Samisk historie på Nordmøre og i Sør-Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Skor av komagtypen frå Ertvågsøya i Aure kommuneNordmøre.
Foto: Erlend Leirdal
Ein av dei karakteristiske «kulmagane» i Baggan på Tustna, jfr. sørsamisk bagkedh (‘svelle (om mage)’.
Foto: Olve Utne (2011)

Den samiske historiaNordmøre og i Sør-Fosen (i tydinga Agdenes/Snillfjord/Hemne-området og øyane utanfor) er foreløpig lite kartlagt. I 2006 vart det funne fire aernieh (sørsamiske eldstader) med tilhørande båassjoeh, så vel som bl.a. mange fangstgroper for rein ved Aursjøen i fjella mellom Sunndal og Lesja. Ulike skikt av trekolet i eldstadene er datert til ymse tidspunkt i perioden frå 600-talet til kring begynnelsen av 900-talet. Vi veit at det har vore sørsamisk reindrift i Trollheimen og på Fosenhalvøya i lange tider, og vi har òg dokumentasjon på reindrift kring Hemnkjølen og så langt vest som fjellområda mellom Valsøyfjorden i Halsa kommune og Bøverdalen i Surnadal kommune. I Aure og Smøla kommunar er det først og fremst i stadnamna at den samiske delen av lokalhistoria kjem til synes. På Veiholmen er det òg gjort éit vesentleg arkeologisk funn: ein vevspjelk eller vevkam i horn med typisk sørsamisk ornamentikk, stildatert til kring 1200—1500 evt.[1]

Arkeologi

Aursjøfunnet

Samisk offerstad på Finnstuheia i Aure kommune

Vevspjelken frå Veiholmen i Smøla kommune

Under hagearbeid ved huset sitt (bnr. 235 på Veiholmen) i 1980 fann Reidun Leonardsen ein gjenstand ned mot berget under kring ein meter jord. Gjenstanden er av horn, truleg av rein og har typisk sørsamisk geometrisk ornamentikk på øversida. Han er 19,2 cm lang med eit skaft med avrunda trekanta tverrsnitt, og i eine enden går skaftet ut i ein flatvoren trekant der det er restar av kraftige tindar. Det kan sjå ut som om gjenstanden er ein vevkam eller vevspjelk. I motsett ende av skaftet er det merke som tydar på at gjenstanden har vore festa til eit lengre skaft. Dette gjer at hovudhypotesen er at gjenstanden er ein del av ein vevspjelk.

Vevspjelkar i tre og metall er vanlege i ikkje-samisk skandinavisk kultur. Ein vevspjelk som vart funne på ein handelsplass frå vikingtida i Birka ved Stockholm er ikkje så ulik vevspjelkar frå nyare tid frå f.eks. Sunnmøre. Gjenstanden frå Veiholmen er ganske ulike desse vevspjelkane. Han er derimot mykje meir lik vevkammar frå begge sidene av Kjølen. Liknande vevkammar av reinhorn er funne i Vilhelmina kommun og på Murberget ved Härnösand.

Offerstader i Trollheimen

Dokumentasjon på personar og aktivitet

1600-talet

  • 1683, 5. august, kyrkjeboka for Meldal: Bap. Mikel finds Mikel.[2]
  • 1685, 19. juni, reiseskildring for Christian Vs noregstur: Dei møtte "de første Finner"Oppdal prestegard: eit eldre par "med et Rensdyr, som de medførte til at sælge om Morgenen."[2]
  • 1686, 16. februar,rapport frå futen i Orkdal framlagt på Ranumbs Seduanlige tingsteed i Oppdal tinglag: "(...) Niels Find, med sin qvinde Ragnhild Nilsdaater, sampt deris felleds Børnn. En dreng och 2de døttere, och desfotwden opholder sig hoss dennem Hans Sønn Lars Nielsen, med sin quinde Goullue Tomisdaatter, Er kommen fra Tydals fielde och Har verret Der udjwdj 2 aar: Men er nu Kommen til Opdal och Renneboe fielde for et aar sidenn, (...)"[2]
  • 1708, rapport frå Povel Resen, kongelig utsending til Finmarken: "For nogen tid siden da boede der Field-Lapper med mangfoldige deris Reensdyr udi de Fielde som ere beliggende Nord og Nordvest for Drifve Elf udi Opdalen (...) Nogen tid der efter Fattede sig nogle for-Vogne Personer af bøygden dend indbildning og Resolution, at det var hvercken Synd eller fare ved at bedrage disse i Fieldene boende Lapper deris godtz og Reinsdyr fra (...)" Men samane greidde å samle reinane sine att ifølgje Resen og fór "straxen af forbemte Fielde". Resen skriv òg at det deretter ikkje budde samar i desse fjella — eit vitnesbyrd som i den grad det er korrekt gjeld for dei siste åra av 1600-talet og til Resen skreiv sin rapport i 1707.[2]

1700-talet

Frå Surnadal prestegjelds ministerialbok: Dotter åt Alv Find frå Stangvika blir døypt i oktober 1762.
  • 1732, Ministerialbok for Tingvoll prestegjeld: Trolldomsprosess som bl.a. involverte ein strippende Fin (streifande same) med namn Tomes.
  • 1762, In Octb., Ministerialbok for Surnadal prestegjeld, 1750-1796: "Alv Find - fra Stanguigs, Hans Datter Ane[.] teſt. Lars Øye Ole Volden. Mad[...]Irgens Syver Sylte And[.] Volden" [3]
  • 1762, Fanger ved Trondhjem Tugthus 1751-1763, s. 22b: Karen Oles Datter, Find, Nordmørs Fogderie Smølens Tinglaug vart innsett ved Trondhjem Tugthus. [4]
  • 1786, februar, Ministerialbok for Surnadal prestegjeld, 1750-1796, s. 190: Find Barn Andreas Nicolaj blir døypt.

1800-talet

  • 1801
  • 1809
  • 1810
  • 1833
  • 1834
  • 1839
  • 1855
  • 1867
  • 1884
  • 1886
  • 1887

Lappekommisjonen av 1889

Alle sitat her er frå utgåva transkribert og bearbeidd av Anders Løøv.[5]

Erklæring No. 13

Føderaadsmand, John Monsen Gjersvold, 76 Aar gammel,
Engesvold i Hesjedal (Hessdalen):

4. I den senere Tid for en 10 a 12 Aar siden kom John Thomassen og en anden svensk Lap Jonas Johnsen hid. Hverken John Thomassen eller Jonas Johnsen var her længe, idet den Første flyttede til Kvikne- og Tolgafjeldene, og den anden til Surendalsfjeldene [Surnadalsfjeldene].

Erklæring No. 14

Føderaadsmand, Anders Christiansen Kjerringvold, 69 Aar gammel
Engesvold i Hesjedalen

Jonas Johnsen opholdt sig her kun i kort Tid, kanske et Par Vintre — han kom hid i Følge med John Thomassen. Jonas Johnsen skal nu opholde sig paa Surendalsfjeldene [Surnadalsfjeldene] vestenfor Meldalen.

  • Erklæring No. 15
  • Erklæring No. 56

Språk

Ei kokse i støa ved NordheimStabblandet.
Foto: Olve Utne

Enkeltord

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ord i dialekten på Nordmøre med muleg samiske røter inkluderer, etter grad av sannsynlegheit:

ræv, 'rev', sikkert fellesuralsk lånord, lånt frå samisk til nordgermansk generelt, jf. sørsamisk riepie;

i'm, 'kantnål, segl-/skinnål', sikkert uralsk lånord, jf. sørsamisk aejmie;

hivens, 'bra', jf. sørsamisk hijven;

ko’ks, ‘flatbotna småbåt’ (Tustna), sørsam. guksie (‘ause, trekopp’) (namnet blir bruka om småe båttypar fleire plassar i Nord-Norge òg);

gaffe, ‘person som gjer dumheiter og sosiale tabbar’ (Tustna), jf. sørsam. gaffa, goffe (‘dumming’) og gåffoeh (‘dum’));

jås(s) (Tustna[6], Aure[6], frå sørsam. jåasoeh, jåasa(h) (‘dum, tåpelig’), ordet har utbreiing nordafjells, det samiske ordet kan i sin tur ha samanheng med norrønt hjasi/hjæsi, 'hare';

møydde (Valsøyfjorden) / moidde (Aure) / moidd (Tustna) (‘fjordtorsk’, jf. lules. muojdde (‘sverm, skokk, stim’);

søtjo, ‘mygg’, jf. sørsam. sætnjoe (‘kløe’) og tjoere (‘insekt’)).

