Arnfinn Engen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Minneutstilling om Engen på Oppland fylkesbibliotek, Gjøvik. Vi ser nokre av bøkene han skreiv.
Foto: Trond Nygård (2014)

Arnfinn Engen (fødd 12. november 1944Dombås i Dovre, død 14. juni 2014Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv.

Utdanning og yrkesliv

Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare kombinerte han forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet.

Lokalhistorisk aktivitet

Arnfinn Engen gjorde ein betydeleg innsats for lokalhistoria, særleg i Gudbrandsdalen. Han var styremedlem og leiar for Fåberg og Lillehammer historielag, styremedlem for Norsk Fjellmuseum i Lom, Norsk Utvandrermuseum i Hamar, Maihaugen, leiar for De Sandvigske Samlingers Venner, Opplandsarkivet og Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen.

Forfattarskap

Arnfinn Engen hadde eit omfattande lokalhistorisk forfattarskap. Han var eineforfattar for Gausdal bygdehistorie b. 4: Endring og oppbrot 1830-1914 (1988) og medforfattar for Dovre bygdabok bd. 1-4 (2003-07) og Gards- og slektshistorie for Heidal bd. 1-2 (2011-12). Han skreiv òg fleire populærfaglege bøker om kulturvern- og lokalhistoriske tema (sjå lenke til BIBSYS). Han var redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen 1979-81 og 1999-2006, Dovrebygde, årbok for Dovre historielag 2009-2012 og Fåberg og Lillehammer, årbok for Fåberg og Lillehammer historielag.

Arnfinn Engen har òg skrive 34 artiklar på Norsk biografisk leksikon.

Kjelde