Viktun (Fedje gnr 168 bnr 95)

Viktun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Viktun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 95
Adresse: Mulevegen 69

1. Agnes Olsen f. 1920 Husa (gnr 168 bnr 63-2a) d. 1999 g. 1943 m. Alfred Emil Selvik f. 1916 Bru, Flora i Sunnfjord d. 2001, bygningsmann. Skøyte 1947 på tomt frådelt gnr 168 bnr 10 i 1946. Dei sette opp huset i 1953, tidlegare budde dei hjå Agnes sine foreldre. Familien flytta til Bergen i 1967, og bruker huset som feriebustad. Dei to borna fekk skøyte i 1997. Huset vart renovert i 2005.

Born: a. Rolf Selvik f. 1946, sjå nedanfor (2). b. Margareth Selvik f. 1950, servitør, bustad Bergen. Ho eig ½.

2. Rolf Selvik f. 1946 på dette bruket (1a), elektrikar, g. 1973 m. Oddny Gerd Herstad f. 1948 Dale i Fjaler, Sunnfjord (jf Fjalerb. II s 470), syerske/reinhaldar, bustad Bergen. Han eig ½.

Born: a. Tove Merete Selvik f. 1975 d. 2011, pedagogisk leiar, samb. 1996 m. Ole Ronny Vestheim f. 1971 Bergen, driftsingeniør, busette der. b. Robert Selvik f. 1978, hamneinspektør, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Viktun (Fedje gnr 168 bnr 95) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjøberg (Fedje gnr 168 bnr 90) • Neste bolk: Bakketun (Fedje gnr 168 bnr 104)