Årstalsliste for Austevoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunevåpenet

Årstalslista for Austevoll er under arbeid. Innhaldet gjev ei oversikt over sentrale hendingar, stader, personar, verksemder og anna i kommunen frå dei eldste tider og fram til i dag. Lista er ikkje fullstendig, og ho vil bli supplert og vidareført. Årstalslista vil dessutan få ei ny utforming med bilde, kart, statistikk, avisutdrag og anna som kan illustrera innhaldet. Meininga er at det med grunnlag i lista, skal skrivast artiklar som utdjupar det som er nemnt her. Bakgrunnsstoff til artiklane kan ein mellom anna finna i bibliografien til Austevoll. Til saman vil dei leksikale opplysningane og artiklane utgjera eit nettbasert oppslagsverk om kommunen si historie. Årstalslista er plassert på Austevoll kommune si forside.

Forslag til endringar, tillegg, utbygging m.m. er velkomne.


Førhistorisk tid

  • Det er gjort 10 000 år gamle ulike lausfunn på fleire av øyane
  • Gravhaugar frå steinalder, bronsealder, jernalder og vikingtid registrerte
  • Tre svært fint utforma steinøkser frå midten av steinalderen, ca. 4000 f. Kr., funnen på Kalvenes på Selbjørn. Øksene er truleg lagde i myra som offergåve
  • 30 plassar med steinalderfunn på Stolmen
  • 10 000 år gamle buplassar på Stolmen
  • Utgraving av fem buplassar i 1999 på Haugland på Huftarøy og ein på Storholmen der vegtraseen til Austevoll-bruene går. Tuftene er frå eldre steinalder til jernalder. Funnlista finn du her
  • Gravrøys frå bronsealderen på Kongsarfjellet på Selbjørn
  • Fleire gravrøyser frå yngre steinalder eller tidleg bronsealder og bygdeborg frå folkevandringstidaMøkster
  • Steinsirkel på Blænes på Huftarøy datert til jernalder
  • 18 meter lang langrøys frå bronsealder ved Solesvik på Huftarøy
  • Rundrøys med ein diameter på 10 meter frå bronsealder ved Solesvik på Huftarøy
  • To klebersteinsskåler frå høvesvis eldre og yngre jernalder funnen på Valhammar på Stolmen
  • Klebersteinsbrot fleire stader på Lunnøy og Stolmen (Grotkloven)
  • Kvinnegrav frå vikingtida (750-1030) på Toranger på Hundvåkøy opna i 1910. Funn av vevskei, sauesaks, sigd, nøkkel, oval bronsespenne, snellehjul, ljåsteinar, vevlodd og reiskapar av kvalbeinrestar
  • Tre sigdar frå yngre jernalder funnen i ei myr på Storebø på Haftarøy. Truleg offergåve
  • Vikingtidsgarvhaug opna på Hufthammar på Huftarøy i 1958 av arkeolog frå Bergens Museum

Middelalderen

Mellom 1108 og 1111
1100-/1200-talet
1220
1240
1300-talet
1360

1500-talet

1500-talet
1510-1520
Altarskåpet i Sandtorv stavkyrkje laga i Nederland
1519
Tiendepengeskatten innført. Dei fleste navnegardane i Austevoll betalte denne skatten
1563
  • Jens Stoelsundt dreiv handel og utrustning av skip i Stolmevågen
1590
  • Slutten av 1500-talet: Hollandske skuter kjøpte hummar og laks i Stolmavågen. Hollendarane lærte fiskarane på dei ytre øyane å fiska hummar og krabbe med teiner.

