Trydal (Bykle gnr 17)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. nov. 2014 kl. 11:32 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Trydal | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | utskil...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Trydal
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Type: Gardsbruk

Trydal er ein matrikkelgard i Bykle kommune. Når ein køyrer riksvegen nordetter frå Valle, kjem ein fyrst til Bjørnarå. Den neste grenda er Trydal. Grenda ligg etter måten lågt, i ein djup kvelv innunder Storefjøddet, med gardsbruka i ein ring kring Trydalstjønni, 515 moh. Utmarka femner åt Otre mot vest, Åsdokkine mot sud, Åsbrokkine mot aust, og mot nord deildar Trydalsgardane mot Berdalen og Bjones på toppen av Storefjøddet. I alt dreiar det seg om eit samla gardsvald på vel 25 000 mål. Utover dette hadde Trydal også rettar i allmenningen i Bykleheiane. Støylane var avgjerande for husdyrbruket gjennom idene, og liksom andre i Bykle dreiv trydølane med jakt og fiske, i presten Reier Gjellebøl si «bygdebok» frå slutten av 1700-åra vert Trydalstjønni utpeika som eit særleg godt fiskevatn. Dessutan var skogsdrifta viktig for økonomien, og hadde visseleg meir å seia i Trydal enn i dei delane av bygda som ligg høgre i lendet.

Når det gjeld tolkinga av gardsnamnet skriv Amund B. Larsen i Norske Gaardnavne, VIII (1902), som fylgjer:

1ste Led Try- antages at tilhøre et Elvenavn, hvis gamle Form ikke kjendes, se Gjerstad GN 29. S[ophus] B[ugge] antager [i] N[orske] El[venavne] , S. 338, at Elvenavnets gamle form var *T r y j a, afledet af oldn. t r e, n, Træ.

Men bortkomne elvenamn er ei standardforklaring som dei gamle namnegranskarane gjerne treiv til, kvar gong dei - oftast avdi dei vanta lokalkunnskap - ikkje greidde å koma på noko betre. Utan at elvenamntolkinga dermed skal vera aldeles uteslutta, torer me ymte om ei mogeleg namnetyding på grunnlag av det norrøne þrjú (thrjú), som er den nominative inkjekjønnsorma av talordet þ r i r, tre (jfr. Ragnvald Iversen: Norrøn Grammatikk, 1961, 111). Gustav Indrebø har påvist ein lydovergang , , > (j)y i sein gamalnorsk tid (1300-åra) og tek fram døme som snjó > snø og rjuva > ryva (Norsk Målsoga, 1951, 115). Skulle ein ha trong til fleire døme, kan ein tenkje på slikt som rjuka > ryke, rjupa > rype, brjóta > bryte, krjupa > krype osb. Ein overgang frå Thrjúdall til Trydal må tvillaust vera eit utslag av det same fenomenet. Det finst au ei gamal form av Trydalsnamnet, i ei skatteliste frå 1601, som styrker tanken om at ein slik overgang har funne stad: Tryugdal. Ei parallell namneutvikling er nemnt hjå hjå Jørn Sandnes og Ola Stemshaug i Norsk Stadnamnleksikon, 1976, der det vert peika på at Tryvatn ved Oslo «kjem av þrjú, tre, fordi her ligg tre vatn på rad». Vår tyding av namnet Trydal skulle etter dette verta «tridal» eller meir presist: «Dal som opnar seg i tre leier». Det stemmer bra, både med filologien og landskapet.

I dag er Trydal ei grend med mange gardsbruk og bustadtomter, men i utgangspunktet var det berre ein Trydal-gard, som alle dei hine er utkløyvde ifrå. Ut ifrå ei samla vurdering av kvar dei ulike ættegreinene på garden heldt til, tykkjest det mest truleg at Systog, bnr 2, er eldste verestaden, og altså det gamle hovudbølet.

