Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Trygve Bjørgo.
Foto: Henta frå Studentene fra 1940 (1965)
Trygve Bjørgos gravminne på Aurdal kyrkjegard.
Foto: Ola Helge Fløene (ca. 2008)

Trygve Bjørgo (fødd 5. januar 1916 i Nord-Aurdal, død 2. mars 1997) var lyrikar, skulemann og aktiv i målrørsla. Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Bjørgo på Sørskogen i Nord-Aurdal. Foreldra dreiv garden. Trygve var yngstemann i ein stor søskenflokk.

I ungdomen arbeidde han ei tid heime på garden, men søkte så vidare skulegang. Han gjekk eit år på Valdres folkehøgskule. Seinare gjekk han på privatskulen Grimeland skole i Oslo, som førde han fram til eksamen artium i 1940. Han tok språkleg-historisk embetseksamen med norsk som hovudfag ved Universitetet i Oslo 1947. I studietida var Bjørgo aktiv i Filologisk Forening, der dei mellom anna ei tid arrangerte årlege «olympiadar» for song, dikt, musikkstykke og liknande. I 1946 fekk Bjørgo sølvmedalje ved å lese eigne dikt. I 1947 var han med blant eit tjuetals studentar som gav ut Studentlyrikk.



Nørdre Lie
Alt. namn: Smedsrudlie, Karlslie
Fyrst nemnd: 1789
Stad: Vestre Bagn
Sokn: Bagn sokn
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal kommune
Gnr.: 22
Bnr: 15

Nørdre Lie var ein husmannsplass og seinare eige bruk på matrikkelgarden Leisterud i Vestre Bagn i Sør-Aurdal kommune. Det har gards- og bruksnummer 22/15, og var i 1789 utskild frå Søre Lie på Leisterud.

Søre Lie vart delt i to i 1789. Ein skogteig og setra Grokløv vart til plassen Marilie, skyldsett som Øvre Lie med gards- og bruksnummer 18. Resten av bruket vart til Nørdre Lie, som også vart kalla Smedsrudlie, eit namn som hadde vore nytta om Søre Lie. Det har også vore kalla Karlslie, truleg etter Karl Hansson Roo, og Ellendslie, truleg etter Ellend Syversson Jukam.

Bruket vart fråflytta i 1960-åra. Setra Grokløv på Øvre Lie vart nytta fram til 1972.

Eigarar / brukarar

  • Ola Olsson Tronrud, kjøpte i 1789 for 230 rdl.
  • Jakob Persson Roo, kjøpte i 1790 for 240 rdl., seinare på Brattrudeige
Gift med Guri Embreksdotter.
  • Guttorm Alvsson Brattrud, kjøpte i 1797 for 166 rdl.
  • Karl Hansson Roo, makeskifta bruket mot part i Nedre Roo, Nørdre Lie var verdsett til 131 rdl.
Gift med Ragnhild Arnesdotter.
  • Ola Aslaksson Austegarden, kjøpte i 1804 for 350 rdl.
  • Knut Olsson Smedsrudlie, son av forrige brukar, løyste ut Nørdre Lie og Midtlie ved skifte for 200 rdl. Kjøpte Øvre Lie (Marielie) i 1822.
  • Paul Hallsteinsson Framgardseige (1760–1832), kjøpte i 1824 for 200 spd.
Gift med Jøren Olsdotter Framgardseige (1764–1832). Borna deira:
  • Sigri Paulsdotter, f. omkr. 1791
  • Hallstein Paulsson, f. omkr. 1795
  • Olea Paulsdotter, f. 1801
  • Nils Haraldsson Høvseige (1805–1833), kjøpte i 1828 for 100 spd., verson av forrige eigar.
Gift med Olea Paulsdotter (f. 1801). Ho vart 1841 gift med Ola Halldorsson Kristianslundeige. Borna til Nils og Olea:
  • Jøren Nilsdotter, f. 1828, gift 1857 på Toten.
  • Pål Nilsson, f. 1831
  • Kristofer Hansson Jukam, kjøpte av Olea Paulsdotter i 1838 for 200 spd.
  • Ellend Syversson Jukam (1812–1894), kjøpte i 1855.
Gift med Marit Olsdotter Austegarden (1813–1895), frå Austegarden bruk II. Borna deira:
  • Ola Ellendsson (1834–1914)
  • Ingebjørg Ellendsdotter (1839–1878)
  • Sjugurd Ellendsson (1842–1844), tvilling med Hans.
  • Hans Ellendsson (1842–1843), tvilling med Sjugurd.
  • Marit Ellendsdotter, f. omkr. 1844, gift med Ola Eriksson Ølmhuseige.
  • Maria (1847–1896)
  • Steingrim Erlandson Lien (1850–1923), neste brukar.
  • Oline Ellendsdotter (1853–1890)
  • Hans Ellendsson, f. 1858, gift med Marit Olsdotter Jordet.
  • Steingrim Erlandson Lien (1850–1923), fekk skøyte frå dei andre arvingane i 1914.
Gift med Olea Knutsdotter Hagin (1848–1932). Borna deira:
  • Erling Erlandson (1877–1942), neste bruker.
  • Marit Erlandson, f. 1880
  • Marit Erlandson (1882–1895)
  • Knut Erlandson (1885–1885)
  • Bertha Kristine Lien (1886–1971), bruker etter broren Erling.
  • Erling Erlandson (1877–1942), fekk skøyte i 1931.
  • Bertha Kristine Lien (1886–1971), overtok då broren Erling døydde utan born i 1942.
  • Hans Slette, overtok i 1963.

Kjelder