Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Den 17de Mai solgte også bøker gjennom avisa den 7. november 1898.
NEG 172 Lesevaner er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1996 med tittel Lesevaner. Utsendar var Anne Moestue.   Les mer …

Høyt premiert rødkoll-okse fra Søndre Løken i Nordre Follo, 1918.
Foto: Østlid, Martin:Kråkstad.
NEG 122 Driftehandel med storfe er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1976 med tittel Driftehandel med storfe. Utsendar var Anna Helene Tobiassen i samband med ei omfattande undersøking om norsk driftehandel.   Les mer …

Kvinne i hallingstakk spinner ved rokk, antakelig produsert av Tragetonane, Hol kommune.
Foto: Hol Bygdearkiv / Digitalt museum
NEG 119 Fra spinnemateriale til tråd er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1972 med tittel Fra spinnemateriale til tråd. Utsendar var Marta Hoffmann.   Les mer …

St. Hansfeiring på Larkollen i Rygge.
Foto: Mittet, 1956
NEG 68 Bålbrenning på visse dager i året er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1958 med tittel Bålbrenning på visse dager i året. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

"Love for Selskapet Fyresdals Vel".
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Fyresdals Vel vart skipa allereie i 1898 og hadde som oppgåve å stimulere til diverse aktivitetar til fordel for bygda og innbyggarane. Foreininga vart nedlagd som eiga stifting i 2001.Grunnlaget for oppstartinga var ei gåve frå Anders Jørgensen Veum på kr. 2000,- og ei tilsvarande løyving på kr. 2000,- frå Fyresdal heradstyre. Fyresdal heradstyre skreiv lovene, og laget fekk namnet Fyresdals Vel.

16. desember 1898 godtok kongen lovane. Brevet er stempla med riksseglet og underskrive av regjeringa. 8. april 1899 valde Fyresdals Vel sitt fyrste styre: J. K. Kiland (formann), B. Taraldlien (nestformann), H. Qvisling, Ivar Tveiten, Torleiv Veum. Torgeir Lie blei kassastyrar. I 1902 blei Bendik Taraldlien formann og var det til 1908 med unnatak av 1905 då J. K. Kiland var formann.

Fyresdals Vel vart innmeld i Norsk Landmandsforbund og Bratsberg Landhusholdningsselskap. Fyresdals Vel var og innmeld i Bratsberg amts skogselskap og hagebrukslag.   Les mer …

Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Telemark Folkehøgskole vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann, seinare stortingspresident og amtmann i Bratsberg. Skulen starta opp på garden Bjørge i Seljord. Drifta vart flytt til Utsond i Kviteseid i 1914.

Viggo Ullmann sin skule i Seljord hadde eit førespel, da folkehøgskulepioneren Olaus Arvesen heldt skule for 80 elevar på Bjørge i året 1878-1879. Som medlærarar hadde Arvesen Oddmund Vik, seinare statsråd og fylkesmann, og nordlendingen P. Pedersen.[1]

I 1880 starta så Viggo Ullmann sin skule i Telemark. Skulen hadde som formål å gje bygdeungdom ei meir yrkesretta utdanning. Det fyrste året heldt han til på same staden som Arvesen hadde halde til, Bjørge i Seljord. Det var 70 elevar, 48 gutar og 28 jenter. Lærarar ved sida av Ullmann sjølv var førnemnde Oddmund Vik og Kr. Førland. Andre året var skulen i Drangedal, og vinteren 1882-83 i Vinje. Skulen fekk fast tilhaldsstad da Telemarkens Folkehøiskoles Aktieselskab kjøpte Utgarden (gnr. 45.6) i Seljord i 1885. Frå 1890 vart undervisninga halden i den nye bygningen Borgen på Utgarden.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar
 
  1. Stauri, R. 1930:40.