Forside:Telemarksarkivet

Sideversjon per 13. feb. 2018 kl. 08:49 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Om Telemarksarkivet
Telemarksarkivet, logo
Foto: Telemarksarkivet.no

Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.

Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar
Sokneprest Aslak Bergland, Kviteseid
Aslak Aslaksson Bergland (14. oktober 1862 - 8. desember 1958) var sogneprest i Kviteseid i perioden 1902-1921. Han ble født på gården Bergland i Morgedal i Kviteseid kommune og døde på Blommenholm i Oslo. Hans foreldre var Aslak Gunleiksson og Sigrid Olavsdotter. Bergland ble gift med Helene Gundersen født 1866 i Onsøy, og fikk 14 barn. 17 år gammel kom han inn på Kviteseid Seminar og tok sin eksamen der to år senere. Han tok middelskole-eksamen og latinartium i Kristiania. Videre tok han teologisk embetseksamen i 1889. Han virket som lærer i noen år før han tok sin praktisk-teologiske eksamen i 1892. Samme år ble han utnevnt til prest i Tana der han gjorde tjeneste i 11 år.   Les mer …

Rikard Berge, frå boka Ljos over Telemark.
Foto: Ukjend

Rikard Berge (fødd 7. november 1881 i Rauland, død 26. september 1969 i Skien) var konservator, folkeminnesamlar og bygdebokforfattar. Han gjorde eit stort arbeid med å samle folkeminne, særleg frå Telemark, og la mykje av grunnlaget for seinare kulturhistorisk arbeid.Rikard Berge voks opp hos morfaren Rikard A. Berge (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok examen artium følgde han førelesingar hos Moltke MoeDet Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. Han var òg i København og fekk råd frå Axel Olrik.

I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor Sophus Bugge, døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først Moltke Moe og så Knut Liestøl på den andre. Liestøl skipa i 1914 Norsk folkeminnesamling, og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida.   Les mer …

Fagforeningsmannen Arthur Berby.
Foto: Dagbladet 1931-06-06.

Arthur J. Berby (født 30. oktober 1892 i Idd, død 1977) vart landskjend då han som ein av leiarane i fagrørsla i Grenland vart arrestert og dømt i samband med dei fyrste demonstrasjonanen under Menstadkonflikten i 1931. Berby hadde vore aktiv i både ungdomsrørsla og den faglege samorganisasjonen i Skien. Han stifta og var leiar i ei rekkje fag- og partiforeiningar, m.a. Herøya Arbeiderforening frå stiftinga i 1929 til 1932.

Han var son av husmann Johan Kristian Eliasen og Augustua Bernhardine Johannesdotter. Faren var frå Idd, og mora frå Sverige. Då han var døypt i Idd kyrkje den 5. februar 1893 budde dei på Kirkebøen. I folketeljinga 1910 står han som losjerande på Løvmon, men under «sedvanlig bosted» står det Bærby, så det er der han fekk det namnet frå.

I 1993 fekk Arthur Berby ein veg oppkalla etter seg i industriparken på Herøya i Porsgrunn. Vegen vart fjerna då det skjedde utbyggingar i industriparken i 2010. Vegnamnet "Arthur Berbys vei", vart samstundes sletta.   Les mer …

Vinje Sparebank.

Vinje Sparebank vart stifta i 1909. Det fyrste vedtaket som vedkjem Vinje Sparebank, vart gjort i eit møte i Vinje heradstyre i 1909. Banken skulle vere til meir "ålment gagn" enn privatbanken. Forstandarskapet i banken møttes fyrste gong i februar 1910. Bjørn Lofthus vart vald som formann, og styremedlemer vart Halvor Sandok, Bjørn Fetveit og Aasmund Jamsgard. Margit Fetveit vart tilsett som kasserar. I byrjinga hadde ho heimekontor, men frå 1919 vart det faste kontordagar på Breihjot. Etter kvart blei det halde kontordagar fleire stader i kommunen. I 1920 vart Eivind Vesaas tilsett som kasserar og han fekk ein svært sentral plass i banken si soge.

  Les mer …

Oversiktsbilete Åmdals verk gruver, omlag 1905.
Foto: Ukjend.
Åmdals Verk gruver ligg i Tokke kommune og har ei historie som strekkjer seg tilbake til 1600-talet. I alt skal det ha vore utvunne over 8000 tonn kopar frå gruveanlegget. Verksemda var prega av skiftande eigarskap, vekslande stillstand og aktivitet, oppgang og nedgang. På det meste skal over 400 mann ha vore i arbeid ved kopargruvene, som var i drift frå 1691 til 1945. Samfunnet som vaks fram rundt gruvedrifta var særeigent og fargerikt. Dei fyrste funna av koparhaldig malm ved Åmdal i Tokke kommune (tidlegare Mo) i Telemark blei gjort omkring 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 Oberbergamtet i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk. Året etter blei gruvedrifta starta opp. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta vanskeleg.   Les mer …

Delar av Rikard Berge si handskriftsamling ved Telemark Museum. Berge oppbevarte kladdebøkene i hengsla kjeksboksar frå "Sætre Kjæksfabrik".
Foto: Tor Kjetil Gardåsen (2015) / Telemark Museum
Rikard Berge si handskriftsamling er arkivet etter folkeminnegranskaren Rikard Berge. Delar av arkivmateriale vart overtatt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, i dag Telemark Museum, i 1970. Samlinga inneheld unike skildringar frå historia i Telemark, og er i dag gjort søkbar gjennom Telemarkskilder ved Høgskulen i Telemark, avdeling Notodden. Det var i 1970 at Fylkesmuseet for Telemark og Grenland tok over hovuddelen av det handskrivne materialet etter Rikard Berge. Det var Halvor Landsverk, dåverande styrar ved Fylkesmuseet, som m.a. med midlar frå Norsk Kulturfond, sørga for å få kjøpt inn materialet. Eit stort kulturhistorisk stofftilfang frå Telemark var dermed sikra. Utanom det skriftlege materialet omfatta samlinga voksrull¬opptak av spelemenn og kvedarar.   Les mer …
 
Sjå òg




 
Kategoriar for Telemarksarkivet
ingen underkategorier
 
Andre artiklar