Kronheim (Fedje gnr 168 bnr 145)
Kronheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Kronheim | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 145 |
Adresse: | Mulevegen 32 |
1. Ingvar Husa f. 1930 (gnr 168 bnr 12-8a) d. 1994 g. 1955 m. Borghild Uthaug f. 1933 (gnr 168 bnr 67-2a) d. 2012 fekk skøyte 1956 på tomt frådelt gnr 168 bnr 12 same året. Huset vart bygd i 1960. I 1978 flytta dei til Uthaugen gnr 168 bnr 67-4, der familien er ført.
2. Einar Husa f. 1957 Uthaugen (gnr 168 bnr 67-4b), maskinist, prosessteknikar, g. 1981 m. Magnhild Annlaug Hjelme f. 1959 Øygarden, reinhaldar. Skøyte her i 1979 frå Einar sine foreldre (nr 1). Ekteskapet oppløyst 2018. Hans bustad Stavanger.
Born: a. Christian Husa f. 1981, prosessteknikar, g. 2012 m. Mari Lysjø Wilhelmsen f. 1986 Hammerfest, sjukepleiar, busette der. b. Alexander Husa f. 1985, bilmekanikar, g. 2013 m. Regine Fjellsbø f. 1989 Vadbu i Lindås (jf Lindåsb. III s 302), kokk, bustad Kolås i Lindås, Alver kommune.
Kronheim (Fedje gnr 168 bnr 145) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Norli (Fedje gnr 168 bnr 132) • Neste bolk: Husahaugen (Fedje gnr 168 bnr 182) |