Joronn Housken (fødd 2. november 1917 i Stavanger, død 4. desember 1993 same stad) [1] var filolog og lektor ved Stavanger katedralskole.Housken var filologistudent då ho blei arrestert 9. november 1943. 4. november deltok ho på eit illegalt møte i Stavanger, der mellom anna motstandskvinnene Helga Stene og Aasta Stene var tilstades. Dei var omtrent ti personar på møtet, og etter møtet blei ein av deltakarane tatt av Gestapo og torturert. For å ikkje røpa viktigare ting fortalte han om møtet. Dei fleste som hadde vore på møtet blei arresterte, blant dei Housken.Ho blei overført frå Stavanger til Grini, der ho kom 1. desember 1943. 6. juli 1944 sendte dei Housken vidare til konsentrasjonsleiren Ravensbrück nord for Berlin, der ho fekk fangenummeret 45623. Seinare hamna ho i utekommandoen Altenburg under Buchenwald, ein konsentrasjonsleir i nærleiken av Weimar, der dei hadde mangel på arbeidskraft. Fangar frå andre leire, som Ravensbrück, blei sende dit, og Housken arbeida med produksjon av ammunisjon på våpenfabrikken Hugo Schneider AG. Les mer …
Groblad (latin Plantago major) er ei flerårig plante i maskeblomstfamilien. Den vokster som ugress over hele landet, og er svært hardfør. Planta er fra 5 til 30 centimenter høy, og har små, uanselige blomster. Navnet kommer av at bladene i folkemedisinen har blitt brukt som omslag mot sår, fordi de angivelig skal stoppe blødninger og få sårene til å gro raskere. Foto: Anne Brit Flatin Borgen (2008) NEG 80 Folkemedisin er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1960 med tittel Folkemedisin. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Olav Bø. Spørsmåla i denne spørjelista har samanheng med dei som er stilt i NEG 76 Dei "kloke" frå same året. Les mer …
Magnus Bernhard Olsen. Foto: Ukjent, hentet fra Studentene fra 1896 (1921). Magnus Bernhard Olsen (fødd 28. november 1878 i Arendal, død 16 januar 1963 i Oslo) var språkforskar og professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo 1908–1948. Magnus Olsen var son av kjøpmann Ole Christian Olsen (1834–87) og Therese Evine Olsen (1843–1926), og vart gift i 1912 med Gjertrud Mathilde Kjær (1890-1976).Arbeida til Magnus Olsen omfatta sju hefte Edda- og skaldekvad med kommentarar så vel som fem band med tolkingar av runeinnskrifter. Han bidrog til fullføringa av Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne som redaktør/medredaktør av tre band. Les mer …
Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.
Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.
Les mer …
Sørenden av Skåpårtjønne i juni 2010.
Skåpårtjønne er namnet på ei lita tjørn som ligg ved den såkalla «gamle kongevegen», mellom Mosenden og Lesjaverk i Lesja. Ifølgje Gerhard Schøning bør tjørna «regnes blant de fornemste Naturens Mærkværdigheder, som Lesje Bygd kan opviise».
Skåpårtjønne er omtalt i to skildringar frå 1700-talet, av jernverkseigaren Hans Holmboe (1755) og altså rektor ved Trondheim katedralskole Gerhard Schøning (1775). Den sistnemnte er mest detaljert. Grunnen til at dei to festa seg særskilt ved tjørna, er ein spesiell eigenskap ved ho som bygdefolket var oppteke av: når verlaget i området er kaldt og fuktig, forsvinn vatnet nesten heilt. Bekkene i området kan ha rikeleg vatn, men tjørna har berre ein liten dam på djupaste delen. Les mer …
|