| Om Heimar og folk i Bykle
|
Heimar og folk i Bykle, band I.
Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.
Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden,
Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.
Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes. Les meir ...
|
|
|
| Smakebitar frå artiklar
|
Ryningen i andre halvparten av 1930-åra. Bilete frå Gerd Fosse Hovden.
Ryningen er den næraste garden på dette biletet av Skarg. I bakgrunnen ser ein Holen. Elveløpet vart lagd om i 1965, så biletet er teke etter det, men truleg fyre 1970. Skargjesåni grov ein heil del etter omleggjinga. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Ryningen er det austlegaste bruket i Tveiti i Bykle kommune. Av tunet syner nå berre att ei løe og nokre murar. Ryningen er truleg det yngste av bruka på garden, men også dette har nok vore fråkløyvd hovudbølet alt i høgmellomalderen. Etter Svartedauden sto det helst øyde til uti 1600-åra.
I bolken om den udela garden har me fortalt at Gunstein Ormsson sat i Ryningen frå ca 1647. I 1665 var han framleis her, og vert då sagt å ha vore 55 år. Me set opp fødselsåret hans etter denne oppgåva, sjølvsagt med alle dei vanlege atterhalda.
- Gunstein Ormsson Tveiten, f ca 1611, utflytt til Skafså fyre 1673
- g m Birgit Knutsdtr. Haugehåtveit, n 1673. Born, iallfall:
- Åsmund, g ca 1689 m Ingebjørg Olavsdtr. Byklum, n 1711, sjå nedanfor
- Gunhild (e.), g m Åvold, sjå nedanfor
- ?Gunhild (y.), d ca 1743, g m Knut Gunnarsson Nesland, sjå Neire Mosdøl, bnr 2 og 3
- Gunnulv, f ca 1658, n 1666 - 1711, ug(?), sjå nedanfor
- Mikkel, f ca 1662, n 1666, seinare lagnad ukj.
- Svein, f ca 1668, g m Bille? (= Birgit?), d 1731, sjå nedanfor, jfr. Attistog Gjerden, bnr 1
Birgit Knutsdotter var frå Haugehåtveit i Mo, Telemark. Foreldra hennes heitte Knut Knutsson og Mari Jonsdotter, fødd Bjåland. Les mer …
Systog Grasbrokke 20.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Systog Grasbrokke er eit bruk på Trydal i Bykle kommune. Dei fyrste som budde på denne staden, sette seg ned som husmannsfolk her litt fyre 1870. Dette var Åvoll Torleivsson Trydal og kona, Tore Eivindsdotter. Åvoll var son åt Torleiv Åsmundsson Stavenes i Nordstog Trydal og kona, Tore Åvollsdotter, medan Tore var dotter åt Eivind Ånundsson på Storstein og kona, Turid Kjetilsdotter.
I bolken om Nordstog Trydal er det fortalt at Knut Hallvardsson Hisdal i Der inne i 1867 fekk hand om det bruket, og at alle dei som hadde budd der etter dette laut finne seg ein annan verestad. Mellom desse var også Åvoll og Tore, som hadde budd som busetar og medbrukarar i Nordstog sidan dei gifte seg i 1857. Ettersom Åvoll vert kalla husmann då sonen Arne vart døypt i 1870, vil me tru at dei var på plass i Grasbrokke då.
Folketeljinga frå 1875 tyder også på at dei det året ikkje kan ha vore heilt nye på plassen, ettersom dei hadde ein sånad på 2 1/2 tunner jordeple og 5 kvartel bygg, noko som skulle svara til omlag 4 mål åker. Attåt stoga, som dei budde i, hadde dei i 1875 også rokke å få på plass eit uthus, ettersom dei sat med ei kyr, 4 sauer
og 5 geiter. Les mer …
Uppistog 31.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Uppistog, som ligg oppi bakken litt ovanfor og austanfor det gamle fellestunet i Tuptine i Bykle, dukkar fyrste venda opp i kjeldene våre på 1660-talet, nærare bestemt i 1666, då det vert meldt at der var ei fjerde og ei femte brukseining i Byklum, etter at det i fleire år hadde vore berre tre. Me har oppfatta det slik at dei «nye» bruka då var Lunden og Uppistog. Som me har vore inne på i bolken om Lunden, var det bruket ikkje nytt, men Uppistog tykkjest ha vore det.
Sivilingeniør Aasmund Drengsson Tveiten i Asker har skrive ei stor og god ættebok med tittelen Uppistog - garden under Brokkeskar, og generøst overlate oss ein kopi til bruk for bygdesoga. Me skal herme fleire stykke or henne, og elles har me heile vegen nytta Tveiten sine resultat til jamføring. På sume punkt har me tolka kjeldene noko ulikt, noko som førde til ei rekkje gjevande og interessante samrøder.
