Åseral sogelag i Åseral kommune i Agder vart skipa 24. april 1991. Føremålet er mellom anna «å arbeida for at alt av historisk interesse innan laget sitt arbeidsområde blir teken vare på og verna om - å vekkja, auka og spreia interesse for, og kunnskap om Åseral si soge». Laget samarbeider med andre sogelag, med Agder historielag og Landslaget for lokalhistorie. Laget utgir eit årsskrift. Anne Tone Hageland var den første leiaren. Arna Berg overtok i 1994 og er det fortsatt (pr. 2019). Laget har 56 medlemar (2019). Les mer …
Samnanger historielag i Samnanger kommune i Midthordland vart skipa 27. januar 2000. Laget «har til føremål å fremja interessa for lokalhistorie og kulturvern og skal arbeida for å ta vare på det som har historisk verdi for Samnanger».
I 2019 hadde historielaget 140 medlemar, av dei var det 21 familiemedlemskap. Les mer …
|