Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Tre generasjoner Lundstein, alle med lærerutdanning. Fra venstre Håkon, Morten og Martin Lundstein.
Foto: Ukjent (ca. 1950)

Martin Lundstein (født 24. februar 1872 i Etnedal, død 22. juni 1973 samme sted) var lærer i Etnedal i Valdres fra 1892 til 1937. Han hadde ei rekke tillitsverv og var blant annet bygdas ordfører 1926-28, innvalgt for Venstre. Lundstein var en flittig skribent, ikke minst som korrespondent for Decorah-Posten.

Han vokste opp i Etnedal, som sønn av skogsbestyrer Hans Lundstein. Martin Lundstein gikk amtsskolen i Valdres to vintre og tok deretter eksamen ved Asker seminar (1892). Lærerposten ved Lundstein skole, i hjemgrenda, var da ledig, og Lundstein reiste tilbake til Etnedal for å arbeide som lærer.

Lundstein ble en respektert mann i Etnedal, der han blant annet var overformynder, lagrettemann og skolestyreformann. Han satt i herredsstyret i periodene 1914-16, 1923-28, 1932-34 og 1938-40. I den siste perioden sin representerte han Bondepartiet. Også broren Johannes Lundstein var kommunepolitiker.  Les mer…

Lybekk er en gard i tidligere Lundstein skolekrets, Etnedal i Valdres (gnr. 126, bnr. 43 og 78). Stedet ligger litt sør for Lundebrua og har om lag 85 mål dyrka jord, 273 mål skog og 78 mål anna areal. Lybekk hørte opprinnelig til garden Lunde (bnr. 1), og er i 1900-folketellinga kalt husmannsplass. I andre kilder kalles Lybekk et forpakterbruk. Forfatteren Sigurd Lybeck (1895–1975) vokste opp her, og kjøpte garden i 1948 av Follum Fabrikker. Bedriften hadde sia 1889 eid Lunde. Stedsnavnet Lybekk er utbredt på østlandsbygdene. I Norske Gaardnavne tolkes navnet ofte som ei oppkalling etter hansabyen Lübeck. Dette kan også gjelde Lybekk i Etnedal, men her kan også beliggenheten i nærheten av elva Etna være en del av navnebakgrunnen.  Les mer…

Marit Iversdotter (fødd 17. august 1818 i Sør-Aurdal, død 10. desember 1883 i Nes i Hallingdal) var husmannskone, først i Sør-Aurdal i Valdres og så ved Nesbyen i Hallingdal.

Ho var dotter av husmann Iver Olsson (f. 1792) og Marit Mattisdotter (1794–1850), og vart fødd på Dølvesbergatn i Sør-Aurdal. Mora kom frå ætta på Dølve. Ole Ellingsson Dølve var tippoldefaren hennar, og faren Mathias Iversson Dølve var husmann på Dølvesbergatn. Ho vart døypt i Bagn kyrkje den 30. august 1818.[1]

Den 6. januar 1842 gifta ho seg i Bagn kyrkje med Paul Andersson Bakken (1821–1899), som var husmann på Skinrudbrøtin. Der budde dei fram til 1863. Marit og Paul fekk sju born:

Dei seks første borna vart fødde på Skinrudbrøtin. Men i 1862/1853 braut familien opp. Det var ei vanskeleg tid i Valdres, og mange utvandra til Amerika. Marit og Paul hadde nok ikkje råd til det, eller dei ville ikkje, men dei måtte finne seg ein anna stad å bu for å kunne fø på familien. Så dei gjekk over til Hallingdal, og slog seg ned på Stuvengen ved Nesbyen. Der vart den siste ungen, Margit, fødd i 1863.

Ein tid etter at dei kom til Hallingdal gjekk noko gale. Det er ikkje lett å få dokumentert historia, men folk i slekta fortel at Paul stakk av med ei anna kvinne. Dei gjekk i retning Bergen, og skal ha tenkt seg over til Amerika. Men lensmannen tok dei att, og Paul vart sendt heim til kone og ungar. I folketeljinga 1865 finn vi dei på Stuvengen med seks ungar.[9] Marit står under namnet Margit Johansdotter, men det er heilt klart ein feil i teljinga - ho levde framleis med Paul då ho døydde i 1883, for han er ført opp som enkemann då.[10] Det står òg at alle ungane unnteke Andreas var fødde i Nes, men kyrkjebøkene syner at dei seks eldste var fødde i Sør-Aurdal. Eldstedottera Sigri var ikkje der; ho tjente truleg på ein gard. Vi veit nemleg at ho var i live i 1865, og at hun var med til Hallingdal. For i 1871 gjekk det nok ein gong gale for familien, og denne gongen endte det særs tragisk.

Den 20. august 1871 sette tre ungdomar over Brommafjorden. Sigri og Johan – ho 24 år gamal og han 18 – skulle på fest saman med venninna Gunhild Halvorsdotter Moen. I kyrkjeboka for Nesbyen har presten skrive ned kva som hende i eit felles notat for dei tre i kolonna for dødsårsak: «20. aug. ved at roe over Brumma fra Børtnes Nordre til Løvigen i en daarlig Baad. De gjenfandtes Søndag 10. september».[11] Nett korleis dei hamna i vatnet veit ingen, men dei må ha vorte tekne av straumen sidan det tok tjue dagar før dei vart funne.

Marit døydde den 10. desember 1883 på Bakken i Nes, og vart gravlagd frå Nes kyrkje den 22. desember.[12] Paul gifta seg i 1884 for andre gong med ei Mari Johannesdotter, som ifølgje nokre skal ha vore den kvinna han stakk av med rundt tjue år tidlegare.

Referansar

Litteratur og kjelder