Om tunet og husa i Uppistog skriv Tveiten m.a. dette:
| Stogehus og lopt i Uppistog står på ein liten flate under bratte Brokkeskar. Det er såvidt plass til eit lite tun framfor huset.[...]. Loptet sto mest inntil årestoga og med gavl ut mot tunet. Loptet i Uppistog var heller enkelt, [... og ] er heller ikkje særleg gamalt.[...] Uthusa var sette på ein smal flate, eit stykke nedanfor stogehusa. Dette var einaste staden det var mogeleg å plassere hus, så her har [... dei] nok alltid stått. [...] flaten var så smal at det vart svært høge grunnmurar under fjos og tadde, og løa stod på høge honnsteinar på nedsida, medan veggene på oversida stod mest ned på bakken. [Uthusa] er borte nå. [Der dei sto ] er det lagt opp ei stor jordfylling, for å få snuplass til brøytebilane.
|
|
| Les mer …
Ørnefjødd 18.8.2005. Til høgre driftsbygning (oppført 1985) og reiskapshus (oppført 1983). Torgeir D. Bakken bygde desse husa. Til venstre: bustadhuset som Inger Elisabeth Bakken Haugarne bygde i 1987. Foto: Aanund Olsnes
Ørnefjødd i Bykle ligg i austenden av det gamle gardsvaldet til Vatnedalen. Om ein skal plassere han nøyare i terrenget, kan ein vel seia at vegen til Ørnefjødd går vestetter frå riksvegen like nord for Nordli, og at gardsvegen er omlag 2 km.
Om gardsnamnet skriv Olav Haslemo (h.oppgv. 1968, 78):
| Bruket har fått namnet sitt etter fjellet like ved. Namnet er samansett med ørn, f, jfr. gno. Ǫrn, m. Etter at namnet på fjellet hadde gått over til å verta namn på bruket, trongst det eit nytt namn på fjellet, som då fekk namn i relasjon til bruket; det nye namnet på fjellet vart Ørnefjøddnuten - også dette eit døme på «tautologisk» nylaging.
|
|
|
Stort meir er det ikkje å seia om dette, og me kan då gå over til oppsitjarane. Den fyrste som rudde og bygde her heitte Rikard Gunnarsson, og han kom hit på byrjinga av 1730-talet. Då han kaupte bruket hjå Olav og Jon Vatnedalen i 1747, vart det skrive inn i skøytet at han sjølv hadde rudt opp plassen sin frå rå rot. Men jamvel om han i fylgje skøytet kaupte Ørnefjødd «til Odell och Eigendomb» og betala 80 riksdalar, skulle han svara 1/2 dalar i året i leige til vatnedalsbøndene, står det. Les mer …
Halvor O. Breive var ein ivrig jeger. Her er han og tre kameratar rusta til jakttur. Frå venstre: Gunnar H. Brokke, Halvor O. Breive, Hallvard H. Brokke, Olav H. Brokke. Frå Setesdalsmuseet. Foto: Knut Jonsson Heddi
Bergland var ein bustadeigedom i Hovden sentrum, like attanfor Fjellgardstun. Det var Hallvor Olsson Breive som sette seg opp ei stoge her i 1951. Tomta vart formelt utskilt frå bnr 2 året etter. Halvor vart oppskriven som arbeidar då han døydde, og har vel då drive med slikt arbeid som var å få. Men i yngre år veit me at han dreiv som skinnhandlar og kreturhandlar og var partner i selskapet A/S Stavenes, Breive & Co i Kyrkjebygdi (sjå Solbakken, Byklum). Han var også sterkt engasjert i tamreindrifta, og leiar for Byklehei Reinsamlag A/S frå 1945 til 1954. Han var frå Breive Der uppe, og son åt Olav Alvsson på det bruket og kona Åshild Hallvardsdotter.
Hallvor Olsson Breive, f 1884, d 1963, ug
Vidare var det ein annan gamal arbeidsmann som budde her. Han hadde vore her i lag med Halvor i mange år, og Halvor hadde gjeve han rett til å sitje i huset livet ut.
Johan Andersen (Myrmo), f 1890, d 1972, ug Les mer …
«Ved Breivestølerne i Bykle» noterte fotografen August Abrahamson på dette biletet, som han tok i 1905 eller 1906. Grunnen til at biletet er greitt å datere, er at Ragna Abrahamson, kona hans, som sit mellom dei to andre kvinnene på biletet, har på seg same kleda her som på det sikkert tidfeste biletet som står i bolken om bnr 6. Dei andre avbilda personane er ikkje identifiserbare. Men det er då i alle høve eit godt bilete, og som me kjem til etter kvart meiner me at dei fyrste som budde fast på Breivassflotti heldt til på denne staden. Bilete frå Setesdalsmuseet. Breivassflotti er ein fjell- og heieigedom på kring 30.000 mål på austsida av Breivatnet. Opphavleg gjekk han ut frå Hovden, bnr 1, og er difor ført under gnr 2 i matrikkelen, men han har høyrt til Bjåen i meir enn 150 år.
Eigedomen var på handel fleire vender frå slutten av 1700-åra og frametter. Ein som åtte han eit bil, helst frå 1787 og heilt sikkert til 1806, var Olav Nilsson Husevoll, som me trur budde på Breivestøylane eit par-tre år, fyre han flutte åt Ørnefjødd i 1790. Ein kan lesa meir om han i bolken om det bruket. I 1797 drog han vidare til Innistog Løyland, og budde der då han selde Breivassflotti til Tjerand Tjerandsson på Hovden i 1806. Då Tjerand selde Hovden seinare same året, heldt han att Breivassflotti, så då den nye eigaren av Hovden selde vidare to år seinare, kunne han ikkje selje Breivassflotti avdi han ikkje åtte det. Omlag på denne tid, ein gong i åra 1807 til 1810, kom eigedomen i hendene på Øystein Hovdestad og Aslak Botne i Vinje, som i 1807 også hadde skaffa seg hand om Der sø og Nordgarden i Breive. Utan at me torer vera heilt sikre på det, tykkjest det sannsynleg at dei kaupte hjå Tjerand Tjerandsson. Les mer …
|
|
|
| Sjå også:
|
|
|
|
|
| Eksterne ressursar
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|