Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar

Hisdalgardane i Bykle kommune ligg innpå heia vestanfor Otra, i dalen mellom Hisdalsfjøddet i nord og Dipleåsen i sør. For å koma hit lyt ein taka ein veg som går søretter langs austsida av elva frå Moen i Trydal. Etter ein snau km kryssar ein Otra, kliv opp den bratte Hislii og held fram vestetter. Omlag ein km frå brua finn ein Lisle-Hisdal, og eit par km lenger inn ligg dei to bruka Store-Hisdal og Der uppe.

Av desse tre bruka var det berre Lisle-Hisdal som etter gamalt låg i Bykle. Denne eigedomen høyrde til Der inne i Trydal, og var plass under det bruket inntil han vart matrikulert til eige bruk i 1888. Store-Hisdal høyrde derimot til Løyland og Dale i Valle, og var sameige mellom desse gardane. I samband med fyrearbeidet til 1838-matrikkelen vart plassane i Store-Hisdal skilde ut frå dei to gardane som eigne einingar, og fekk sidan bnr 5 og 6 under Dale. I 1854 vart oppsitjarane sjølveigarar. I 1925 vart grensa mellom Valle og Bykle revidert. I denne samanhengen vart Lisle-Hisdal tildela gnr 20 bnr 1, medan dei to bruka i Store-Hisdal vart overførte frå Valle til Bykle, og gjevne bnr 2 og 3 under gnr 20.   Les mer …

Vang 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vang i Bykle ligg i breidd med Berg på motsett side av vegen. Eigedomen vart utskilt frå bnr 11 i 1926, samstundes med Berg.

Seljaren var Svein O. Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut J. Breive. Knut var oppvaksen i Breive Der inne. Mora var Margit Torbjørnsdotter Breive, faren heitte Jon Sigvaldsson Vå.

  • Knut Jonsson Breive, f 1889, d 1968
g 1924 m Margit Jonsdotter Byklum, f 1904, d 1988. Born:
  • Alv, f 1924, g m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Åse, f 1926, busett Kristiansand, ug., d 1990
  • Margit, f 1929, g m Per Bolager, Sauherad, busett Kristiansand
Margit Jonsdotter var frå Kosi, Byklum, gnr 14, bnr 28. Foreldra hennes var Jon Knutsson Nesland på det bruket og kona, Åse Arnesdotter, fødd Byklum.   Les mer …

Fådapen i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Fådapen i Bykle ligg like ovanfor bnr 4 Juvet, og er eit hyrne som vart utkløyvd frå Juvet i 1914, og matrikulert same året. Landskylda vart sett til 6 øre. Ettersom det vart dela ifrå Juvet og ligg tun i tun med det eldre bruket, vert det ofte omtala med namnet Evre Juvet.

Men det andre bruksnamnet er meir kulturhistorisk interessant, og fortener difor ein merknad. Ein fådape er ein dam med bortimot stilleståande vatn, der dei fådde lin, dvs. la linplantene til bløyting, inntil rotningsbakteriane hadde løyst opp pektinet som bind basttægene og veden saman. Etter at linet var fådd vart det turka og brote, slik at ein kunne skilje dei lause vedbitane frå basttægene. Namnet her er då eit minne om den gamle lindyrkinga. Kor lenge dei dreiv med slikt i Bykle, veit me ikkje plent, men dei fleste stader vart linet utkonkurrert av bomull i laupet av dei fyrste par tiåra etter 1850.

Bakgrunnen for delinga av Juvet var truleg at det vart for trongt i den lisle stoga der etter at Åsmund Åvoldsson gifte seg i 1912. Det budde då 10 menneske der, og fleire var i kjømda.

Foreldra åt Åsmund var Åvold Knutsson Byklum og kona, Borghild Åsmundsdotter, fødd Stavenes. Åvold skreiv skøyte på bruket her til sonen i 1915, prisen var 450 kr.   Les mer …

Lyngtveit 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Lyngtveit var eit bureisingsbruk på sørsida av Bossvatn i Bykle kommune. Fyre det vart ei sjølvstendig drifts- og bustadeining, var delar av det heimestøyl under Heimtveiti med namnet Umba. I tillegg til Umba kom ein utmarksteig, som var sameige mellom Tveitegardane, men som formelt gjekk ut ifrå Ryningen og Nordtveiti. Dette forklarar at Lyngtveit fekk bnr 6, 7 og 8.

I 1847 hadde eit stykke av Tveiteskogen, som i lange tider hadde høyrt til ymse trelasthandlarfamiliar i Kristiansand (sjå bolken om Heimtveiti), vorte overdrege til Børre og Georg Rosenkilde. Sidan vart dette skogstykket, som nyleg har vorte oppmælt til å vera på 76 mål, kalla Rosenkildeskogen. Rosenkilde-brørne overdrog i 1887 eigedomane sine i Bykle til ein slektning som heitte Robert Høyer Millar, og budde i Skottland. I samband med denne heimelsovergangen vart teigen i Tveiteskogen skyldsett til 4 øre og matrikulert som bnr 3. I 1913 kom han atter på innanbygds hender, då Gunnar O. Holen (e.) kaupte han av Millar. Gunnar var morbror av oppsitjaren i Lyngtveit, og selde Rosenkilde-skogen til han i 1933. Dermed fekk Lyngtveit også bnr 3.

Namnet Lyngtveit er ikkje eldre enn bruket, og vart sett på av bureisarane. Men Umba er som nemnt eit gamalt namn på støylen som gjekk inn i Lyngtveit. Alfred Ryningen har i hovudoppgåva si om stadnamn i Nordbygdi (80) peika på at det ligg ei øy som heiter Ombo i Boknfjorden i Ryfylke, og meiner at dette truleg er same ordet. Vidare viser han til at Sophus Bugge har tolka dette øynamnet som ei substantivering av ei eldre form for «um, umkring», som peikar mot ei rundvore form.

Når det gjeld Umba i Bykle, skriv Ryningen, «var særleg Øvre Umba nokso avrunda, men ikkje mange metrane høg. På tre sider var det vatn, og i flaumane var det ikkje uvanleg at Bossvatn steig så mykje at vatnet gjekk heilt rundt, slik at det faktisk vart ei øy. Dermed var det ikkje så unaturleg at staden fekk eit øynamn».   Les mer …

Steinsland ligg sør for Nylund i Berdalen i Bykle kommune, og har sams opphav med dette. Det var ein dryg halvpart av det terrenget (bnr 13) som Bykle kommune eksproprierte frå A/S Sætersdalen i 1938. Som me har fortalt i bolken om Nylund, dela kommunen bnr 13 i to, og selde den fyrste parten til Olav Eivindsson Sanden i 1942.

Samstundes selde kommunen eigedomen her til Sjur O. Vatnedalen i Systog Dalen, gnr 6, bnr 18. Prisen var 3.000 kr. Sjur ville ha Steinsland til tilleggsjord. Men kaupet hans vart gjort om inkje under tilvising til «Skrivelse fra landbrugsdepartementet pr 23.8.1946», som slo fast at sal av kommunal eigedom i krigstida ikkje skulle gjelde, ettersom det var NS-ordføraren som hadde stått for salet. Nå var Sjur jøssing og motstandsmann god som nokon (jfr. bolken om Jeiskeli), men endå gjorde det nye kommunestyret vedtak om annullering av kaupet hans, grunngjevinga var at han hadde eit anna bruk frå fyrr. Eigedomen her gjekk difor attende til Bykle kommune, som hausten 1947 selde han på nytt. Prisen var den same som ved det tidlegare salet, og kauparen denne venda var Olav S. Løyning.

Han var frå Løyning og son åt Sigbjørn Knutsson Vatnedalen på det bruket og kona, Martha Sjursdotter, fødd Vatnedalen.   Les mer …

Mot Berdalen frå Berdalsbru 26.11.2002. Biletet vart funne i kommunearkivet.
Foto: Knut Erik Paulsen

Berdalen er ein matrikkelgard i Bykle kommune. To-tre km nordanfor Hoslemo går ein dal austetter frå Otra-dalføret. I botnen av denne dalen renn elva Berdøla, og oppi lia på nordsida av elva ligg Berdalsgardane.

Om namnet Berdalen skriv Amund B. Larsen i Norske Gaardnavne (VIII, s.212):

Den nærmestliggende forklaring er gjennem Elvenavnet Bera; dog kan 1.ste led også være Kvindenavnet Bera, Fællesnavnet Bera, f, Hunbjørn, eller Fællesnavnet ber, n, Bær; neppe berg n.

Filologen Olav Haslemo (Stadnamn frå Bykle. Hoslemo skulekrins, h.oppgv. norsk, 1968, 62 f) meiner det er gale å setje opp elvenamnet som utgangspunkt for gardsnamnet. Han har større tru på den forklaringa som set namnet til å koma av gamalnorsk bera, f., «binne», men landar likevel på kvinnenamnet Bera som det mest sannsynlege grunnordet til fyrstelekken i namnet, «fordi vi elles helst finn [hankjønnsordet] bjørn i utmerkingsleden når det er tale om «Fællesnavnet» [...] Vi får då Berdalen som beinveges samansetning», medan elvenamnet vert sekundært i høvet til namnet på dalen elva renn igjennom. «Både ber og berg kan vi sjå bort ifrå», seier han, «og det same gjeld den tolkinga T. Nomeland har lagt fram i Bykle Gards- og ættesoge (1966, s. 221)».

Etter Nomeland skal gardsnamnet tyde «den berre dalen, berrsynt og open som han er og ikkje løynd av skog eller fjell». Dette er heilt urimeleg, meiner Haslemo, «elles i landet finn [ein ikkje ]døme på liknande namn med ei slik tyding.» Det kan heller ikkje vera rett å seia at dalen ikkje er løynd av skog, tvertom er han «godt skogsett».   Les mer …
 
Se også
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest