Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Greverud vel 25-års jubileum i 1946 ble feiret på grendehuset Fjelltun, Myrvoll i Oppegård, Nordre Follo kommune.
Foto: Digitaltmuseum.no
NEG 228 Store begivenheter - fest og markering er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2009 med tittel Store begivenheter - fest og markering. Utsendar var Norsk etnologisk gransking og Gjestestuene. Denne spørjelista er sendt ut i samanheng med NEG 4 Baking frå 1947 og NEG 37 Høgtidsmat – årsfestar og NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar frå 1953.   Les mer …

Lekebiler. Ukjent år.
Foto: Narve Skarpmoen
NEG 208 Leketøy er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2005 med tittel Leketøy. Utsendar var Norsk etnologisk gransking.   Les mer …

Dåpslue sydd av Eva Dybdahl, Seljord.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen
(2017)
NEG 46 Barnestell 2 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1954 med tittel Barnestell i eldre tid - omsorg og stell med småbarn fra dåpen til lekealderen. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Denne spørjelista er sendt ut i samanheng med og utfyller NEG 45 Barnestell 1.   Les mer …

Fjølfele bygd av Johannes Berven i tolvårsalderen, ca. 1911.
Foto: Olve Utne
(1995)
NEG 6 Folkelige musikkinstrument er ei av spørjelistene til Norsk etnologisk gransking. Den vart sendt ut i 1947 med tittel Folkelige musikkinstrument. Leif Løchen og Rigmor Frimannslund. Det vart i 1947 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 6t Folkelege musikkinstrument. Svara til tilleggslista er arkivert under NEG 6 Folkelige musikkinstrument.   Les mer …

Godfred Gullaksen vaskar klede om bord i «Sversling».
Foto: Ukjent. Bilete frå Fedje og folket.
NEG 197 Menn og husarbeid er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2003 med tittel Menn og husarbeid. Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Inngangen til Folkemusikkarkivets kontorer
Foto: Siri Johannessen

Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og ligg på Rysstad i Valle kommune. Arkivet er for Agder fylke og er samlokalisert med Setesdalsmuseet og har i tillegg til arkiv og administrative rom eit lytte- og studierom for publikum. Den daglege leiaren er Harald B. Knutsen. For å leve opp til måla og retningslinene søkjer arkivet å kome i kontakt med dei som har gamalt eller nytt materiale som kan bli kopiert og på den måten verte bevart for ettertida.

Agder Folkemusikkarkiv har eit frittståande styre på tre medlemmer som er oppnemnde av fylkesrådmennene i Aust- og Vest-Agder. I åra 2006 - 2010 var kultursjefen i Aust-Agder, Per Norstrøm, leiar medan dei to andre medlemmane var Anne Tone Hageland (fylkeskultursjef i Vest-Agder) og Leiv Solberg (ansvarleg for folkemusikktimen i NRK, tidlegare leiar for Arendal kulturhus).   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar