Valet til Riksforsamlinga 1814

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Valet til Riksforsamlinga 1814 var det fyrste demokratiske valet i Noreg. Det vart gjennomført i februar og mai 1814, med prestegjelda og byane som valkrinsar. Alle mannlege embetsmenn, borgarar, jordeigarar og -brukarar og soldatar over 25 år hadde røysterett. Dette er langt frå seinare ideal om allmenn røysterett, men i 1814 var det meir inkluderande enn det ein fann i dei fleste andre land. I Nord-Noreg rakk dei ikkje å gjennomføre valet i tide til å vere med på RiksforsamlingaEidsvoll, men dei enkelte prestegjeld heldt val.

Bakgrunn

Med Kielfreden av 14. januar 1814 vart bandet mellom Noreg og Danmark brote. Kong Frederik VI abdiserte som konge av Noreg, og statthaldar Christian Frederik tok styringa i Noreg som regent. Han prøvde fyrst å verta eineveldig konge, men dei norske stormennene godtok ikkje dette. I staden ville dei velje kongen, og lage ei grunnlov. Christian Frederik godtok dette, og stilte seg i spissen for opprøret.

For å kunne skrive grunnlova og velje ein konge måtte ein ha ei representativ forsamling, og det vart gjennom ope brev frå Christian Frederik innkalla til val.

Valordninga

Kvart prestegjeld valde to valmenn som vart sendt til ei amtsforsamling. Ein av dei to skulle vere bonde. På amtsforsamlinga valde dei tre representantar mellom valmennene. Av desse skulle minst ein vere bonde. I Mandals amt og Råbyggelagets amt valde dei to bønder.

I byane valde dei to valmenn frå kvart sokn, som så møttes og valde ein representant. Kristiania, Kristiansand og Trondheim fekk to representantar, medan Bergen fekk fire. I dei små byane med berre eit sokn vart representanten vald direkte av kyrkjelyden.

Dei militære avdelingane valde to valmenn, ein offiser og ein soldat. Desse vart så samla i hovudavdelingane, som valde ein offiser og ein soldat som representant til Riksforsamlinga.

Resultata frå dei enkelte val skulle sendast inn i form av ei adresse og fullmakt til regent Christian Frederik. I adressa skulle prestegjeldet gje valmennene fullmakt til å møte på amtsforsamlinga, og til å møte i Riksforsamlinga om dei vart vald som representantar for amtet. I adressene finn ein ofte hyllingar av regenten og anna som kyrkjelyden ville formidle. I andre høve eigentleg ikkje nokon adresse, berre ein fullmakt. Adresse og fullmakt skulle underskrivast av embetsmennene og av tolv «aktverdige menn» frå prestegjeldet.

Valet vart ikkje gjennomført etter reglane i alle prestegjeld. I Råbyggelagets amt valde dei to valmenn frå kvart sokn; til dømes sendte Bygland prestegjeld heile åtte valmenn til amtsforsamlinga. Eit anna døme på avvik er Sund prestegjeld, der dei ikkje valde nokre valmenn. I staden gav dei fullmakt til dei tre frå amtet, utan å sjølve vere med på å velje dei.

Gjennomføring

Valdagen skulle vere på ein særskild bededag den 25. februar. Ikkje alle prestegjeld klarte å gjennomføre dette, så valet vart mange stader gjennomført i mars.

Før valet måtte kyrkjelyden avlegge ein sjølvstende-ed. Dei måtte sverje på «At hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Dei fleste prestegjeld bekrefta i adressa til regenten at dei hadde avlagt eden. Så vart sjølve valet gjennomført. Det var ikkje gitt nokon klar instruks om korleis ein skulle gjere det. I nokre adresser går det fram korleis menigheten gjorde det. Ein ser at i nokre høve var det soknepresten som utpeika valmennene, og dei som hadde røysterett gav sin tilslutning. I andre hadde dei hemmeleg val med ei urne på alteret, eller ope val med handsopprekking.

