Lokalhistoriewiki:Hovedside
Månedens dugnadInnvandrerforeninger er tema for denne månedens dugnad. Tallet på foreninger for innvandrere har hatt en nærmest eksplosiv vekst det siste halve århundret. På slutten av 1970-åra fantes det ikke mer enn 40 til 50 slike foreninger, men allerede en generasjon senere var tallet økt til ca. 1000. De aller fleste av disse foreningene har primært en lokal eller regional forankring.På Lokalhistoriewiki har vi i en årrekke hatt et nært samarbeid med norsk-tamilske miljøer, og dette samarbeidet har gjort at vi har mange artikler om tamilske foreninger. De spenner over hele spekteret av samfunnsengasjement. Noen eksempler: Annai Poopathi Tamilsk kultursenter har hele 17 lokale avleggere, som driver kultur- og språkopplæring, Aktive kvinner i Bjerke er en multikulturell helseorganisasjon for kvinner med utspring tamilske miljøer, Tamilenes forening i Bergen og Hordaland er Norges eldste tamilske forening og arbeider i grenselandet mellom kultur, humanitær virksomhet og politisk påvirkningsarbeid. Vi ønsker oss lignende artikler om andre migrantgruppers foreninger, både foreninger på nasjonalt plan, som Pakistansk Forening Norge, Norsksom velforening eller Den Polske forening i Norge, og lokale eller regionale foreninger av typen, Pakistansk Kulturforening Skedsmo, Somaliere i Tromsø, Den Polsk-Norske Forening i Buskerud eller Søndre Nordstrand innvandrerforening. Et sted å hente artikkelinspirasjon fra er for eksempel Oslo byarkivs samling av multikulturelle arkiver, som eksempelvis Fremmedarbeiderforeningen og VINOF, Vietnamesisk-norsk forbund. Og selv om de aller fleste av disse foreningene har samtidshistorisk karakter, så finnes det mange og viktige døme på eksisterende og nedlagte innvandrerforeninger med betydelig eldre historie, som Svenska kolonin (opphørt 1901) eller Den Danske Forening i Oslo (stiftet 1882). Noen råd om utforming og disposisjon av en leksikonartikkel om en forening eller organisasjon finnes i denne hjelpeartikkelen.
Smakebiter fra artikleneAnne Jensdotter Sletto (fødd 4. mars 1867 i Hol kommune, død juli 1946 same stad) var tenestejente, vaske- og strykekone. Det er sikkert at ho virka i heimbygda og i Vestfold og at ho budde i Akershus då dottera Jenny vart fødd. Anne Jensdotter Sletto høyrde til dei småe i samfunnet. Ho var tenestjente i ei eller annan form all si tid. Ei blant mange. Av folketellingane mot slutten av 19. hundreåret er talet på gruppa som hadde personleg tenesteyting som leveveg 95 000 i 1890 og 112 000 i 1900. Med visse atterhald var kring 7-8% av innbyggjarane i Norge tenarar heilt fram til kring 1930. Les mer …Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard. Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida. Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979. Les mer …Ragna Helene Hegge f. Aalerud (født 21. november 1894 i Ås, død 24. juni 1979 på Eidsvoll) var lærer. Hun begynte på Holmestrand lærerskole i 1914. Etter en tid som lærer i Sandeherred var hun ansatt ved Kjeller småskole 1923–1930. Etter dette arbeida hun ikke som lærer, men var husmor og fra 1945 småbrukerkone på Eidsvoll. Da Martha Østensvig i 1948 skrev bok om slekta fra Ålerud, leverte Ragna Hegge en selvbiografi. Her kunne hun fortelle at hun allerede som småjente ville bli lærer, og at hun lærte sine yngre søsken å lese. Etter å ha tatt lærereksamen i Holmestrand fikk hun sin første jobb på Brækkum skole i Ringebu. Det var der hun traff sin tilkommende, Martinus Hansen Hegge, som da var førsteekspeditør på Tromsa landhandleri. Les mer …
