Arnfinn Engen: Forskjell mellom sideversjoner
m (→Kjelde) |
(→Kjelde: retta lenke) |
||
Linje 16: | Linje 16: | ||
*Dødsannonse i ''[[Aftenposten]]'' 18. juni 2014. | *Dødsannonse i ''[[Aftenposten]]'' 18. juni 2014. | ||
*CV på heimesida til [http://www.arnfinn-engen.no/assets/docs/Arnfinn-Engen-CV.pdf Bruket forlag] | *CV på heimesida til [http://www.arnfinn-engen.no/assets/docs/Arnfinn-Engen-CV.pdf Bruket forlag] | ||
*[http:// | *[http://epi.oppland.org/Fag-og-tjenester/Kulturarv/Aktuelt-kulturvern/Kongens-solv-til-Arnfinn-Engen// Oppland fylkeskommune si heimeside: «Kongens sølv til Arnfinn Engen» (publisert 15.11.2013).] | ||
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/result?cmd=&kilde=biblio&q=%22Arnfinn+Engen%22 Publikasjonar registrer på BIBSYS (Oria)] | *[http://ask.bibsys.no/ask/action/result?cmd=&kilde=biblio&q=%22Arnfinn+Engen%22 Publikasjonar registrer på BIBSYS (Oria)] | ||
Sideversjonen fra 11. des. 2015 kl. 11:49
Arnfinn Engen (fødd 12. november 1944 på Dombås i Dovre, død 14. juni 2014 på Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv.
Utdanning og yrkesliv
Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare kombinerte han forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet.
Lokalhistorisk aktivitet
Arnfinn Engen gjorde ein betydeleg innsats for lokalhistoria, særleg i Gudbrandsdalen. Han var styremedlem og leiar for Fåberg og Lillehammer historielag, styremedlem for Norsk Fjellmuseum i Lom, Norsk Utvandrermuseum i Hamar, Maihaugen, leiar for De Sandvigske Samlingers Venner, Opplandsarkivet og Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen.
Forfattarskap
Arnfinn Engen hadde eit omfattande lokalhistorisk forfattarskap. Han var eineforfattar for Gausdal bygdehistorie b. 4: Endring og oppbrot 1830-1914 (1988) og medforfattar for Dovre bygdabok bd. 1-4 (2003-07) og Gards- og slektshistorie for Heidal bd. 1-2 (2011-12). Han skreiv òg fleire populærfaglege bøker om kulturvern- og lokalhistoriske tema (sjå lenke til BIBSYS). Han var redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen 1979-81 og 1999-2006, Dovrebygde, årbok for Dovre historielag 2009-2012 og Fåberg og Lillehammer, årbok for Fåberg og Lillehammer historielag.
Arnfinn Engen har òg skrive 34 artiklar på Norsk biografisk leksikon.
Kjelde
- Dødsannonse i Aftenposten 18. juni 2014.
- CV på heimesida til Bruket forlag
- Oppland fylkeskommune si heimeside: «Kongens sølv til Arnfinn Engen» (publisert 15.11.2013).
- Publikasjonar registrer på BIBSYS (Oria)