Nord-Noreg

I Nord-Noreg kom brev om valet for seint fram. I Nordlands amt vart det aldri gjennomført nokon amtsforsamling. Det siste valet der vart halde den 1. juli i Ofoten. I Finmarkens amt vart det halde amtsval den 1. august, og dette var reikna som val til Stortinget.

At dei heldt val så seint som i juli skuldast dels at dei ikkje visste kor lenge Riksforsamlingas forhandlingar ville vare. Så lenge det ikkje hadde kome brev om at forsamlinga var oppløyst hadde dei et håp om å få vere med.

Valkrinsar

Her følgjer ei oversikt over dei ulike valkrinsane, det vil seie prestegjeld og sokn på landet, sokn i byane og militæravdelingar. For ei oversikt over dei som vart vald, sjå den sorterbare lista over medlemmer av Den Grunnlovgivende Forsamling. For valmenn frå kvar einskild krins, sjå artikkel om valet der ein slik finst. Det er ei målsetjing å få på plass artiklar om valet i alle einskilde krinsar.

Byene

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Arendal Arendal kirke 11. mars Arendal kommune
Bergen Stiftamtmannens gård, Bergen 14. mars Bergen kommune
Domkirkens menighet i Bergen Bergen domkirke 11. mars Bergen kommune
Korskirkens menighet i Bergen Korskirken 11. mars Bergen kommune
Nykirkens menighet i Bergen Nykirken 11. mars Bergen kommune
Tyskemenigheten i Bergen Mariakirken 24. mars Bergen kommune

Akershus amt

Valkrins Lokale Dato Dagens kommune/kommunar
Akershus amt Ellingsrud 17. mars Akershus fylke
Oslo kommune
Aker prestegjeld Gamle Aker kirke 25. februar Oslo kommune
Asker prestegjeld Asker kirke 25. februar Asker kommune
Bærum kommune
Aurskog prestegjeld Aurskog kirke 25. februar Aurskog-Høland kommune
Eidsvoll prestegjeld Eidsvoll kirke 25. februar Eidsvoll kommune
Enebakk prestegjeld Enebakk kirke 25. februar Enebakk kommune
Fet prestegjeld Fet kirke 25. februar Fet kommune
Gjerdrum prestegjeld Gjerdrum kirke 25. februar Gjerdrum kommune
Hurdal prestegjeld Hurdal kirke 25. februar Hurdal kommune
Høland prestegjeld Høland kirke 4. mars Aurskog-Høland kommune
Kråkstad prestegjeld Kråkstad kirke 25. februar Ski kommune
Nannestad prestegjeld Nannestad kirke 4. mars Nannestad kommune
Nittedal prestegjeld Nittedal kirke 25. februar Nittedal kommune
Nes prestegjeld Nes kirke 25. februar Nes kommune
Nesodden prestegjeld Nesodden kirke 25. februar Nesodden kommune
Oslo (Gamle Oslo) Oslo Hospitals kirke 25. februar Oslo kommune
Skedsmo prestegjeld Skedsmo kirke 25. februar Skedsmo kommune
Lørenskog kommune
Sørum prestegjeld Sørum kirke 25. februar Sørum kommune
Ullensaker prestegjeld Ullensaker kirke 25. februar Ullensaker kommune
Vestby prestegjeld Vestby kirke 25. februar Vestby kommune
Ås prestegjeld Ås kirke 25. februar Ås kommune

Landstyrkene

Valkrins Lokale Dato
Akershus ridende jegerkorps Oberstløytnant Nilsons kvarter, Christiania 12. mars
Akershus skarpskytterregiment Kongsvinger festning 17. mars
Artilleribrigaden Stabskvarteret, Christiania 22. mars
Bergenhusiske infanteriregiment Helje i Spydeberg 31. mars

Kjelder