Anne Sorteberglien (fødd 6. februar 1912, død 4. mai 2019) budde i Ål i Hallingdal. Ho var mor, «Gommo», oldemor og tippoldemor, med over 100 etterkomarar. Då ho fylde 102 år, skreiv Aftenposten at «Tross sin høye alder er jubilanten en klar og oppegående dame, som trives godt på Ål bu- og behandlingssenter».
Ho var dotter av gardbrukar Ole Larsen Holepladsen (f. 1882) og husmor Guri Haakensdotter Holepladsen (f. 1884), og vaks opp på Holeplassen i Ål. Anne mista faren då ho var 14 år gamal, då han fekk blindtarmbetennelse og måtte dra til sjukehuset med tog. Reisa vart for lang, så han kom ikkje fram i tide. Mora vart då att aleine med sju ungar.
Ho vart gift med Torleif Sorteberglien (1910–1997). Dei fikk ti born. Tre av dei døydde i 30- og 40-årsalderen av kreft. Anne og Torleif dreiv gard, og ho hadde ansvaret for støylsdrifta gjennom meir enn 50 år.
I 1997 mista ho mannen. Då han vart sjuk kort tid før flytta dei til Ål bu- og behandlingssenter, og der budde ho resten av livet.
Les mer …
Borghild Astrid Nilsen f. Solheim (fødd 12. desember 1914, død 6. april 2016) var reinhaldar, busett i Eidfjord i Hardanger.
Ho vaks opp i Hyen i Nordfjord, i en syskenflokk på ni. Nilsen arbeidde i 25 år som reinhaldar ved tollavdelinga på jernbanen i Bergen. Når ho ikkje var på arbeid, sat ho ofte og broderte. Til saman vart det om lag 100 bergensbunader og dukar.
Som 101-åring budde ho på Bygdaheimen i Erfjord. I høve fødselsdagen i 2015 vart ho omtala av Aftenposten, som mellom anna skreiv at «Jubilanten (sic!) er glad i å lese og følger godt med i tiden. En av hennes største gleder er sport.» Les mer …
Tomas Tandstad i 2008. Foto: Asgeir Tandstad
Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.
Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar. Les mer …
|