1600-talet

  • Bergenske borgarar dreiv fiske- og hummarhandel med hollandske, engelske og skotske skuter i Stolmavågen.
  • Bergensborgaren Didrich Messing (fødd 1615, død ca. 1690) slo seg ned på Våge på Stolmen og dreiv jordbruk, gjestgiveri, kremmarhandel og ein omfattande fiske- og hummarhandel med hollendarar, skottar og engelskmenn i Stolmavågen.
  • Røykstove bygd på Hufthamar, i 2014 restaurert bygning på Hufthamartunet
1626
  • Kvalvåg var fiskevær med handel og gjestgjeveri
1626
  • Kremmarhandel, gjestgiveri og kipparstove i Stolmevågen
1630-åra
1634
1635
  • Kyrkja på Sandtorv flytt til Hundvåkøy
1645/1646
1650 (ca.)
1668
  • Kremmarsete og skjenkjestove på Bakkasund (Nautøya)
  • Kremmarhandel i Klepsvik
  • Kremmarsete på Salthella
1693

1700-talet

1701
1703
  • Austevollfiskarar innblanda i strid om et nytt fiskeagn
1720
  • 29. april: Norsk losvesen oppretta. Losstasjonar på Stolmen, Møkster og Kalve
1723
1740 (ca.)
1745 (ca.)
  • Kompassrose med ein diameter på 56 cm hogd inn i fjell på Nautøy ved Storekalsøy. Nytta som hjelp i kystnavigasjonen, for losane, for gjestgjevaren på øya og inngjekk under Napoleonskrigane i den optiske telegrafen.
1760
  • Krohald og gjestgjeveri i Bakkasund
1765
  • Rasmus Johannesen Uglenes/Sandtorv omgangsskulelærar i Austevoll sokn
1769
  • Folketalet 1265
1770-åra
  • Stolmarane begynte med brugdefangst. Dreiv dette fisket til omkring 1900.
  • Thor Larsen Backe (f. 1739) fann den gode fiskeplassen, som vart kalla Torsnubb, vest for Storekalsøy. For dette fekk han diplom og sølvkrus frå Kong Christian VII.
1778
  • Sørvik på Stolmen vart skattelagt kastevåg med 5 riksdalar
1791

1800-1850

1801
  • Folketalet 1592
Ufredsåra 1807-1814
  • Mange losar og fiskarar frå Austevoll tekne til fange av engelske krigsskip. Fleire sat i fengsel (i prisonen) i England i opp til fem år
  • Optisk telegraf eller signalflaggstasjonar, som eit ledd i kystforsvaret, oppretta på Stolmen, Litlekalsøy, Møkster, Horgo og Storekalsøy.
1808
  • Stor- og vårsilda kom igjen etter å ha vore borte i nærmare 40 år.
1815
  • Folketalet 1574
1820-åra
  • Store sildeinnsig og mange store landnotsteng i Austevoll
1825
  • Folketalet 1770
1835
  • Folketalet 2101
1836
1837
  • Sund og Austevoll oppretta som kommune. Kommunen hadde fire sokn: Sund (hovudsokn), Fjell, Austevoll og Møkster
1845
  • Folketalet 2222
1846
  • Første moderne kilenot (laksenot) med botn teken i bruk på Stolmen. Rasmus Brandesund frå Bømlo lærte stolmarane å bruka denne nottypen som avløyste varpenota/sitjenota.
1849

1850-1900

1858
  • Dei første notlaga til Island på prøvefiske etter sild utrusta frå Bergen og Ålesund. A. A. Hille frå Austevoll leia notlaga.
1855
  • Folketalet 2493
1860-åra
  • Ishus på 325 kvm reist i Stolmavågen av Handelshuset Samuel R. Groom & Sønn frå Stavanger.
1865
  • Første fastskule på Stolmen i bruk
  • Folketalet 2698
1867
1868
1870
1874
1875
  • Folketalet 2856
1876
1877
1879
  • Ny skule på Stolmen
1879-1885
  • Den første perioden med drivgarnsfiske på Island. Fleire båtar frå Austevoll deltok
1880
1881
1882
1883
  • Landhandlar, dampskipsekspeditør og krigsfange Abelone Møgster fødd. Døydde i 1975.
1886
  • Austevoll eigen kommune, skild ut frå Sund
  • Ole Strømme (1856-1940) første ordførar frå 1886-1901
1887
1888
  • Jan Pettersen (1863-1914) kjøpte handelsstaden Kvalvåg
  • Austevoll residerande kapellani
1890
1891
  • Austevoll kyrkje på Storebø stod ferdig. Gamlekyrkja på Hundvåkøy seld på auksjon
  • Landhandel oppretta i Kvalvåg av Jan Pettersen. Leverte proviant til fiskeflåten.
  • Peder Halvorsen Kleppe opna landhandel på Bakholmen.
1892
1893
  • Hippen Landhandel på Storebø oppretta som filial av Jan Pettersen frå Kvalvåg. Overtatt av Olai H. Storebø. Landhandel i 1914, og seinare av Wilhelm Notnæs.
  • Hippen Landhandel på Bahus på Storekalsøy oppretta som filial av Jan Pettersen frå Kvalvåg. Overtatt av Arne Kalve i 1916.
1894
1895
1896
1897
  • Olaf Halstensen kjøpte handels- og gjestgjevarstaden Bekkjarvik.
  • Ole og Karina Halstensen oppretta Bekkjarvik landhandel.
1898
  • 1. oktober: Torangsvåg postopneri etablert. Nedlagt ?
  • 1. Oktober: Vinnesvåg postopneri etablert. Nedlagt ?
  • Bekkjarvik kapell stod ferdig
  • Knut Taranger oppretta assortert landhandel i Torangsvåg. Nils Leknessund overtok butikken i 1928. Nedlagt 1991. Torangsvåg handel oppretta som eit aksjeselskap i 1991, men vart nedlagt 2006.
  • Anders Larsen Rostøen opna landhandel på Rostøy. Overtatt av sonen Lars i 1927. Utvida med proviant til fiskeflåten og bunkringsanlegg.
  • Vågholmen fyrlykt i drift.
1899

1900-1950

1900
  • Frå (ca.) 1900: Dei første Austevoll-skutene deltok i torskefiske og drivgarnsfiske etter sild på Island.
1901
  • Skulehus på Gauksheim
  • Korsfjorden Felleslosing skipa
  • Sju telegrafstasjonar oppretta i kommunen: På Hundvåkøy, Møkster, Selbjørn, Stolmen, Storebø, Storekalsøy og Søreide.
1902
1903
  • Utprøving av snurpenot i sildefisket på Island
  • Hevrøy skule i bruk
  • Det første ungdomshuset i kommunen stod ferdig på Stolmen
  • Landhandel oppretta i Krosshamn. Handelen flytt til Sandtorv 1948
1904
  • Landhandel oppretta i Torangsvågen av Marie Taranger. Nedlagt i 1930-åra
1905
  • Nils Vinnes oppretta Klippen Landhandel i Vinnesvåg. Nedlagt 1939
1907
1908
  • Kristian Heiberg Christophersen oppretta landhandel i Tuftevika på Rabben
  • L. O. Waage. Landhandel oppretta på Stolmen. I 1932 overtatt av Elfryda Waage under namnet L. O. Waages Enke. Landhandel. Nedlagt i 1953
  • Sigurd Heiberg Christophersen opna bakeri i Tuftevika på Rabben
1909
1910
1912
1913
1914
1915
  • 15. januar 1915: Eido brevhus opna. Nedlagt 1. mai 1964
  • 15. januar: Kolbeinshamn brevhus opna. Nedlagt 1. mai 1964
  • Første landpostrute opna: Storebø-Austre Storebøvågen-Kolbeinshamn-Haukanes-Eido
  • Austevoll eige legedistrikt
  • T. O. Fagerbakke. Landhandel oppretta i Fagerbakkevågen. Avvikla på 1950-talet. Skipsproviant, sildesalteri, omsetning av fisk, hummer og krabbe
  • Hans Olai Olsen Salthellen opna landhandel på Salthella. Nedlagt 1916
1916
  • M/S Falken den første dampdrivne snurparen i kommunen
  • Arne Kalve. Landhandel kjøpte handelsstaden Bahus på Bakkasund av Jan Pettersen frå Stolmen. Dreiv assortert landhandel, sildesalteri, selde kol og bunkers og utstyr til fiskeflåten.
  • Toranger slipp og mekanisk verksted oppretta i Torangsvåg under namnet Austevoll Mekaniske Verksted
  • 1. september 1916: Salthella brevhus og postopneri oppretta. Postopneri frå 1. oktober 1919. Nedlagt 1. mai 1969
1918-1919
1919
1920
1921
1922
  • Landhandel oppretta på Austevollshella av Olai Østervold. Nedlagt 2008.
  • Første statstilskot til vegar i Austevoll
1923
  • Drøna skule i bruk
  • Nils N. Aarland overtok landhandelen i Kvalvåg etter Jan Pettersen
1924
1925
1926
1927
1928
1929
  • Vinnes skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
  • Vestbø Ass. Landhandel opna på Storebø av Nils Olai Nilsen. Leverte proviant til fiskeflåten
1930
  • Folketalet 3559
  • Skjergardsruta mellom Hjellestad og Austevoll kom i gong med gods- og passasjerbåten M/S Falken.
1931
1932
1933
1934
1935
  • Storebø skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
  • Magnus Larsen ordførar 1935-1937
1936
  • Drivenes, Gauksheim og Trolandshamar skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
  • J. Taranger skipsrederi og agentur oppretta i Torangsvåg.
1937
  • Drøna skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
  • Ny skulebygning på Stolmen
  • Regjeringsforbod mot å bruka motor i berre ein av notbåtane/dorryane. Forbodet oppheva 1943 etter sterkt press frå notfiskarane.
  • Klepsviks Barkeri A/S oppretta av Hellemann Klepsvik på Storekalsøy. Barking, nothenging, reparasjon og montering av nøter
  • J. Taranger. Skipsrederi oppretta på Torangsvåg. Handel, bergingsverksemd, sildesalteri. Rutebåtekspedisjon
  • Ingvald Tveit opna assortert landhandel i Heimark
1938
  • Kolbeinsvik skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
  • 15. mai: Kalve brevhus opna. Nedlagt 1. april 1967
  • Det store sildekastet på Sørvik på Stolmen, 12 000 hektoliter stengd med landnot
  • Salomon O. Fagerbakke ordførar 1938-1945
1939
  • Hevrøy, Horgo, Selbjørn, Storekalsøy og Sandtorv skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
  • Den nybygde gods- og passasjerbåten M/S Skjærgaard vart sett inn i ruta mellom Hjellestad og Austevoll. Båten var bygd i Forlandsvåg i Sund kommune, og i 1943 ferdig ombygd og forlengd i Sagvåg på Stord. Båt og mannskap blei overtatt av tyskarane og var i tysk teneste resten av krigen.
  • Kvalvåg Landhandel A/S oppretta av Nils Aarland. Seinare overteken av Herlaug Aarland
1940-1945
  • Olav Drønen (f. 1914) dreiv motstandskamp under heile krigen frå mai 1940.
  • Johannes Kalve (1919-20??) med i Shetlandsgjengen frå 1942. Kalve hadde 41 turar med torpedobåten mellom Norge og Shetland. I tillegg fleire turar med fiskebåtar. Høgt dekorert.
  • Anders Merkesdal (f. 1917) frå Kolbeinsvik. Merkesdal hadde 59 turar mellom Norge og Storbritannia frå 1942, dei fleste med motortorpedobåt. Var med i Shetlandsgjengen
  • Abelone Møgster (1883-1974) arrestert 25. juni 1942 og sendt til Tyskland for motstandsarbeid på Møkster.
  • Lars Rostøen (f. 1902) og kona Birgitte Rostøen dreiv motstandsarbeid 1941-1942. Lars arrestert 1942 og sat i Sachenhausen til 1945.
  • Torkjell Rostøen (f. 1917) frå Rostøy, befalsutdanning frå England, med i kommandostyrke som dreiv sabotasje mot tyske anlegg i Norge, mellom anna Sagvågraidet
  • Øyvind Skåtun frå Storebø oppretta illegal lyttestasjon på Loddo ( i Skåtunshola) saman med bergensaren Per Johannessen
  • Trygve Thorsen (f, 1915) frå Storekalsøy med i dei innleiande kampane i aprildagane 1940
  • M/K Sjølyst gjekk fleire turar med flyktningar mellom Shetland og Austevoll
  • 17. mai 1940: Per Klepsvik frå Storekalsøy rodde ein 15 fots oselvar til Skotland saman med Johannes Baldersheim frå Bømlo. Turen tok fire døgn og sju timar
  • 8. juni 1940: Dei første tyskarane kom til Stolmen for å setja i gong bygging av radarar
  • 21. august 1941: M/B Kolbjørn til Orknøyane med ni austevollingar om bord
  • Januar 1942: Nordlys frå Fitjar til Skotland med austevollingar som leiarar i marinens teneste
  • 26. april 1942: M/B Sjø med fire flyktningar frå Austevoll til Storbritannia
  • 21. september 1941: M/S Sjølivet frakta 17 personar til Shetland.
  • 23. september 1941: M/S Sund I frakta 24 personar til Orknøyane.
  • Frå 1942: Motstandsreir på Drøna.
  • 1942: Ubåtjagarane/torpedobåtane Hitra, Vigra og Hessa kom frå USA. Jagarane gjorde 109 turar over Nordsjøen utan tap. Mange austevollingar mannskap på båtane. Utførte fleire oppdrag i Austevoll.
  • Jula 1943: Kong Haakon 7. fekk juletre frå Hestavika i Austevoll. Frakta til England med torpedobåten Hitra
  • 4. juni 1944: M/K Njaal til Shetland. Fleire turar over Nordsjøen
  • 7. Mars 1945: M/S Havøy frå Stolmen til Shetland med sju personar om bord
  • 11. april 1945: M/S Heimly frå Storekalsøy til Shetland. Sju ettersøkte bergensarar ombord
  • 21. april 1941: Engelsk fly skote ned under luftkamp over Austevoll. Vraket og tre døde flygarar funne på Drøna
  • Tyske lyttestasjonar på Stolmen. Store anlegg med opp til 600 tyskarar på øya
  • Motstansgruppa Eksport- og importgruppe Milorg Bergen og omland heldt til i Tuftevika på Selbjørn. Organisert frå Bergen. Stod for transport av personar til Shetland, våpen og anna krigsmateriell tilbake.
1941
1942
  • 2. klasse kystskipperskule på Selbjørn
1943
1944
1946
1947
  • Haugesund Dampskipsselskaps M/S Landanes i rutetrafikk Stavanger-Bergen gjennom ytre lei i Austevoll. I opplag frå 4. mai 1964
1948
1949
  • Kvalvåg landhandel overtatt av Herlaug Aarland
  • Aslaug Berntsen opna landhandel på Litlekalsøy

1950-2000

1950-åra
  • Kontor på Salthella for innmelding av vårsild
  • Sildemottak i Bekkjarvik og Åsakummen på Rabben
  • Dei første hesteslåmaskinane i bruk
1950
  • Folketalet 3916
  • Austevoll fekk distriktslege med bustad på Selbjørn. Emil Moe den første.
1951
1952
  • Fugløy fråflytt
  • 1952: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) leigde rutebåten M/S Skjærgaard i den såkalla Stolmaruta.
1953
1955-1957
  • 2. klasse kystskipperskule på Stolmen
1955
  • 8. mars: bedehus på Selbjørn
1957-1964
1957
  • 27. august: Storebø grendahus teke i bruk
1958
1958-1962
  • Dei fleste småbruka lagt ned
1960
1961
1962

1952 (?): Thomas Jacobsen opna landhandel i Fagerbakke. Overtatt av Johannes Tøkje i 1960. Nedlagt 2022

1963
  • M/S Drivenes første snurpar i Austevoll utstyrt med kraftblokk og ringnot
  • 19. desember: Austevoll tok i bruk nytt heradshus
1964
  • 1. januar: Søre Selbjørn (Gnr. 66-70) og Søre Huftarøy (Gnr. 59-65) under Austevoll. Tilhøyrde tidlegare Fitjar
  • HDSs M/S Tonjer i passasjer- og rutetrafikk mellom Haugesund og Bergen gjennom Austevoll ytre lei. Reservebåt frå 1968
  • Ringnotfiske etter sild og makrell begynte i Nordsjøen
1965
1966
1967
  • Første HSD-bussrutene oppretta på Huftarøy
  • Huftar idrettslag stifta. Skifte namn til Austevoll idrettsklubb 11. juni 1992
  • Austevoll flest ringnotsnurparar i landet. 10 % av den norske ringnotflåten, 39 til saman
1968-1972
  • Kombinasjonen småbruk-fiske med nokre få unntak borte
1968
  • Ferjesambandet omgjort til ferjerute frå Halhjem
  • Skjergardsruta med M/S Skjærgaard lagt ned.
  • 31. mai: HSDs M/S Eidfjord i gods- og passasjertrafikk i Austevoll og Fitjar. Ut av drift i 1973
1969
1970
1971
1972
1973
  • Første snøggbåtrute, passasjer- og godsførande westamaran mellom Haugesund og Bergen i Ytre Austevoll, driven av HDS
  • Om sommaren sette HSD inn snøggbåten Tedno i indre lei
  • Storebø mekaniske verkstad etablert
1974
  • Skulen og kyrkja på Storekalsøy brann ned
1975
  • Njål Møgsters fabrikksnurpar Møksterfjord den første av dette slaget i landet
  • A/S Austevoll Fiskeindustri i drift
  • A/S Austevoll ferjeselskap oppretta
  • Ferjerutene Kvaløy-Barmen og Stolmen-Salthella oppretta
  • Fastlandssmbandet sin nye ferjestopp på Krokeide
  • Ringnotsnurparen Wimi frå Stolmen redda 108 passasjerar frå den havarerte snøggbåten Sleipner nord for Haugesund. Mannskapet på Wimi tildelt Carnegies heltemedalje
1976
1977
1978
1979
1980-åra
1980
  • Folketalet 3929
  • 11. februar: Selbjørnbrua opna
  • 1. mai: Westamaranen Haugesund omdøypt til Tjelden og samordna snøggbåtruta i Austevoll og Sunnhordland
  • Nynorsk liturgi innført i kyrkja
  • Sjøtroll AS oppretta
1981
  • Austevoll utbyggingsselskap kontraherte dei to første supply-skipa saman med Austevoll Supply A/S (seinare DOF)
  • Austevoll møbel etablert
  • Laco AS oppretta
1982
1983
1984
  • District Offshore (DOF) etablert
  • North Sea Shipping AS oppretta
  • Andre bind avAustevoll-soga kom ut: Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt II. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad.
  • 10 000 år gamle steinalderfunn gjort på Stolmen
  • Oljekatastrofe i Nordsjøen kledde strendene i Austevoll med råolje. Oppreinskingsaksjon.
  • Kommunevåpenet i Austevoll godkjent: fire sølvsild på skrå oppover mot venstre mot ein blå bakgrunn.
  • Blænes Bygg A/S oppretta. I 2014 Byggeriet.
1985
1986
  • Tredje bind av Austevoll kultursoge kom ut: Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Utgjevar: Austevoll herad.
  • Hallvard Møgster Krf ordførar 1986-1989
1987
1988
  • 16. desember: Austevoll fiskarlag stifta. Var ei samanslåing av fiskarlaga på Hundvåkøy, Huftarøy og Selbjørn. Seinare kom fiskarlaga på Stolmen (1990), Litlekalsøy (1994) og Storekalsøy (2000) med
1989
1990
1991
1992
1993
  • Siste brislingbruk avvikla
1994
1995
1996
1998
1999
  • 16. oktober: Bakkasundbrua opna
  • Utgraving av seks buplassar frå eldre steinalder til jernalder på Haugland. 14462 funn.

