Norheim (Fedje gnr 168 bnr 40)

Norheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Norheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 40

1. Karl Rasmussen f. 1859 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15d) d. 1936 g.2.g. 1900 m. enkja Jørgina Sørensd f. 1867 Furebotn, Masfjorden d. 1954 fekk skøyte på denne tomta på Skarvøyna i 1921 frå Ole Bertelsen Koppen for 200 kr, frådelt Kopper gnr 168 bnr 2 same året. Dei budde tidlegare på Muren, jf husmenn 3 der. Dei flytta huset sitt frå Muren og hit i 1921, og budde her. Om lag 1930 flytta dei til Husa, sjå gnr 168 bnr 87-1 der. Under krigen vart huset her selt og flytta til Krossøyna i Austrheim (sjå Austrheimb. III s 626).

Karl sin son Johan Karlsen Husa (gnr 168 bnr 90-1) fekk skøyte på denne tomta i 1942, og han skøytte den vidare til svigersonen Leif Herøy (Husa gnr 168 bnr 90-2) i 1962, sjå der. Sonen Erling Herøy var eigar frå 2004.


Fedje komm.svg Norheim (Fedje gnr 168 bnr 40) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 39) • Neste bolk: Husa