Gautsjøulykka 25. september 1941 var ei frykteleg hending knytt til Aurautbygginga på Dalsida i Lesja. Eit arbeidslag på 11 mann dreiv med stikking av vegen som var under bygging opp frå Aura i Bøgrende fram til Gåsbue skulle avslutte arbeidet og fraktast over Gautsjøen med båt til Sørhella, ei strekning på 8–9 kilometer. Båten var ein sju meter lang open trebåt, ein fløytingsbåt, med påhengsmotor. Veret var fint og det var omtrent vindstille. Kva som hende denne septemberdagen, veit ingen. Fleire av karane var flinke til å symje, men ingen kom fram til Sørhella. Dagen etter, fredagen, var det gråvér, vind og skodde. Oppsynsmannen på veganlegget, Anton Mikkelsen, rodde da utover og støtte rett på båten, som flaut med baugen i veret. Les mer …
St. Peter kyrkje var ei kyrkje på garden Opsvik (tidl. Oksvik) på Stranda i Møre og Romsdal. Kyrkja blei truleg bygd alt på 1000-talet og nemnd som soknekyrkje på 1400-talet. Kyrkja eller kyrkjestaden var i bruk seinast i 1570-åra. Kyrkja og soknet var nedlagt i 1589 då den ikkje er nemnd i kyrkjerevisjonen dette året, men både på 1700 og 1800-talet var det framleis synlege restar etter kyrkja. I 1876 målte Peder Fylling opp kyrkjetufta til 8x10 meter, og ein steinkross hadde stått vest for kyrkja nokre år tidlegare. Delar av tufta etter kyrkja og deler av fundamentet for kyrkjegardsmuren er framleis synleg som såkalla crop-marks, dvs. variasjonar i vegetasjonen. Les mer …
Peder Lobben (født 10. mai 1858 i Modum, død 19. oktober 1954) var en anerkjent ingeniør og lærebokforfatter. I flere perioder bodde han i USA, men i 1914 flyttet han tilbake til Norge, der han kjøpte eiendommen Vestheim i daværende Kråkstad kommune. Vel hjemme igjen satte han i gang arbeidet med å etablere en brevskole etter forbilde av The International Correspondance School der han selv hadde tatt sin tekniske utdannelse. Peder Lobbens Tekniske Korrespondance-Skole ble startet i Kristiania i 1916. Skolen kunne tilby kurs i matematikk, fysikk, kjemi og elektronikk. Mange, både i Norge og i andre land, benyttet seg av denne brevskolen. I 1938 hadde skolen hatt rundt 16.000 elever. Les mer …
Anders Hovden og Toten er ein artikkel som handlar om diktarpresten Anders Hovden (1860-1943) og tida hans på Toten. Hovden var sokneprest i Østre Toten frå 1920 til 1930. Ein dag tidleg i mai 1920 kom eit flyttelass opp gutua til prestegarden på Hoff. Det var nypresten på Toten, diktarpresten Anders Hovden, som med kjerring og born inntok den store garden. Dei kom frå Melhus i Sør-Trøndelag. Der hadde Hovden vori prest i 10 år. Nå hadde han fått eit av dei største og rikaste prestegjelda i landet, Østre Toten, å bryne seg på. Den 9. mai 1920 vart nypresten innsett i kallet. Les mer … Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 (1888 -1915) med spesialutrusta seglfartøy på 55 – 100 netto registertonn (sjå tabell nede i stykket). Fartøya var fyrst kjøpt brukt frå USA og England/dei britiske øyar. Seinare vart det kjøpt nye og brukte fartøy i Noreg. Størrelse og utrusting på fartøya var tilnærma lik for fangst og lasting rundt 1900. Tidleg og seint i perioda var der heftig forsking på fartøy og utstyr. Kvalfangarane var opptekne av god funksjon, ikkje detaljar. Dei sorterte fartøya i to typer etter seglføring, skonnertar og skværseglarar. Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk. Les mer … |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 79 598 artikler og 222 306 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI.
Ukas artikkelLeirvågen kolerakyrkjegard ligg nær sjøen i Leirvåg ved Valevåg i Sveio kommune. Det går ein mur rundt heile gravplassen, med smijernsport i. Det er no ingen synlege graver inne på plassen. Muren blei restaurert i 2014. Kyrkjegarden blei vigsla i 1849, då koleraepidemien råka vestlandskysten. Det skal ha vore den hollandske skonnerten «Magdalene Christine» som tok bakterien til Noreg då skonnerten la til kai i Bergen i desember 1848, og skapte ein koleraepidemi i Bergen og tok der livet av over 600 menneske i løpet av tre månadars periode og preidde seg raskt under sildefisket. Koleragravplassane ligg ofte langt frå folk og hus, då ein den gången trudde dei døde kunne smitta også etter at dei var komne i jorda.Les mer... Ukas bilde
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|