Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Erik Wilhelm Thommessen.
Foto: Forfatternett Oppland

Erik Wilhelm Thommessen (født 1946) er adjunkt og forfatter, bosatt på Fagernes i Nord-Aurdal kommune.

Som 30-åring flyttet han til Fagernes sammen med familien. Han forteller sjøl: «Mye av grunnen til det var den vakre naturen i Valdres. Vi hadde tidligere vært ivrige skogsvandrere, med ett og annet besøk over tregrensa. Nå ville vi videreutvikle fjellinteressen vår. Jeg vet nesten ikke noe sted i Norge som har slik variasjon i landskapet som Valdres.»

Etter få år i Valdres begynte Thommessen å sende turartikler, stoff om tindeferder o.l. til lokalavisa. Tidlig på 1980-tallet ble det snakk om å utgi dette stoffet i bokform, og siden har den ene turguiden etter den andre sett dagens lys.

Pr. 2007 har Erik W. Thommessen vært med på å utgi turguider til alle toppene over 2000 moh., dessuten til 100 fjell under denne «magiske» grensa. En egen turguide for Valdres har også kommet ut. Endelig har han redigert Valdres Veg- og Kartbok, som beskriver dalen fra bilsetet.

Thommessen sier at «mitt hovedpoenget med å skrive fjellbøker er å vise vei til vår fantastiske fjellverden. For at turbeskrivelsene ikke skal bli for tamme, har jeg hele tida prøvd å flette inn kulturhistorisk stoff. Hensikten er dermed at leseren skal få en totalopplevelse av naturen».

Bibliografi

  • Fører til tindene mellom Bygdin og Gjende, 1982.
  • Jotunheimen : turguide for fjellene mellom Bygdin og Gjende, Dreyer, 1985.
  • Jotunheimen : turguide Vågåvatnet - Gjende, Dreyer, 1987.
  • Valdres : turguide fra Vassfaret i sør til Jotunheimen i nord, Valdres, 1992.
  • Fra Rondslottet til Lodalskåpa : turguide til 2000-meterstoppene, Valdres, 1995.
  • Jotunheimen: turguide fra Galdhøpiggen til Falketind, Valdres, 1991.
  • Kremen av topper : 40 høge turmål i Sør-Norge, Valdres, 1997.
  • Kremen av topper . 2 : Siktlinjer og utsiktspunkter, Topografisk forlag, 1999.
  • Kremen av topper. 3 : Med et utvalg skogstopper, Topografisk forlag, 2001.
  • Norske kremtopper, Topografisk forlag, 2003.
  • Bygdin-Gjende : turguide til 2000-metertoppene, Topografisk forlag, 2005.
  • Galdhøpiggen-Falketind, Andresen og Butenschøn, 2006.
  • Glittertinden-Besshøe, Andresen og Butenschøn, 2007.

Annet

  • DNTs årbok for 2000: artikkelen «Blant jøkler, kyrkjer og pigger».
  • Fast leverandør av artikler om fjell til Eidsbugarden Budstikke og Valdresmagasinet, sporadisk til Fjell og Vidde.

Kilder og litteratur


05 Oppland vapen.png Valdres er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
  Les mer…

Islandsmoen
Alt. namn: Moen
Fyrst nemnd: 1751
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 48
Bnr: 12
Areal: 20 dekar innmark, 500 dekar skog

Islandsmoen er eit gardsbruk på matrikkelgarden Dølve i Sør-Aurdal. Bruket ligg på ei flat slette ved Islandselvi, og fekk opphavleg berre namnet Moen, og i bygda vert den formen framleis nytta.

Første gong bruket er nemnd er i 1751, då Arne Olson Dølve bygsla det bort til husmannen Gunnar Olson Dølve. Han hadde budd på Dølve sidan han gifta seg i 1739, og kan ha vore husmann på denne staden utan at vi veit noko om det frå kjeldene. Arne og Gunnar var forøvrig ikkje i slekt med kvarandra, i kvart fall ikkje i nær slekt.

Sidan 1909 har brukarane på Islandsmoen også hatt jord på Trudvang. På Islandsmoen er det kring 20 dekar dyrka jord, og med Trudvang er det totalt kring 50 dekar. Det ligg også rundt 500 dekar produktiv skog til bruket.

Det gamle tunet sto på søre Moe, der ein no finn Bagn Bygdesamling. Eit nytt tun vart reist lenger opp av Hans Person Tronrud i 1842. Der stoga hans, som var i to høgder, sto, er det i dag eit våningshus frå 1976. Gamlestoga vart i 1940-åra flytta til bygdesamlinga. Låven frå søre Moe vart flytta til det nye tunet, men vart seinare flytta attende til bygdesamlinga. Fleire av husa på bruket vart skadde då tyske fly sleppte bombar i berget ovafor garden i 1940.

Dølve skule står på Islandsmoen sin grunn.

Brukarar

gift 1739 med Ågot Håvardsdotter (d. 1800). Born ein kjenner:
  • Ola Gunnarson (f. 1739). Kan ha vore gift med Guri Olsdotter Søreng frå Søreng.
  • Tora Gunnarsdotter (f. 1744). Gift med Herbrand Tåmåson Steinsetre frå Steinsetereige.
  • Arne Gunnarson (f. 1751). Kan ha vore gift med Guri Hallvorsdotter frå Langedragseige.
gift 1764 med Gunhild Arnesdotter Dølve (1738–1808). Born:
  • Ola Ivarson (f. 1764), neste brukar.
  • Mari Ivarsdotter (1770–1800).
  • Arne Ivarsson (f. 1779). Gift med Anne Olsdotter Velingsrud frå Klauvrud.
gift med Gunhild Larsdotter Lundatn.
gift 1818 med Kari Hansdotter nedre Jukam (f. 1797). Born:
  • Hans Olson (f. 1819). Gift med Kari Knutsdotter Kyrkjebjørgo, til Plassen.
  • Tora Olsdotter (f. 1821).
  • Arne Olson (f. 1823).
  • Arne Olson (f. 1824).
  • Marit Olsdotter (f. 1826).
  • Ola Olson (f. 1829). Til Torpa i 1856.
  • Kristafer Olson (f. 1832).
gift med Gunhild Olsdotter Bagn.
gift med Marit Mikjelsdotter Torsrud frå Nørdre Roo. Paret dro til Amerika.
Gift 1833 med Marit Trondsdotter Bagnsbrøtin (1804–1893). Born:
  • Sesel Hansdotter (f. 1833). Gift med Arne Høljeson Koparvikbrenne.
  • Tøren Hansdotter (f. 1835). Gift med Anders Erikson nørdre Smedsrud.
  • Per Hanson (1837–1837).
  • Trond Hanson (1839–1915), neste brukar.
  • Siri Hansdotter (f. 1841). Gift med Knut Knutson Brubakklykkja på Liffengren.
  • Per Hanson (f. 1845). Gift med Gurine Pålsdotter Milevatnet. Til Klevenville i Wisconsin.
  • Hans Islandsmoen (f. 1859). Gift med Anne Dorthea Olsdotter Tåmåsbrøtin. Smed på Biri. Born:
gift 1866 med Ingebjørg Olsdotter Tamburgarden (1839–1928). Born:
  • Hans Islandsmoen (f. 1867), organist og telefonsentralstyrar Gift med Berte Marie Olsdotter Grøv. Sjå Knattvoll.
  • Martin Trondson Islandsmoen (1869–1918), neste brukar.
  • Ole Islandsmoen (1870–1939), kjøpmann i Sør-Aurdal og handelsreisande.
  • Olaus Islandsmoen (1873–1949). Grunnla Vest-Uppland folkehøgskule, medgrunnleggjar av Hadelandsmuseet og av Bagn Bygdesamling. Forfattar.
  • Kari Islandsmoen (f. 1875). Gift med Ole Andreas Arneson nørdre Øyhus.
  • Tonetta Islandsmoen (f. 1876). Gift med Herman Arneson nørdre Leitet. Tvilling med Marit.
  • Marit Islandsmoen (f. 1876). Gift med Ole Arneson Fønhus. Tvilling med Tonetta. Sjå Liffengren.
  • Sigrid Islandsmoen (1879–1881).
  • Sigurd Islandsmoen (1881–1964), musikar, komponist og folketonesamlar. Gift med Ragna Eker frå Gjøvik. Born:
  • Per Islandsmoen.
  • Randi Islandsmoen.
gift 1901 med Olea Reiersdotter Dølven frå Dølve (1880–1963). Born:
gift med Ingebjørg Kristoffersdotter Lundene, sjå Nørdre Kardatn. Born:

Litteratur og kjelder

  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind B Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leiskogen, Dølve og Hølera, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1988..
  • Dølven i folketeljinga 1801 for Aurdal prestegjeld frå Digitalarkivet, sjå nr. 25–29.
  • Islandsmoen i folketeljinga 1865 for Sør-Aurdal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Islandsmoen i folketeljinga 1900 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet.
  • Islandsmoen i folketeljinga 1910 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet.

Koordinater: 60.7842731° N 9.6007213° Ø

  Les mer…

Bjarne Bang (fødd 14. januar 1920, død 15. mai 1989) dreiv sportsforretning i Bagn. Han var innehavar av ei samling bilete etter Kristine Thorsrud.

Han er forfattar av boka Bagn og Bangslekta, utgitt 1988.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Valdres er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!
Advarsel: Standardsorteringen «Bagn, Bjarne» tar over for den tidligere sorteringen «THOMMESSEN; ERIK WILHELM».  Les mer…