Regler

På Indre Nordmøre finst det både teljeregler med samiske trekk og eit «Finnfadervår» med variasjonar.

Å rekne på finsk

Rekneremsa finst i ein surnadals- og ein rindalsversjon:

Surnadal: Ennike, tvennike, trigede, figede, fogede, bondemann snogede, ellebukk, kellebukk, okti, kokti, kal, — use, luse, lakk.[7]
Rindal: Ennekke, tvennekke, trikerte, fikerte, okerte, fokerte, bondemainn, knokerte, ellebu, fellebu, kainnt, okt, kokt, kallemainn, vitt, æs, kæs, usi, kusi, lakk.[7]

Sjølv om det blir kalla å «rækkn på finsk», så er begynnelsen av desse reglene tydeleg basert på danske talord med dansk-klingande endingar som -ike og -ede. Men nokre ord uti skjer det ein gradvis transformasjon. Den siste delen av rindalsregla inneheld faktisk samiske talord:

Tal Sørsamisk Rindal Surnadal
1 akte okt okti
2 göökte kokt kokti
3 golme kallemainn kal
4 njieljie
5 vijhte vitt
6 govhte
7 tjijhtje
8 gaektsie æs kæs
9 uktsie usi kusi use luse
10 luhkie lakk lakk

Vi ser at det er godt samsvar mellom regla og sørsamisk ved 1, 2, 3, 5 og 10 i Rindalen og 1, 2, 3 og 10 i Surnadalen. Ved åtte (Rin.) og ni (Rin. & Srd.) er det òg samsvar, men tostavingsorda med konsonantgrupper i innlyd er omdana til rimande einstavingsordpar som samsvarar med tendensen til å sortere ord med vokalframlyd føre ord med konsonantframlyd i rimpar i regler. Elles bør det nemnast at endinga -ede ikkje berre assosierer til dansk preteritum, men òg til sørsamiske ordenstal.

Finnfadervåret frå Rindalen

Det finst to bevarte finnfadervår frå Nordmøre. Først skal vi sjå på versjonen frå Rindalen:

Patri nostri, , kvest uti sella, sant oppi seius, noa å vanna, trina tuom, felontius, sekrin seia, sekrin teia, vilt uti anna, yndigste bytting, ækting, mæssing, en seku la seku leron. Fammen.[7]

Det er ikkje mykje som minner om samisk i denne versjonen — men det er desto tydeligare at opphavet er latinsk, i tråd med kyrkjespråket føre reformasjonen i 1537, sjå samanlikninga nedanfor:

Rindal Latin
Patri nostri, kvest uti sella, Pater noster, qui es in cælis:
sant oppi seius, noa [...] sanctificetur, nomen tuum.
å vanna, trina tuom, Adveniat regnum tuum.
felontius, Fiat voluntas tua
sekrin seia, sekrin teia sicut in cælo et in terra.
[...] vilt uti anna, [...] Panem nostrum quotidianus da nobis hodie.
[...] Et dimitte nobis debita nostra
yndigste bytting, ækting, mæssing, [...] sicut et nos dimittimus debitoribus nostris.
[...] Et ne nos inducas in temptationem, sed libera nos a malo.
Quoniam tibi est regnum et potestas et gloria
en seku la seku leron. Fammen. in sæcula [sæculorum][8]. Amen.

Finnfadervåret frå Surnadalen

Versjonen frå Surnadalen er heilt ulik den på forvanska latin frå Rindalen:

Akk sjella mella dokk, sjella meisen. Gid sjeddu sjama, dam stakk i botten, gid sjeddu sjama, durra-durra dutt, sjaddu-sjaddu-sja. Ett snemmeli kusst, vente se pjatt. Donnikka mann, djevele pjata.[7]

Her kan vi — såvidt — kjenne att element frå den umesamiske bibelteksten frå 1811:

Surnadal Umesamisk (1811)
Akk sjella mella dokk, sjella meisen. Attje mijen, jukko leh almesne,
Gid sjeddu sjama, ailesen sjaddes to namma;
dam stakk i botten, påtes to rik;
gid sjeddu sjama, sjaddes to wiljo ko almesn, nau ai ädnamen naln;
durra-durra dutt, sjaddu-sjaddu-sja.
Ett snemmeli kusst, vente se pjatt.
Donnikka mann, djevele pjata.
mijen färten peiwen laipeb wadde miji udne;
ja luoite miji mijen laikoit andagas,
nau ko ai mije luoitebe mijen welkolatjita;
ja ale sislaide mijeb kättjelebmai;
walla warjele mijeb pahast.
Jutte to le rik, ja faomo, ja härlogwuot, ekewen aikai.
Amen.

