Olav T. Kvaale (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og den folkelege høgkulturen som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av. Les mer …
K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963. Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar. Les mer …
Ivar Knutson fotografert ca. 1930. Foto: Ukjent/Oslo Museum.
Ivar Knutson (født på Frogner i Kristiania 20. februar 1902, død 1. juli 1981) var pedagog, skolemann og lokalpolitiker ( Ap). Ivar Knutsons vei på Nordstrand i Oslo er oppkalt etter ham. Knutson var medlem av herredstyret i Aker for Arbeiderpartiet 1935-47 (fram til kommunesammenslåingen med Oslo), deretter i bystyret i det sammenslåtte Oslo. Han var 1946-47 den siste formann for Aker skolestyre. Under andre verdenskrig ble han arrestert under Læreraksjonen i 1942 og satt fengslet på Grini og i Kirkenes. Les mer …
Heimevernet (HV) er i dag ei grein av Forsvaret, etablert kort tid etter andre verdskrigen og bygd på erfaringane frå felttoget i 1940 og heimestyrkane i okkupasjonstida. Etableringa av eit heimevern er første gong nemnt i eit offentleg dokument datert 21. mars 1942, utforma av eit utval oppnemnt av Londonregjeringa for å vurdere kva for tiltak som burde iverksettast raskt for å bygge opp att eit forsvar i Noreg etter krigen var avslutta. Utvalet meinte eit heimevern på line med det engelske Home Guard og det svenske Hemvärnet måtte bli ein av dei viktigaste elementa i det nye norske forsvaret. Les mer …
|