Solbakken (Fedje gnr 169 bnr 42)
Solbakken er ein fritidseigedom i Fedje kommune.
Solbakken | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 42 |
Adresse: | Vidnappsvegen 23 |
1. Bernhard Bårdsen f. 1913 Sulo (gnr 169 bnr 44-2b) d. 1986, bygningsmann, g. 1942 m. Julie Bergitte Fivelsdal f. 1915 Gulen d. 1990 (sjå Gulenb. II s 525). Julie var søster til Olga Husa (gnr 169 bnr 6-6). Skøyte på tomt frådelt gnr 169 bnr 15 i 1945. Huset vart bygd i 1950. Dei flytta til Bergen i 1967. Huset vart deretter brukt til feriebustad.
Born: a. Inga Berit Bårdsen f. 1943, heimehjelp, g. 1964 m. Torleiv Asbjørn Breidvik f. 1941 Brekke i Gulen d. 2021, landpostbod, busette der på Lovisendal (sjå Brekkeb./2003 s 417). b. Oddlaug Bjørg Bårdsen f. 1947, aktivitør, g. 1967 m. Trygve Breidvik f. 1940 Brekke i Gulen d. 2004, elektrikar, bustad Leirvik i Hyllestad, Sogn (jf Hyllestadb. II s 521). c. Aslaug Bjarnhild Bårdsen f. 1950, hjelpepleiar, g. 1980 m. Odd Arvid Amundsen f. 1951 Bergen, entreprenør, busette der. d. Svanhild Johanne Bårdsen f. 1951, kjøkkenassistent, g. 1975 m. Yngve Vatle f. 1949 Arna i Bergen, salssjef, bustad Bergen.
2. Ingard Kahrs f. 1956 Neset, Sulo (gnr 169 bnr 66-1b) g. 1981 m. Else Torhill Olsen f. 1955 Bergen, bokbindar, barnehageassistent. Skøyte her i 1987. Ekteskapet oppløyst, ho vart eineeigar i 2003. Han flytta til Kahrsneset, Sulo gnr 169 bnr 65-3.
Solbakken (Fedje gnr 169 bnr 42) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Fagerheim (Fedje gnr 169 bnr 41) • Neste bolk: Einartun (Fedje gnr 169 bnr 43) |