Dette vert styrkt av eit moment som Folke Nesland har gjort merksam på: På sørvestsida av Trydalstjønni ligg den runde kullen Nonåsen. Såleis heiter høgder i landskapet der sola, sett frå ein viss stad, sto til nons, dvs. klokka 2. Klokka 2 står sola i sør-sørvest. Det tykkjest forsvarleg å meine at Nonåsen må vera eit mykje gamalt namn, og dermed sannsynlegvis namnsett frå det eldste tunet i bygda. Om ein nå spør kvar ein skal stille seg opp for å sjå sola midt over Nonåsen klokka 2 på ettermiddagen, kjem ein til Systog-tunet. Rett nok kunne også Der inne vera tenkjeleg, det vert ikkje langt ifrå same himmelretninga, men det bruket veit me omtrent kva tid kom til, medan Systog er så gamalt at ein ikkje kan gjera seg von om å finne spor i skriftlege kjelder etter dei som fyrst rudde.

Men oldfunn tyder på at her har budd folk i vikingtida. Om her hadde vore garddeling, og dermed fleire bruk, i vikingtid og mellomalder er uvisst, men me lyt halde det for mykje mogeleg.

I den mon her kan ha vore fleire bruk i mellomalderen, så vart dei fleste liggjande øyde etter Svartedauden, så uttetter 1400- og fyrste helvta av 1500-åra reknar me berre med ei busetnadseining i Trydal. Rimelegvis var då dette Systog, eller rettare ei eining med tyngdepunktet omlag der Systog ligg i dag. Såleis var stoda til noko fyre år 1600, då garden vart dela i to bruk. Me reknar med at dette var Systog og Nordstog Trydal. Sidan vart båe båe desse bruka dela på nytt, slik at det seinast i 1711 var 4 trydalsgardsbruk: Nordstog Trydal og Der inne, Systog og Storstein. Såleis var det til kring 1770, då plassen Moen vart folkesett. Seinare vart det to Moenplassar, ein under Nordstog og ein under Der inne. Men i 1867 vart desse to slegne i hop med Nordstog og Der inne til ein eigedom. Dermed vart Nordstog folketomt og etter kvart også sletta or matrikkelen.

I den gamle gards- og ættesoga les me at Moen og Nordstog «i røynda er same garden», og dette er i og for seg rett, dei ligg i hovudsak innanfor dei same gamle deildene. Men nåverande Moen og nåverande Systog er resultatet av ei deling av «det sammenføiede brug» i 1906, og det nye Moen har tunet og tyngdepunktet sitt der den gamle plassen Ytre Moen låg.

Utetter 1800-åra vart det rudd nokre fleire plassar, men fyrst etter 1900 tek oppkløyvinga av dei gamle bruka til for alvor. Dei av desse delingane som førde til nye drifts- og/eller bustadeiningar kjem me attende til. Tabellen nedanfor gjev eit grovoversyn over utviklinga.

Dei einskilde bruksnummera i tabellen kjem me til etter kvart. Men fyrst lyt me taka med oss nokre opplysningar om landskylda, og dinest skal me sjå kva me kan finne ut om hendingar og vendingar på den udela garden.

I skattelistene frå 1593, 1601 og 1607, då Trydal vart skattlagt som eitt bruk, vart garden rekna som såkalla halvgard. Men då dei i 1610 byrja å krevje skatt av 2 bruk vart det eine rekna som halvgard, medan oppsitjaren på det andre vart plassert i husmannskategorien. I røynda var dei to bruka like store, med ei landskyld på 1 1/2 hud kvar, ser me i eit odelsmanntal frå 1624, men den eine oppsitjaren i 1610 var ei kvinne, visseleg ei enke, og me lyt vel då rekne med at ho har fått redusert skatten då ho miste mannen sin.

Frå 1647 ser ein at landskyldtaksten hadde vorte sett ned til 2 huder. Same skylda, 2 huder, går att sidan, inntil ho i 1838 vert omrekna til 6 dalar 4 ort 12 skilling. Ved nymatrikuleringa i 1886 vert garden vurdert til ei landskyld på 12,86 mark eller 1286 øre.