Etter 2000

2001
2003
2006
2007
2008
2009
2010
  • Dronning Sonja avdukar bautaen Sildajento i Bekkjarvik
  • Austevoll Mållag gjenoppretta
2011
  • Folketalet 4680
  • Austevoll på fjerdeplass på næringslivstoppen i landet, rangert av NHO
2012
2013
2014
2015
  • 28. januar: Folketalet i kommunen: 5000.
  • Ørjan Johannessen verdsmeister i kokkekunst - Bocuse d' Ors
2016
2023
  • Hotellet Beckerwyc opna


Kjelder og litteratur

  • Asphaug, Arne (red.): Næringsvegane i Austevoll 1866-1890. Sund kommune 1997, 128 s. ill. Digital versjon på Nettbiblioteket
  • Avisene Aftenposten, Bergensavisen, Bergens Tidende, Dagbladet, Dagen, Gula Tidend, Marsteinen, Morgenavisen, Nationen, Sunnhordland
  • Dyngvold, Finn: Krigen og Austevoll. Stord 1980
  • Dyngvold,Finn: «Posten skal fram. Spreidde glimt frå vår postsoge.» I Marsteinen 25. september 1986
  • Dyngvold, Finn og Trond Hagenes: Eit lite øysamfunn i Den store krigen 1939-45. Austevoll forlag AS. Storebø 2015
  • Eide, Arne: Austevoll kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1891-1991. Storebø 1991. 54 s. ill
  • Eide, Arne: Bekkjarvik kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1898-1998. Storebø 1998. 79 s. ill
  • Eide, Arne: Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1892-1992. Storebø 1992. Storebø 1992. 83. s. ill
  • Ellingsve, Eli J.: Finn et fyr, Tapir Akademisk forlag, 2009
  • Ertresvaag, Egil: Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Frå 1914 til i dag. Bind 5. Bergen 2001.
  • Fiskerisogekalender for Austevoll. Utg. av Selbjørn fiskerisogelag. 1995-2014
  • Folketeljingane frå 1769 til 2011
  • Gloppen, Helge: «Austevollingen var først med not». I Marsteinen 23. desember 1999.
  • Halstensen, Inge: «Norsk sildefiske på havet 1885-2005.» (Skriven som ei orientering til ei utstilling av fiskbåtmodellar på Fiskerimessa i Trondheim i 2006.) Trykt i Fiskerisogekalender for Austevoll – 2007.
  • Halstensen, Inge m. fl.: Bekkjarvik – et kremmerleie gjennom 350 år. K. Halstensen A/S 1897-1997. Bekkjarvik 1997. 190 s. ill
  • Halstensen, Inge m. fl. (red.): Austevoll. Bergen 1977. Upaginet. Ill
  • Haugland, Karl Johan: Hal’an kara. Brødrene Birkeland fiskebåtrederi. Storebø 2008. 209 s. ill.
  • Haugland, Karl Johan: Hufthamartunet. Upaginert hefte
  • Helland, Amund: Topografisk-historisk-statistisk beskrivelse over Søndre Bergenhus amt. Norges land og folk, bind 12. Kristiania 1896. (Om Austevoll s. 416-433)
  • Hovland, Kari Shetelig: «Makrelldorgefisket 1884-1914». I Sjøfartshistorisk årbok 1985. Bergen 1986
  • Hovland, Kari Shetelig: Norske islandsfiskere på havet. Bergen-Oslo-Stavanger-Tromsø 1985
  • Hovland, Kari Shetelig: Norske seilskuter på islandsfiske. Bergen - Oslo - Trømsø 1980
  • Høibo, Roy Annar: Jordbruk og fiske i Austevoll 1890-1920. Bergen 1977. Magisteravhandling i etnologi.
  • Høibo, Roy: «Jordbruk og fiske i Austevoll 1890-1920.» I Dugnad. Tidsskrift for etnologi, nr. 2 1977, s. 17-31.
  • Johansen, Karl-Egil: Men der leikade fisk nedi kavet. Fiskarsoga for Hordaland 1920-1990. Eide. Bergen 1989.
