Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Eiler Rosenvinge Kaurin (1828-1896)
Foto: Ukjent fotograf
Eiler Rosenvinge Kaurin (født 21. september 1828, døde 27. juli 1896) var teolog og prest i Den norske kirke. Han var sogneprest i Beiarn (1862-1868), Bud (1868-1875), Sør-Aurdal (1875-1883) og Eiker (1883-1896). Han var kjent som en kraftfull og uredd prest, samt som en ivrig friluftsmann og en kunnskapsrik jordbruksadministrator og hagedyrker.   Les mer…

Leisterud (alt. navneform Leistrud) er ein matrikkelgard i Vestre Bagn i Sør-Aurdal. Han grensar mot Vøll og Begna i aust, Austegarde og Framgarde i vest og Torsrud og Brattrud i sør.Dei gamle hovedbøla låg på ein avsats i dalsida, på omkring 350 moh. Det vart rydda fleire garder kalla Lie der, og Liagardane er i følgje lokal tradisjon plassar som vart delt ut til seks døtrer av Leisterudbonden. Rydningen skal ha skjedd før Svartedauen. I seinmellomalderen låg garden øyde, og på 1500-talet vart han nyrydda. Skattemessig var garden opphavleg rekna som ein halvgard. Både Leisterud og Smedsrud var kyrkjegods, tilhørande Reinli kyrkje. Ifølge jordebokea til Stavanger stift eigde kyrkja i 1626 1/2 hud i Leisterud og eit kalveskinn i Smedsrud. Begge gardar vart i 1724 kjøpt frå Sjugurd Alvsson Leistrud av prost Andreas Morland. Smedsrud vart lagt under same matrikkelnummer som Leisterud.  Les mer…

Olav Robøle (fødd 23. april 1936) er journalist (pensjonert) og lokalhistorikar, busett i Skrautvål i Nord-Aurdal kommune.

Robøle, som opphavleg er frå nabobygda Øystre Slidre, var journalist i avisa Valdres frå 1959 til 2003. Han har forfatta ei rekkje bøker med lokal litteratur, mellom anna jubileumsboka for Valdres (2003). Er no (2016) i gang med ei større bok om Skrautvål.

Robøle er blant dei friviljuge som kjører ut mat frå Valdres lokalmedisinske senter.

Bibliografi

  • Meierisamvirket i Valdres i 100 år : 1894-1994, Fosheim 1994 (redaktør).
  • Langs landeveien i 75 år : sjåførveteraner erindrer, Fagernes 1995.
  • Sør-Aurdal energi AL : 50 år: 1947-1997, Bagn 1997.
  • Trudvang skyttarlag 100 år : 1898-1998, Fagernes 1998.
  • Øystre Slidre 1849-1999, Øystre Slidre 1999 (redaktør).
  • Over 90 år med strøm i Midt-Valdres, Fagernes 2001.
  • Ryfoss betong AS, 150 år : 1856-2006, Ryfoss 2006.
  • I hundre for medmenneske : Vestre Slidre sanitetsforening 100 år, 2010.

Eksterne lenkjer


05 Oppland vapen.png Valdres er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
  Les mer…