Kirstentun (Fedje gnr 168 bnr 248)

Kirstentun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Kirstentun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 248
Adresse: Flundrevågsvegen 21

1. Jan Håkon Husa f. 1959 Husøyna (gnr 168 bnr 259-1b), skipsførar, g. 1990 m. Ida Marith Nilsen f. 1963 Sulo (gnr 168 bnr 64-1b), barne- og ungdomsarbeidar. Skøyte 1986 frå Kirsten Stuberg (gnr 168 bnr 19-22g) på tomt frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 i 1975. Huset vart bygd i 1990.

Born: a. Jone Husa f. 1982 (Jan Håkons son med Nell Skeie f. 1956 Stavanger), helsefagarbeidar, samb. 2021 m. Christine Haukenes f. 1997 Tønsberg, oppvaksen der og i Samnanger, sjukepleiar, bustad Stavanger. b. Jonas Husa f. 1990, bustad Bergen. b. Kaja Husa f. 1995, teamleiar matleveringsteneste, samb. 2019 m. Jørgen Iselvmo f. 1995 Bardufoss, oppvaksen der og i Lillesand, bustad Oslo.


Fedje komm.svg Kirstentun (Fedje gnr 168 bnr 248) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Magneheim (Fedje gnr 168 bnr 247/256) • Neste bolk: Lunheim (Fedje gnr 168 bnr 250)