Stadnamn

Norske namn som kan vise til samar og samisk næring

Namn på finn- og lapp-

Aure kommune: På vestsida av Skardsøya ligg garden Finnset (saman med Finnsetbugen og Finnsetstien), og noko lenger vest — på vestenden av Grisvågøya, ligg Finnstuheia. Finnfløa er ei grunne som ligg rett nordom Lesundøya. Anna enn at Finnfløa ligg mellom dei andre Finn-stadene i Aure, er det usikkert om namnet har bakgrunn i folke- eller naturforhold — men merk likevel muleg samisk opphav til stadnamnet Melkvik berre dryge 100 meter sørom Finnfløa. Ei gammal segn nedskriven av lærar og lokalhistorikar Knut O. Vik fortel om samar i samband med Skardsøya:

Det va en kall her så ette Vinter. Han spol en finn så dem trudd kunn å tråll, om en kunn få vekk vargjen på Skalsøyn. Ka finn svarra, veit æ itj, men varjen kom nå bort her ette di.

Namn på gam-

Namnet Gamsgrøa (òg Gamsgrøet) finst rett vestom Tjelle i Nesset kommune i Romsdal, og Gamsgrøvollen ligg kring midtvegs mellom Romfo og Gjøra i Sunndal kommune. Olav Rygh sett namnet Gamsgrø- i samanheng med namnet Ramsgrø- som finst lenger sør i landet. Ein overgang frå R til G i framlyd er heller uvanleg, men tanken at førsteleddet av eit samansett stadnamn på -grø skal vera eit planteslag er rimeleg.

(Vestre og Austre) Gammøyan er eit par holmar som ligg mellom Bremneset og Vågøya på yttersida av Frøya. Rett austom dei ligg Gammøytaren.

Namn på kåt-

Det einaste namnet i området som begynner med kåt- eller liknande er Kotlarsdårå i Todalen i Surnadal kommune. Namnet heng truleg saman med kåt i tydinga ‘munter’.[9]

Rein

Namn på Rein- kan ha fleire tydingar, deriblant dyret rein. I Aure kommune finst rein-namn langs grensa til Hemne kommune: Litl Reinsjøen ovom Kjørsvikbugen renn ut i Reinsjøelva. Ovom Litl Reinsjøen ligg det større vatnet som offisielt heiter Reinsjøen på Aure-sida og Rennsjøen på Hemne-sida. I lia mellom Årvågsfjorden og Åsgardvatnet ligg tjørna Reinvasstjønna. Ovom Åsgardvatnet att ligg Reinskara, og fjellet som offisielt heiter Åsgardfjellet blir òg kalla Reinskarfjellet, og attom to lange åsryggar på snaufjellet ligg Reinskarbotnen. I alle desse falla er namna knytt til langsmale, plogfor-aktige former, og det er truleg rimeligast å sette desse rein-namna i samband med åkerreiner heller enn reinsdyr.

I Halsa kommune ...

Namn med både norske og samiske ledd

Kuliberga ved Langholmen var gode fiskberg, jfr. sørsamisk guelie, ‘fisk’.
Foto: Olve Utne

Kuliberga nordaust på Langholmen er ei stort sett flat grunnfjellflate som har vore bruka til fiskberg, jfr. sørsamisk guelie (‘fisk’).

Møyslåtten er ei øy som hører til Golma der det vart drive utslått. Øya ligg kring 2 km utanfor Golmvågen i tildels ureint farvatn og kan til tider vera kronglut å komma seg til. Ut frå funksjonen og tilgjengelegheita er det rimeleg å tru at sørsamisk myöhtsese-sluehtie (avsidesliggjande utslått) kan liggja til grunn, der sluehtie i sin tur er eit samisk lån frå norrønt sláttr.

