Om Husdyrraser
|
Det finst fleire tradisjonelle husdyrrasar i Noreg og nærområda. Det følgjande er ei liste over slike rasar sortert etter dyreslag:
- Sauer: gammalnorsk sau, gammalnorsk spælsau, farga spælsau, kvit spælsau, tautersau, grå trøndersau, norsk pelssau, sjeviot, dalasau, fuglestadbroget sau, blæset sau, rygjasau, steigarsau, norsk kvit sau
- Geiter: kystgeit, vestlandsgeit, nordlandsgeit, dølageit, telemarksgeit, norsk mjølkegeit, lappgeit, jamtgeit, islandsgeit
- Storfe: vestlandsk fjordfe, telemarksfe, dølafe, sidut trønderfe og nordlandsfe, vestlandsk raudkolle, østlandsk rødkolle, fjällko
- Fjørfe: jærhøns, islandshøns, hedemorahøns, svarthøns, smålensgås, norsk kvit gås
- Hestar: fjording (fjordhest), lofothest, nordlandshest, dølahest, norsk kaldblodstravar
- Hundar: dunker, haldenstøver, hygenhund, lundehund, norsk buhund, norsk elghund (grå og svart)
- Kattar: norsk skogkatt
- Andre dyr: trønderkanin, mellerudskanin Les mer ...
|
|
Smakebitar
|
Islandshøns eller landnåmshøns ( islandsk (íslensk) landnámshæna) er ein hønserase frå Island. Landnåmsfolket frå Noreg hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønene har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønene er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønene er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er rolig. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar. Les mer …
Islandsgeit ( islandsk íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit ( islandsk íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geiterasen på Island. Ein trur at geitene er ukryssa etterkommarar etter dei geitene som landnåmsmennene tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012). Les mer …
Lappgeit. Foto: Jon Julius Sandal
Lappgeit ( svensk lappget) er ein gammal geiterase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geiterasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 277 alsdyr (desember 2016) blir rasen framleis rekna som kritisk truga. Blant reindriftssamar har det vore vanlig i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanlig å skaffe seg nokon få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidlig på året, medan reinkalven helst trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren. Les mer …
|
|
|
|