Arnfinn Engen: Forskjell mellom sideversjoner
(→Kjelde: gjer om til HBR-lenkje) |
m (Teksterstatting – «[[Kategori: » til «[[Kategori:») |
||
Linje 22: | Linje 22: | ||
{{DEFAULTSORT: Engen, Arnfinn}} | {{DEFAULTSORT: Engen, Arnfinn}} | ||
[[Kategori: Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori: Dovre kommune]] | [[Kategori:Dovre kommune]] | ||
[[Kategori: Lillehammer kommune]] | [[Kategori:Lillehammer kommune]] | ||
[[Kategori: Lokalhistorikere]] | [[Kategori:Lokalhistorikere]] | ||
[[Kategori: Bygdebokforfattere]] | [[Kategori:Bygdebokforfattere]] | ||
[[Kategori: Kongens fortjenstmedalje]] | [[Kategori:Kongens fortjenstmedalje]] | ||
[[Kategori: Fødsler i 1944]] | [[Kategori:Fødsler i 1944]] | ||
[[Kategori: Dødsfall i 2014]] | [[Kategori:Dødsfall i 2014]] | ||
{{F1}} | {{F1}} | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 19. nov. 2023 kl. 21:30
Arnfinn Engen (fødd 12. november 1944 på Dombås i Dovre, død 14. juni 2014 på Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv.
Utdanning og yrkesliv
Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare kombinerte han forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet.
Lokalhistorisk aktivitet
Arnfinn Engen gjorde ein betydeleg innsats for lokalhistoria, særleg i Gudbrandsdalen. Han var styremedlem og leiar for Fåberg og Lillehammer historielag, styremedlem for Norsk Fjellmuseum i Lom, Norsk Utvandrermuseum i Hamar, Maihaugen, leiar for De Sandvigske Samlingers Venner, Opplandsarkivet og Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen.
Forfattarskap
Arnfinn Engen hadde eit omfattande lokalhistorisk forfattarskap. Han var eineforfattar for Gausdal bygdehistorie b. 4: Endring og oppbrot 1830-1914 (1988) og medforfattar for Dovre bygdabok bd. 1-4 (2003-07) og Gards- og slektshistorie for Heidal bd. 1-2 (2011-12). Han skreiv òg fleire populærfaglege bøker om kulturvern- og lokalhistoriske tema (sjå lenke til BIBSYS). Han var redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen 1979-81 og 1999-2006, Dovrebygde, årbok for Dovre historielag 2009-2012 og Fåberg og Lillehammer, årbok for Fåberg og Lillehammer historielag.
Arnfinn Engen har òg skrive 34 artiklar på Norsk biografisk leksikon.
Kjelde
- Dødsannonse i Aftenposten 18. juni 2014.
- Arnfinn Engen i Historisk befolkningsregister
- CV på heimesida til Bruket forlag, henta juni 2014 (død lenke 2018)
- Oppland fylkeskommune si heimeside: «Kongens sølv til Arnfinn Engen» (publisert 15.11.2013).
- Publikasjonar registrert på BIBSYS (Oria)