Lynghaug (Fedje gnr 169 bnr 54)
Lynghaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Lynghaug | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 54 |
Adresse: | Vidnappsvegen 22 |
1. Olav Uthaug f. 1906 Smiholmen (gnr 168 bnr 55-1a) d. 1969 g. 1940 m. Gjertrud Malena Hitland f. 1910 Åsane i Bergen d. 1991 (jf Åsaneb. III s 546). Olav reiste til USA i 1925 og var der i vel 10 år. Skøyte 1949 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 same året. Huset vart bygd i 1950, dei budde tidlegare på Smiholmen. Olav var fiskar og kvalskyttar. Gjertrud arb. Bjelland frå 1953.
Barn: a. Wenche Uthaug f. 1943, neste eigar (2).
2. Wenche Uthaug f. 1943 på dette bruket (1a), fiskeindustriarb., tok over huset etter foreldra og fekk skøyte i 2004.
Barn med Olaf Moldøy f. 1946 (gnr 170 bnr 20-3) d. 2023: a. Cecilie Uthaug f. 1975, logistikkmedarbeidar, samb.m. Roy Arne Fredheim f. 1974 Sævrøyna i Austrheim (jf Austrheimb. III s 702), kokk/forpleiningssjef, bustad Bergen.
Lynghaug (Fedje gnr 169 bnr 54) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.
Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur
Førre bolk: Lyngbø (Fedje gnr 169 bnr 52) • Neste bolk: Nyborg (Fedje gnr 169 bnr 56)