Arnfinn Engen: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
mIngen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Arnfinn Engen faksimile 1981.jpg|Faksimile | {{thumb|Arnfinn Engen faksimile 1981.jpg|Faksimile frå [[Dagningen]] 17. oktober 1981; utsnitt av omtale av Arnfinn Engen i samband med ein bokutgivelse (artikkelforfatter/foto: Oddvar Rakeng).}} | ||
<onlyinclude>{{thumb|Arnfinn Engen utstilling.jpg|Minneutstilling om Engen på [[Gjøvik bibliotek|Oppland fylkesbibliotek]], [[Gjøvik]]. Vi ser nokre av bøkene han skreiv.|[[Bruker:Kallrustad|Trond Nygård]] (2014)}} | <onlyinclude>{{thumb|Arnfinn Engen utstilling.jpg|Minneutstilling om Engen på [[Gjøvik bibliotek|Oppland fylkesbibliotek]], [[Gjøvik]]. Vi ser nokre av bøkene han skreiv.|[[Bruker:Kallrustad|Trond Nygård]] (2014)}} | ||
'''[[Arnfinn Engen]]''' (fødd [[12. november]] [[1944]] på [[Dombås]] i [[Dovre kommune|Dovre]], død [[14. juni]] [[2014]] på [[Lillehammer]]) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om [[Gudbrandsdalen]]. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i [[Oppland]], og i 2013 vart han heidra med [[Kongens fortenestmedalje]] i sølv.</onlyinclude> | '''[[Arnfinn Engen]]''' (fødd [[12. november]] [[1944]] på [[Dombås]] i [[Dovre kommune|Dovre]], død [[14. juni]] [[2014]] på [[Lillehammer]]) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om [[Gudbrandsdalen]]. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i [[Oppland]], og i 2013 vart han heidra med [[Kongens fortenestmedalje]] i sølv.</onlyinclude> |
Sideversjonen fra 5. feb. 2022 kl. 01:57
Arnfinn Engen (fødd 12. november 1944 på Dombås i Dovre, død 14. juni 2014 på Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv.
Utdanning og yrkesliv
Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare kombinerte han forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet.
Lokalhistorisk aktivitet
Arnfinn Engen gjorde ein betydeleg innsats for lokalhistoria, særleg i Gudbrandsdalen. Han var styremedlem og leiar for Fåberg og Lillehammer historielag, styremedlem for Norsk Fjellmuseum i Lom, Norsk Utvandrermuseum i Hamar, Maihaugen, leiar for De Sandvigske Samlingers Venner, Opplandsarkivet og Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen.
Forfattarskap
Arnfinn Engen hadde eit omfattande lokalhistorisk forfattarskap. Han var eineforfattar for Gausdal bygdehistorie b. 4: Endring og oppbrot 1830-1914 (1988) og medforfattar for Dovre bygdabok bd. 1-4 (2003-07) og Gards- og slektshistorie for Heidal bd. 1-2 (2011-12). Han skreiv òg fleire populærfaglege bøker om kulturvern- og lokalhistoriske tema (sjå lenke til BIBSYS). Han var redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen 1979-81 og 1999-2006, Dovrebygde, årbok for Dovre historielag 2009-2012 og Fåberg og Lillehammer, årbok for Fåberg og Lillehammer historielag.
Arnfinn Engen har òg skrive 34 artiklar på Norsk biografisk leksikon.
Kjelde
- Dødsannonse i Aftenposten 18. juni 2014.
- Arnfinn Engen i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
- CV på heimesida til Bruket forlag, henta juni 2014 (død lenke 2018)
- Oppland fylkeskommune si heimeside: «Kongens sølv til Arnfinn Engen» (publisert 15.11.2013).
- Publikasjonar registrer på BIBSYS (Oria)