Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Redigering og språkvask)
(→‎Bygdenamnet: Lenkefiks)
Linje 24: Linje 24:


== Bygdenamnet ==
== Bygdenamnet ==
Bygda har fått namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), og den opphavlege forma var ''Skeidåker''. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit større område vart «Skeidåker» venteleg teke i bruk da det vart bygd kyrkje der, ein gong i tidleg mellomalder eller i høgmellomalderen. I den kyrkjelege inndelinga fram til midten av 1700-talet omfatta ''Skjåk annekssokn'' strekninga på sørsida av Otta-elva (baksida) frå grensa til [[Lom]] til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til tverrelva Aura. Resten av nåverande Skjåk sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk kom til ein gong før 1280. Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore ''[[Nordherad]]''. Det namnet skriv seg truleg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at «Skjåk» vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i [[1752]] og det vart berre eit sokn i Nordherad. Sjå meir om dette i [[Grender og krinsinndelingar i Skjåk]] og [[Skjåk i historisk-administrative inndelingar]]
Bygda har fått namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), og den opphavlege forma var ''Skeidåker''. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit større område vart «Skeidåker» venteleg teke i bruk da det vart bygd kyrkje der, ein gong i tidleg mellomalder eller i høgmellomalderen. I den kyrkjelege inndelinga fram til midten av 1700-talet omfatta ''Skjåk annekssokn'' strekninga på sørsida av Otta-elva (baksida) frå grensa til [[Lom]] til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til tverrelva Aura. Resten av nåverande Skjåk sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk kom til ein gong før 1280. Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore ''[[Nordherad]]''. Det namnet skriv seg truleg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at «Skjåk» vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i [[1752]] og det vart berre eit sokn i Nordherad. Sjå meir om dette i [[Skjåk: Grender og krinsinndelingar]] og [[Skjåk i historisk-administrative inndelingar]]


=== Naturtilhøve og ressursgrunnlag ===
=== Naturtilhøve og ressursgrunnlag ===
Linje 79: Linje 79:


Bygg er den kornsorten som har best vekstvilkår i Skjåk. Bygda har iallfall sidan 1600-1700-talet vore kjend vide omkring for den gode kvaliteten på byggkornet. jf. [[Skjåkmjøl]], som blir marknadsført i våre dagar. Temperatur- og vekstsesongtilhøva inneber at ein i Skjåk kan rekne byggavl som nokså årssikker heilt opp til 700 meter over havet, iallfall i solsida. Dei fleste gardane (og heilårsbustadene elles) ligg mellom 365 og 560 meter høgde over havet. Den høgast liggjande større grenda, Bråtå, ligg opp mot vekstgrensa mellom 600 og 700 m.o.h.
Bygg er den kornsorten som har best vekstvilkår i Skjåk. Bygda har iallfall sidan 1600-1700-talet vore kjend vide omkring for den gode kvaliteten på byggkornet. jf. [[Skjåkmjøl]], som blir marknadsført i våre dagar. Temperatur- og vekstsesongtilhøva inneber at ein i Skjåk kan rekne byggavl som nokså årssikker heilt opp til 700 meter over havet, iallfall i solsida. Dei fleste gardane (og heilårsbustadene elles) ligg mellom 365 og 560 meter høgde over havet. Den høgast liggjande større grenda, Bråtå, ligg opp mot vekstgrensa mellom 600 og 700 m.o.h.


== Historisk-administrativ tilknyting ==
== Historisk-administrativ tilknyting ==

Sideversjonen fra 18. des. 2009 kl. 10:36

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Skjåk
0513 Skjak komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0513
Fylke Oppland
Kommunesenter Bismo
Areal 98.83  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 98.83  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1866
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Mal:Thumb høyre Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866, og hadde da skriftforma Skiaker. Ein person frå Skjåk blir kalla ein skjåkver. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna i Skjåk prestegjeld, Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre. Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket "gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte". Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonane i bygda.

Bygdenamnet

Bygda har fått namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), og den opphavlege forma var Skeidåker. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit større område vart «Skeidåker» venteleg teke i bruk da det vart bygd kyrkje der, ein gong i tidleg mellomalder eller i høgmellomalderen. I den kyrkjelege inndelinga fram til midten av 1700-talet omfatta Skjåk annekssokn strekninga på sørsida av Otta-elva (baksida) frå grensa til Lom til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til tverrelva Aura. Resten av nåverande Skjåk sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk kom til ein gong før 1280. Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore Nordherad. Det namnet skriv seg truleg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at «Skjåk» vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i 1752 og det vart berre eit sokn i Nordherad. Sjå meir om dette i Skjåk: Grender og krinsinndelingar og Skjåk i historisk-administrative inndelingar

Naturtilhøve og ressursgrunnlag

I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og den austlegaste delen av Nordberg, aust for ålmenningsgrensa) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde enkeltbruk innimellom. Dei store høgfjellsstrekningane (nær 80 % av arealet i kommunen) har gjeve grunnlag for husdyrbeite (derunder utbreidd seterdrift), jakt og fangst, tamreindrift og turisme. I 1840-åra vart det sett i gang utvinning av krommalm på Dørkampen og Høggøymene i fjellet mot Lesja-kanten, men det vart kortvarig. I førhistorisk tid og i mellomalderen kan det ha vore utvunne noko myrmalm t.d. på Randsverk nær Sota, og kanskje noko kleberstein i det same området. Elles har det ikkje vore noko grunnlag for utnytting av malm og mineralførekomster i bygda.

Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Elva Åstra, med utspring i Liavatnet, møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Framrusta frå Raudalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen. Storelva Otta, og sideelvene Framrusta (Raudalsvatnet) og Aura (Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.

Lågaste punktet i Skjåk (vestenden av vatnet Skim i Ottaelva) ligg på 364 over havet. Høgste punktet er den høgste av Hestbrepiggane på 2172 m.o.h., og det er i alt 17 fjelltoppar over 2000 meter innan kommunegrensene.

<googlemap version="0.9" lat="61.856149" lon="8.129883" type="map" zoom="7">

61.876498, 8.371122, Skjåk Skjåk i Oppland

</googlemap>


Skjaak Arealtyper.jpg

Arealet på 2079 km2 fordeler seg slik:

Arealtype Dekar Prosent av

totalareal

Snaufjell 1.651.050 79,4
Skogareal 173.000 8,4
Brear 124.860 6,0
Myrer 4.940 0,2
Vassdrag 100.190 4,8
Innmark 25.000 1,2
Totalt areal 2.079.040 100

Klimaet i Skjåk er spesielt på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av. Dei fyrste kjeldebelegga for vatningsanlegg er frå ca. år 1600. Med folkevekst og intensivering av korndyrkinga mot slutten av 1700- og utover på 1800-talet, vart vatningsanlegga sterkt utbygde. Særleg kjend som «ingeniør» er Vass-Per.

Bygg er den kornsorten som har best vekstvilkår i Skjåk. Bygda har iallfall sidan 1600-1700-talet vore kjend vide omkring for den gode kvaliteten på byggkornet. jf. Skjåkmjøl, som blir marknadsført i våre dagar. Temperatur- og vekstsesongtilhøva inneber at ein i Skjåk kan rekne byggavl som nokså årssikker heilt opp til 700 meter over havet, iallfall i solsida. Dei fleste gardane (og heilårsbustadene elles) ligg mellom 365 og 560 meter høgde over havet. Den høgast liggjande større grenda, Bråtå, ligg opp mot vekstgrensa mellom 600 og 700 m.o.h.

Historisk-administrativ tilknyting

Utdjupande artikkel: Skjåk i historisk-administrative inndelingar

Folketalsutvikling

Folketalsutviklinga i Skjaak.jpg
Tidspunkt og kjelde Folketal
Høgmellomalder maksimum
rett før Svartedauden 1350
(Skjåk bygdebok bd 1)
Min. 120 bruk, 600-700 personar
Lågmål i seinmellomalderen
ca. år 1500
(Skjåk bygdebok bd. 1)
Ca. 50 bruk, 250 personar
1664 (Skjåk bygdebok bd. 2,
på grunnlag av prestens manntal)
700 personar
Folketeljinga 1769 1049
Folketeljinga 1801 1485 (i den trykte statistikken: 1367.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1815 ca. 1450 (i den trykte statistikken: 1337.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1825 1875
Folketeljinga 1835 2137
Folketeljinga 1845 2159
Folketeljinga 1855 2477
Folketeljinga 1865 2691
Folketeljinga 1875 2623
Folketeljinga 1891 2477
Folketeljinga 1900 2318
Folketeljinga 1910 2166
Folketeljinga 1920 2282
Folketeljinga 1930 2444
Folketeljinga 1946 2990
Folketeljinga 1950 3028
Folketeljinga 1960 2868
Folketeljinga 1970 2571
Folketeljinga 1980 2623
Folketeljing/folkeregister(?) 1990 2612

Etter 1990 sjå Statistisk sentralbyrå

Historie

Bakre grense for levelege vilkår for folk i Skjåk-traktene etter istida går ved ca. år 7000 f.Kr. Dei fyrste sikre spor etter menneske der kan knytast til ein jordbrukskultur i bygda ca. 2500 f. Kr. (yngre steinalder). Gardsnamn og gravfunn vitnar om busetnad i store delar av bygda i eldre jernalder, altså i dei næraste århundra rundt år 0. Eit fangstanlegg for elg er datert til 220-570 e.Kr. Ved utgangen av vikingtida ca. år 1000 kan det ha vore om lag. 60 gardar i bygda.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie frå istida til år 1000

I følgje Snorre vart Lom og Skjåk kristna da Heilag-Olav kom i det ærend hit i 1021. Folkeveksten i tidleg mellomalder og høgmellomalderen (fram til 1350) gav grunnlag for to kyrkjesokn i det nåverande Skjåk (Hove og Skjåk), men med felles prest. Det kan ha vore meir enn 120 gardar rett før Svartedauden (1349). Befolkningskrisene i seinmellomalderen gjorde at befolkninga vart meir enn halvert. Dei to kyrkjesokna vart anneks under Lom prestegjeld.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)

I andre halvparten av 1600-talet hadde talet på gardar og menneske på nytt nådd nivået frå høgmellomalderen. Om lag 60% av gardane var sjølveigd jord. Det meste av leiglendingsgodset var ått av krona og kyrkja. I løpet av nokre tiår etter 1660 vart mykje av det offentlege godset avhendt, og snart var mest alle gardbrukarar i Skjåk sjølveigarar. Frå ca. 1730 byrja ein å utnytte den store ålmenningsskogen kommersielt. Kongen selde ålmenninga i 1726, og ut århundret var ho i hendene på private forretningsfolk, det meste av tida store kjøpmenn i Kristiania. Husmannsvesenet utvikla seg frå da av. Gardbrukarane fekk brukbare overskot på sal av byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn på Lesja, i Folldalen, på Røros og andre stader.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie 1500-1800

I 1798 gjekk gardbrukarane i Skjåk saman og kjøpte ålmenninga av Bernt Anker. Dette var ei skilsetjande storhending i bygdehistoria som har hatt djuptgripande verknader for bygda, økonomisk, sosialt og jamvel politisk.

Fyrst på 1800-talet opplevde Skjåk ei ganske sterk haugiansk vekkjingsrørsle. Pietismen fekk sterk motbør i Venstre- og norskdomsrørsla mot slutten av århundret.

Skjåk vart vart eige prestegjeld frå 13. desember 1863. Nordberg vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866, same datoen som Skjåk altså vart eiga kommune.

Jernbane gjennom Østerdalen og Gudbrandsdalen, omfattande emigrasjon og andre faktorar tvinga fram store endringar i landbruket også i Skjåk etter 1880. Tida frå ca. 1914 er prega av mekanisering, motorisering og elektrifisering, og næringslivet blir meir differensiert. I 1930 tok Skjåk Almenning i bruk eit nytt og moderne sagbruk og eit høvleri i Bismo. Den fyrste fagforeininga i Skjåk vart skipa ved ålmenninga same året. Gardbrukarane hadde tidlegare organisert seg i bondelag og småbrukarlag.

Politisk vart det danna Venstre og Høgre frå 1880-åra. Arbeidarpartiet og Bondepartiet vart organisert i 1920-åra. Arbeidarpartiet fekk fleirtal i kommunestyret frå 1935, og etter den tid har Arbeidarpartiet og Bonde-/Senterpartiet skifta på å vere det leiande partiet i bygda.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie 1800-1940

I april 1940 vart bruene i Skjåk forsøkt bomba av tyskarane, utan at det lykkast. Elles vart bygda lite råka av krigshandlingar. Skjåk var blant dei bygdene som hadde relativt stor oppslutning om NS under okkupasjonen. Motstandsrørsla vart etter kvart organisert både sivilt og militært, det siste med ei milorgavdeling basert i Nordberg. Den mest dramatiske krigshendinga i Skjåk var ein Gestapo-aksjon i samband med jakta på ein milorgmann i Bråtå i mars 1945.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie under okkupasjonen 1940-1945

Folketalet i Skjåk kulminerte i 1950-åra med noko over 3000 innbyggjarar. Sidan har folkesetnaden vorte redusert til ca. 2300 (2009).

Frå om lag 1970 har Bismo vorte utvikla som kommunesenter, mellom anna med nytt kommunehus frå 1968 og ny ungdomsskule frå 1975. Enda ei tid seinare kom det idrettshall (1979), svømmehall (1981) og kjøpesenter. Det er utbygd mange bustadfelt, og det har vorte etablert fleire bedrifter, mellom anna innan mekanisk industri der.

Landbruket vart «traktorifisert» frå slutten av 1950-åra, og både driftsformene og ikkje minst bygningsmassen har endra seg mykje etter den tid. Gardbrukarane i Skjåk har vorte internasjonalt kjende for griseavl. I bygda sett under eitt var i 2007 19% av yrkesbefolkninga sysselsette i primærnæringane (jord og skogbruk), 25 % i sekundærnæringane (industri, bygg og anlegg) og 55% i tertiærnæringane (administrasjon, tenesteyting, varehandel og reiseliv). Jakt og friluftsliv og opplevingsferie har vorte satsingsområde. Dette har fått auka aktualitet etter at nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen vart opna (2006 og 2009). Det meste av høgfjellsområdet til Skjåk almenning er inkludert i desse nasjonalparkane.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie etter 1945

Historiske sektoroversyn

Ressursutnytting og næringsliv - generelt

Dei to kyrkjesokna Skjåk og Nordberg kan seiast å ha ulikt ressurs- og næringsgrunnlag frå naturens side. Eit uttrykk for dette er at Nordberg stundom blir omtala som «skogbygda» og Skjåk som «grjonbygda» (grjon = matvarer av mjøl el. korn, korn(avling)).

I Nordberg er det betydelege areal med produktiv furuskog, eigd av Skjåk almenning. Denne delen av bygda har representert ressurstilgang i form av materialar, beite og for for gardane i båe sokna. Frå ca. 1730 har skogen også hatt kommersiell betydning ved sal av i hovudsak rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri nær/i Bismo, og frå da av har avsetnaden dreia seg om foredla trelast. I Nordberg har svært mange av familiane livnært seg av ein kombinasjon av småbruk og skogsarbeid.

Dei beste jordbruksareala og dei største gardane finn ein i «grjonbygda» Skjåk sokn. Der har næringsgrunnlaget tradisjonelt vore dominert av jordbruket, men med viktige inntektstilskot som har falle av eigarrettar i ålmenninga. Fram til ca. 1880 eksporterte gardane betydelege mengder byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn som Lesja, Folldalen og Røros. Etter at jernbanen gjorde konkurransen frå importert korn for hard, måtte ein også i Skjåk satse meir på husdyrhaldet, mest storfehald (mjølkeproduksjon). Etter andre verdskrigen har Skjåk vorte kjent for framifrå svineavl.

Nær 80 % av arealet i kommunen er høgfjell. Etter Høgfjellskommisjonens granskingar vart i 1922 eigedomsretten også til høgfjellsstrekningane i heile heradet, altså ikkje berre ålmenningsskogen i Nordberg, tilkjent Skjåk almenning. Høgfjellet har i det tradisjonelle landbruket vore utnytta til beite, ikkje minst i form av seterdrift. Frå 1890-åra fram til 1960-åra var det tamreindrift i Skjåk, dels i privat, dels i kommunal regi. Frå slutten av 1800-talet har høgfjellet også meir og meir danne grunnlag for turisme og andre fritidsnæringar. Pollfoss og Grotli er dei eldste turistverksemdene som har vore tufta på dette. Jakt (villrein, elg) og fiske (aure) er og har vore viktig som fritidssyssel og for matauk. Nyleg har monalege delar av høgfjellet i bygda vorte verna område som del av Reinheimen nasjonalpark.

Frå og med fyrste verdskrigen har næringslivet vorte stadig meir differensiert. Det vart sett i gang fleire foredlingsverksemder basert på jord- og skogbruk: møller, ysteri og sagbruk. Dei viktigaste var Lom og Skjåk Dampysteri frå 1924 og Skjåk ålmennings sag- og høvleri frå 1930. Etter 1914 vart det danna fleire rutebilselskap i Skjåk og Ottadalen, og ein større bilverkstad vart etablert i Bismo i samband med dette. Mindre trevarefabrikkar og annan småindustri kom også i gang. I løpet av dei siste 30-40 åra har det kome til fleire moderne industribedrifter i Bismo, som mellom anna baserer seg på leveransar til offshoreverksemda.

Elektrisk straum kom til store delar av bygda med bygging av kraftverk i tverrelva Aura i 1919-1920. Regulering av Breidalsvatnet og Raudalsvatnet under og etter andre verdskrigen var basert på sal av vasskraft til elektrisitetsverk lenger nedover i Otta, Lågen og Glomma. Straumproduksjonen innan bygda vart auka med vidare utbygging av Aursjoen etter krigen, og ikkje minst med utbygginga av Øvre Otta etter regjeringsvedtak i 2001.


Kunst og kultur

Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. Frå 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader (flamskvev), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som Skjåk-Ola (Ola Rasmussen Skjåk/Teigroen 1744-1803) og Sylfest Nilsen Skrinde (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er Fel-Jakup eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast Torkjell Auale (1863-1940), Kristen Vang (1902-1979) og Rikard Skjelkvåle (1890-1976). Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, Tore Ørjasæter (1889-1968) og Jan-Magnus Bruheim (1914-1988)

Litteratur