Det finst fleire namn på Melk- og Mjølk- på plassar i Aure kommune som ligg slik til at stølsdrift/mjølking ikkje verkar særleg truleg. Ein del av desse plassane ligg ved sjøen, og gjerne på plassar med ein tydelige «krok» i landskapsforma. Det sørsamiske ordet måelhkie tyder ‘krok, sving (f.eks. på en elv, vei)’. Slike plassar inkluderer Melkvik på Lesundøya; denne Melkvika er ei skarpvinkla vik som forøvrig ligg berre dryge 100 meter i luftlinje sørom Finnfløa. Melkvika under InnerbergStabblandet er mindre tydelig vinkelforma i seg sjølv med vår tids havnivå, men vinkelforma kjem tydelegare fram ved fem meters høgd over havet etter vår tids nivå. Mjølkenesbukta ved Vinsternesvågen er avgrensa i aust av eit nes som viser tilnærma rett vinkel ved 5–10 moh.

Namn på Dårdi- kan ha opphav i dåeries (sørsam. ‘tverr-’). Stadnamnet Dårdiheia finst to plassar på Nordmøre: Dårdiheia, eller den tverrliggjande heia på sørsida av Bårsetfjellet på Ertvågsøya i Aure kommune; og Dårdiheia i sørkanten av Kjerkjeberget i Tingvoll kommune.

Namn med berre samiske røter

Araboltan rett sørom Langholmen har, som andre arabolt-namn, truleg opphav i sørsamisk aaregen baalte, som tyder ‘attmed steinurda’ — her: attmed skjergruppa.

<googlemap version="0.9" lat="63.16559" lon="7.90000" zoom="15">63.16559, 7.90000, Golmvågen/Golmsundet</googlemap> Golma som stadnamn har truleg opprinneleg vist til området ved Golmvågen/Golmsundet, som er karakterisert ved tre (sørsamisk golme) forgreiningar — jamfør alle andre namn på Golm- og Gålm- som finst registrert i Noreg.

Utsikten nedover holegangen ved Nauthatten — eller Navth-haevtie?
Foto: Olve Utne

Nautan, sidan slutten av 1800-talet offisielt «Nordheim», er ein matrikkelgard som ligg i eit område særprega av langsmale former, inkludert Sagvikvatnet så vel som det langsmale høgdedraget frå Nauthatten til Trollskardhaugen. Namnet har truleg opphav i sørsamisk navte eller nåvte som tyder ‘skaft på grov reiskap’ (økse-, sleggje-), fleirtal navth eller nåvth. Nordenden av åsryggen er særprega av ei relativt stor hole på skrå ned i berget i den bratte austsida. Eit slikt hol blir kalla haevtie på sørsamisk, og det er grunn til å tru at Nauthatten kjem av sørsamisk Navth-haevtie eller Navti-haevtie.

Fotnotar

  1. S. 210 av Zachrisson, Inger: «Varför samiskt?», i Möten i gränsland : samer och germaner i Mellanskandinavien. Stockholm : Statens Historiska Museum, 1997.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Sitat henta frå: Mal:Gaukstad 1983
  3. Ministerialbok for Surnadal prestegjeld (nr. 595A01), 1750-1796, s. 106
  4. Fanger ved Trondhjem Tugthus 1751-1763, s. 22b.
  5. Løøv, Anders (transkr., bearb.): Lappekommisjonen av 1889 : del 1 : erklæringer som private personer har avgitt for lappekommisjonen om forholdene i nordre del av Hedmark, i Sør-Trøndelag og i Nord-Trøndelag sør for Stjørdalselva - Tevla. (Dovletje : kildeskrifter til sørsamisk historie; 1) Snåsa : Saemien Sijte, 1991. ISBN 8299252210
  6. 6,0 6,1 Jenstad, Tor Erik og Dalen, Arnold: Trønderordboka. Trondheim : Tapir, 1997. ISBN 82-519-1276-8
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Holten, Ola J.: «Finnfadervåret og finsk rekneramse frå Surnadal og Rindal», i Du mitt Nordmøre, 1977.
  8. in sæcula sæculorum er henta frå Gloria Patri.
  9. Iflg. Tor Erik Jenstad.

Kjelder

  • Stenvik, Lars F.: «En vevspjelk fra Veidholmen», i Årbok for Nordmøre 1981, s. 65–70.

Lenkjer