Bruk og bustadtomter under gnr 17 Trydal

{{ !Bnr 1886
og seinare !Bruksnamn !Lnr 1838 !Skyld
Skill. !Skyld
Øre !Utskilt frå !Etabl. år !Matr. år !Merknad |- |2 |Systog |44 |246 |626 (1886)
196 (2003) |Heile gnr 17 |1578 |Fyre 1624 |Hovudbøle fyre 1350, halve garden frå 1578. |- | |Nordstog |42 |145 | |Heile gnr 17 |1578 |Fyre 1624 |Halve garden frå 1578. Saman med 17.1 frå 1867. |- | |Øvre Moen | | | |Nordstog | Ca 1770 | |Plass frå ca 1770. Etter 1906 del av bnr 8. |- |1 |Der inne |43 |168 |318 (1886)
308 (2003) |Nordstog |1667/89 |1700 |Frå 1906 halvpart av det samanslegne 17.1 og lnr 42. |- | |Ytre Moen | | | |Der inne |1855 | |Plass frå 1828. Etter 1906 del av bnr 8. |3 |Storstein |45 |90 |133 (2003) |Systog |1683/1711 |1712 |Plass frå 1828. Etter 1906 del av bnr 8. |- |5 |Strondi | | |24 (2003) |Frå Storstein sin del av Trydalsskogen |1882 |1882 | |- |8 |Moen | | |171 (2003) |Det samanslegne Der inne og Nordstog |1906 |1897 |Frå 1906 halvpart av det samanslegne 17.1 og lnr 42. |- |9 |[[Strandehagen (Bykle gnr 17/9)|Strandehagen | | |1 (2003) |Frå Systog sin del av Trydalsskogen |1886/87 |1908 |Plass, sjølveigarbruk frå 1908. |- |12-13 |Skarberg
(Kroné) | | |2 (2003) |Moen og Der inne |1917 |1919 |Bureisingsbruk |- |14 |Nordstog Grasbrokke | | |1 (2003) |Systog Grasbrokke |1914 |1919 |Bureisingsbruk |- |15 |Systog Grasbrokke | | |1 (2003) |Systog |1870 |1919 |Plass, bureisingsbruk frå 1914. |- |16 |Uppistog Tykkholt | | |1 (2003) |Storstein |1865/75 |1919 |Plass, sjølveigarbruk frå 1892/98. |- |17 |Støylo | | |16 (2003) |Systog |1850 |1919 |Plass, småbruk frå 1919. |- |18 |Nistog Tykkholt | | |1 (2003) |Uppistog Tykkholt |1910 |1919 |Småbruk frå 1910. |- |19 |Optestøyl
(Utigard) | | |6 (2003) |Systog |1921 |1919 |Bureisingsbruk |- |20 |Stigamidjom | | |5 (2003) |Moen og Der inne |1866 |1933 |Plass, sjølveigarbruk frå 1908. |- |21 |Åsdokk | | |15 (2003 |Der inne |Ca 1871 |1935 |Plass, sjølveigarbruk frå ca 1900. |- |22 |Svingen | | |2 (2003) |Systog og Storstein |1937 |1942 |Bureisingsbruk. |- |28 |Torstveit | | |1 (2003) |Strandehagen |1949 |1995 |Bureisingsbruk. |- |37 |Skogly | | |1 |Systog |1968 |1968 |Bustadtomt. |- |42 |Furulund | | |1 |Nistog Tykkholt |1970 |1972 |Bustadtomt. |- |43 |Solvang | | |1 |Strondi |1970 |1972 |Bustadtomt. |- |8.1 |Myra | | |1 |Moen |1983 |1983 |Bustadtomt. |- |57 |Solhaug | | |1 |Uppistog Tykkholt |1985 |1984 |Bustadtomt. |- |61 |Roybo | | |1 |Strandehagen |1996 |1997 |Bustadtomt. |- |62 |Strandestøyl | | |1 |Storstein |Ca 1950 |1974 |Bustadtomt. |- |1.1 |Hestevelt | | |1 |Der inne |1998 |1998 |Bustadtomt. |}

Den udela garden

Dei fyrste personnamna me får greie på finn me i eit brev frå år 1500, der det går fram at ein Olav Gunnarsson selde garden Trydal - med unnatak av Stavvatnet - til Askjell Gunnarsson, bror sin, og kvitterte for fullt oppgjer. Meir veit me ikkje om desse karane.

Det neste brevet om Trydal er litt meir opplysande. Det er dagsett 22.5.1552, og fortel at Folke Kjetilsson då kaupte Trydal av Knut Lidvardsson og Mikkel Ormsson. Eigedomen var ervegodset av konene til Knut og Mikkel, står det, men Folke hadde betre odel, og fekk difor løyse ut dei andre eigarane. Brevet er skrive og forsegla i Vinje, noko som kan tyde på at seljarane budde i den bygda, men det veit me likevel ikkje meir om. Men Folke Kjetilsson er Folke Kjetilsson Rygnestad (n 1552-78), odelsbonden på Syndre Rygnestad (jfr. Valle VI, 288f).

Folke Rygnestad hadde odelsrett i Trydal, men det er snautt om han nokon gong har budd her. Helst let han garden drive av brukarar, inntil han i 1578 bytte bort eigedomen til Svenke og Tarald Torgrimssøner Brottveit mot to tredjepartar av Brottveit (jfr. Valle III, 317). Dei to brørne kom hit, og budde her i tida etter gardkaupet.

I 1591 er likt til at Tarald har kome i beit for pengar, ettersom han då pantsette halve Trydal til Jorunn Eivindsdotter Rygnestad, kona åt Åsmund Torleivsson i Nordigard Rygnestad, for 32 dalar.

I eit brev frå 1597 vert handelen frå 1578 stadfest. Her vert det også fortalt at Folke Åsmundsson og brørne hans, i tillegg til Trydal, har gjeve Tarald 8 dalar og 1 tunne korn for eigene hans i Brottveit. Dertil har Tarald og brorsonen Torbjørn Svenkesson fått areal i Hislii, står det (jfr. Valle VI, 291). I 1609 kaupte Jorunn Eivindsdotter og sønene hennes Tarald Torgrimsson og Liv Aslaksdotter (kona hans ?) heilt ut or garden for 40 dalar, 1 kyr og 1/2 tunne korn. Sidan er sønene av Jorunn og Åsmund Rygnestad og etterkomarane deira oppsitjarar på halve Trydal i ei årrekkje, medan etterkomarane etter Svenke Torgrimsson sit på den andre halvparten. Ettersom rygnestadætta sidan hadde Nordstog, reknar me med at det var det bruket Tarald Torgrimsson og Liv Aslaksdotter hadde hatt. Svenke og ætlingane hans sat då i Systog.

Her har me då den fyrste delinga av Trydal, som me kan finne spor etter. Det er vanskeleg å tidfeste henne heilt nøye, men det ligg nærast å tru at her må ha vore to bruk fyre pantsetjinga i 1591, og at Tarald og Svenke har hatt kvar sitt. For om garden då ikkje hadde vore dela, ville vel heile garden ha vorte pantsett - ikkje berre halve, og både Tarald og Svenke - eller Torbjørn Svenkesson, dersom Svenke då var død - ville ha stått som debitorar - ikkje berre Tarald. Mot dette kan likevel innvendast at skattelistene ikkje opererer med meir enn eitt bruk i Trydal fyrr i 1610.

Men på den andre sida kan det sjå ut til at dei gamle futane ikkje alltid tok ajourføringa av desse listene så nøye, men ofte nøgde seg med å skrive av det som sto å lesa i oversynet frå året fyre. Me har mistanke om at dei eldste skattelisteopplysningane om Trydal er døme på dette, og så langt dette er rett fall nok den fyrste garddelinga kort etter at Tarald og Svenke hadde overteke i 1578, og iallfall fyre 1591. Om derimot dei eldste skattelistene faktisk var ajour, lyt me plassere delinga av garden mellom Systog og Nordstog til 1609. Etter det me kan skjøne er det fyrste det mest sannsynlege.

I og med at den fyrste garddelinga er plassert, vil me i framhaldet gå over til å sjå på dei einskilde bruka eitt om gongen. Så langt det er mogeleg skal me nytte rekkjefylgja frå matrikkelen, men ettersom Nordstog Trydal lyt falle utanfor denne, tek me like godt det bruket fyrst.


0941 Bykle komm.png Trydal (Bykle gnr 17) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder