Foto: Anne Merete Rodem
(2018)
Fetsund Lenser ble anlagt i
1861 som en direkte følge av at det dette året ble bygd
jernbane fra
Lillestrøm til
Kongsvinger. Før dette foregikk tømmersorteringen ved
Bingen Lenser høyere opp i
Glomma, slik det hadde vært gjort i århundrer tidligere. Men fordi
Kongsvingerbanen ble lagt på ei lav bru med relativt korte spenn var det ikke lenger mulig å få de store tømmerslepene forbi brustedet. Løsningen ble å bygge et nytt
lenseanlegg ved
Fetsund, mens Bingen ble ombygd til attholdslense som gjorde det mulig å slippe dagsporsjoner ned til Fetsund.
Les mer …
Rikard Berge, frå boka Ljos over Telemark.
Foto: Ukjend
Rikard Berge (fødd 7. november 1881 i Rauland, død 26. september 1969 i Skien) var konservator, folkeminnesamlar og bygdebokforfattar. Han gjorde eit stort arbeid med å samle folkeminne, særleg frå Telemark, og la mykje av grunnlaget for seinare kulturhistorisk arbeid.Rikard Berge voks opp hos morfaren Rikard A. Berge (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok examen artium følgde han førelesingar hos Moltke Moe på Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. Han var òg i København og fekk råd frå Axel Olrik.
I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor
Sophus Bugge, døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først
Moltke Moe og så
Knut Liestøl på den andre. Liestøl skipa i 1914
Norsk folkeminnesamling, og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida.
Les mer …