Funn frå Gausel vart vist fram i Stavanger same året som dei vart funne. Annonse frå Stavanger Amtstidende og Adresseavis.
Gausel-dronninga er nytta som nemning for ei kvinne gravlagt med rikt utstyr på garden Gausel i noverande Stavanger. Grava er frå midten av 800-talet e. Kr. (vikingtid). Samuel S. Gausel fann i 1883 ein liten gravhaug medan han arbeidde med steinrydding. Han tok bort ein del stein og oppdaga eit murt kammer med dekke av tre heller. I grava låg ei rekkje gjenstandar. Samuel Gausel samla opp tinga og gav dei til ein smed, som igjen selde dei til Bergens Museum for 70 kr. Museet bad Gausel om å freista å finna fleire gjenstandar i grava. Ytterlegare nokre fragmenterte ting kom for dagen, før grava blei fylt igjen. Konservator Tor Helliesen ved Stavanger Museum registrerte fornminne i området rundt 1900. Det var då ingen synlege spor etter grava, men han fekk påvist omtrent kvar ho hadde vore. Les mer …
Venstre del av antependiet i Volda kyrkje Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år Kunstvevaren Birte Oline Flote (1866 – 1952) voks opp på garden Flote i Folkestadbygd i Volda kommune. Ho viste tidleg interesse for veving og alt som knytte seg til dette. Gjennom skolering og eige arbeid utvikla ho seg til ein kunstvevar på høgt nivå. Ho kom til å bety mykje for husflidsarbeid i samtid og i ettertid, i Volda og mykje vidare. Les mer …
Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune. Kyrkja har 800 sitjeplassar og det er kyrkjegard ved kyrkja.
Natta til 7. april 1929 brann den trekyrkja som stod her før ned. Arbeidet med planlegging av ny kyrkje kom fort i gang, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Han laga fleire utkast, men det vart strid om ho skulle byggast i tre eller stein. I april 1930 bestemte soknemøtet at det skulle vere stein. Konstruksjonen er i betong med upussa gråstein som ytterkledning. Les mer …
Åfjordbåten kystlag er en del av Åfjordsmuseet, Åfjord kommune i Trøndelag. Organisasjonen har som mål å ta vare på tradisjonene som er knyttet til Åfjordsbåten. Laget ble stiftet 1990 og er medlem av Forbundet KYSTEN. Laget har 11 medlemmer (2012). Styreleder pr. 2022 er Terje Tørhaug.
De har et anlegg i Kuringvågen, som er kjent som et meget godt ankringssted. På vinterstid ligger lokale båter i hvile ved flytebrygga, og i sommerhalvåret er det mye besøk av båtturister som overnatter. I tillegg til anlegget i Kuringvågen har kystlaget et eget verksted for båtreparasjoner. Les mer …
|