snitt. Grunnlaget for rasen er ulike populasjonar av storfe frå Søndre Bergenhus amt (frå 1919 Hordaland fylke), Nordre Bergenhus amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) og Romsdals amt (frå 1919 Møre fylke, no Møre og Romsdal). Rasetrekka er variable, og dyra kan vera hornut eller kolla; sidut, sadla, flekkut eller einsfarga; og av ymse ulike fargar. I dei første åra vart fleire lokale undertypar definerte — deriblant gråkolla på Sunnmøre. Les mer …
Islandshøns eller landnåmshøns ( islandsk (íslensk) landnámshæna) er ein hønserase frå Island. Landnåmsfolket frå Noreg hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønene har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønene er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønene er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er rolig. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar. Les mer …
Islandsgeit ( islandsk íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit ( islandsk íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geiterasen på Island. Ein trur at geitene er ukryssa etterkommarar etter dei geitene som landnåmsmennene tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012). Les mer …
Lappgeit. Foto: Jon Julius Sandal
Lappgeit ( svensk lappget) er ein gammal geiterase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geiterasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 277 alsdyr (desember 2016) blir rasen framleis rekna som kritisk truga. Blant reindriftssamar har det vore vanlig i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanlig å skaffe seg nokon få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidlig på året, medan reinkalven helst trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren. Les mer …
Grå trøndersau, noen gonger berre kalt trøndersau eller grå trønder, er ein sauerase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augo. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vera ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England på 1700-talet — trulig ryeland. Les mer …
|
|
|
|