  • Kalve, Hallvard: «Losvesenet.» I Austevollsoga. Kultursoge I 1986, s. 426-450
  • Kalve, Peder: «Samferdselssektoren i gamal og nyare tid.» I Marsteinen 25. september 1986
  • Lokalavisa Marsteinen
  • Magnussen, Kristin (red.): Austevoll. Utg. av Austevoll Næringsråd 2007. 40 s. ill.
  • Magnussen, Kristin m. fl. (red): Fiskarfagskulen i Austevoll 25 år. Utg. av Fiskarfagskulen i Austevoll 2003, 35 s. ill
  • Magnussen, Kristin (red.): På butikken fekk me alt. Om handelsstader, landhandlarar og butikkar i Austevoll. Utgitt av Austevoll historielag 2018. 105 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
  • Manntalet 1701 for Søndre Bergenhus amt
  • Møgster, Harry og Eilert Munch Lund: Eventyret Austevoll - et sildeconvalley. Bergen 2016. 265 s.
  • Norsk Fiskeritidende. (http://catalog.hathitrust.org/Record/010308092) Utgjeve av Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme i tidsrommet 1882-1930
  • Stangeland, Magnus: «Det norske sildefiske ved Island.» I Fiskerisogekalender for Austevoll – 1996.
  • Stangeland, Oddvar: Litt om Sørvik og slekta Stangeland. Austevoll 2001. 215 s. ill
  • Stangeland, Oddvar og Truls Grung: The Happy Ship. DOF gjennom 25 år. 1981 – 2006. Bergen 2006. 206 s.
  • Stautland, Brynjar: Frå klondyke til katastrofe. Vestlandsk sildefiske på Island. Oslo 2002
  • Sydnes, Kristoffer: «Sunnhordlandstunet» (Om Stolmastova s. 4-5). I Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Ei utgreiding med vegvisar. Særprent av tidsskriftet Sunnhordland 1951.
  • Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv. Hordaland fylke. Bergen 1952. S. 491-500.
  • Tufteland, Johan (red.): Møkster sokn. Gard og ætt I. Austevoll 1978. 722 s.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll sokn. Gard og ætt II. Austevoll 1981. 752 s.
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll. Gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik kapellsokn. Austevoll 1991. 471 s.
  • Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Austevoll 1986. 484 s.
  • Tufteland, Johan, Leif Lind Pettersen og Carmen Gehrke Pettersen: Kvalvaag: Man and ocean. Stolmen 1975. Eigen utg. 165 s. Ill. Kart. Norsk utgåve ved Johan Tufteland: Kvalvåg. Et eldgammelt kremmerleie. 132 s.
  • Utne, Erling: «Stolmen skule – ei historie». Artikkel skriven for nettstaden Lokalhistorie i Austevoll
  • Våge, Nils Steinar: «Frå sild til Supply. Næringsutvikling i Austevoll kommune frå omkring 1950 til 2012». I Lokalhistorisk magasin nr. 1, 2012. Sjå óg http://www.lokalhistorie.no/lm/LM112.pdf
  • Våge, Nils Steinar: «Eit brotstykke av Stolmavegen si historie.» I Frå ferje til bru. Stolmen 1998
  • Våge, Nils Steinar: "Stolmavågen - frå 1500-talet til omkring 1900" I Rakved frå Austevoll. Lokalhistorisk årsskrift 2021, s.28-33.
  • Våge, Nils Steinar: «Stolmavågen si historie – frå omkring 1900 til 1960-åra». I Rakved frå Austevoll. Lokalhistorisk årsskrift 2022, s.18-29.
  • Våge, Nils Steinar: «Til havs med robåt og snøre». I Fiskerisogekalender for Austevoll - 2013
  • Wikander, Johan Anton: «Kompassrosen på Nautøy i Bakkasund». I Sjøfartshistorisk årbok 1997.