Forside:Geitbåter

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 26. apr. 2012 kl. 13:17 av Olve Utne (Samtale | bidrag) (Ny side: {{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Geitbåter
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl.
Foto: Olve Utne
(18. juni 2011)

Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Sunnmørsk fjøringfar teikna av Hans Strøm og attgjeve i Søndmørs Beskrivelse (1762).
Fjørmannsfar (jf. islandsk fjögramannafar og færøysk fýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse (1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring.   Les mer …

Gressetgeita er ein fyring av aurgjeldstypen.
Foto: Olve Utne
Ein fyring (med kort y), òg kalla firing, er ein båt med fire par årar. Namnet blir særlig bruka om geitbåtar og åfjordsbåtar. I samband med årfjordsbåter blir namnet (stor)fyreng òg bruka om båter med fem par årar i nyare tid. Fyringen var den minste havbåten og i likheit med femringen vart han tradisjonelt gjerne bruka som linebåt. Han kunne òg fungere som føringsbåt ved behov. Innover på 1900-talet vart åfjordsfyringane ofte bruka til fiskeoppkjøp og salting på Hitra og Frøya. Åfjordsfyringar kunne òg ha løfting, eller avtakbar «hytte». Dei mindre fyringane hadde løftingen midtskips, og så var det rom til sjøbørnar frammi og atti. Storfyringane hadde gjerne løftingen atti.   Les mer …

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne
(2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Hemne kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i Trøndelag òg.   Les mer …

Lagsnaustet og lagsbåten Havhesten, ein geitbåt-honnfemring.
Foto: Olve Utne
(juni 2017)
Kystlaget Geitbåtens Venner er eit kystlag med base på Tustna i Aure kommuneNordmøre. Laget vart stifta den 10. april 1991 — da med 14 tustningar som medlemmar. I ettertid har laget vakse til kring 50–60 medlemmar med medlemmar frå Sør- og Midt-Noreg. Laget fikk tomt på området til Kråksundet notnaust og sjøbruksmuseum, og dei har bygd eit nordmørsk stavlinenaust på 8×12 m som vart ferdigstilt i mai 1998.   Les mer …

Melfæringen «Glomstadgeita» under segl.
Foto: Olve Utne
(18. juni 2011)
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les mer …

Geitbåtfæring med asymmetrisk råsegl.
Foto: Olve Utne
Eit lårsegl eller asymmetrisk råsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og skråstilt . Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk. I Noreg blir asymmetriske segl tradisjonelt bruka på nordvestlandsbåtar, og da særleg på nordfjordsbåtar, snidbetningar og geitbåtar. På Nordmøre blir dette seglet ofte kalla geitbåtsegl. Seglet er elles utbreidd på Island, i Skottland og England, i Frankrike, der det blant anna er typisk for luggeren, og i Spania, der det er typisk for barcoluengo. Seglet blir dels sett som ei vidareutvikling av råseglet, dels som ei avkappa utgave av latinarseglet.   Les mer …
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Geitbåter
ingen underkategorier
 
Andre artiklar