Austbø (Fedje gnr 167 bnr 12)
Austbø | |
---|---|
Husøyna framme i 2022 med frå venstre bnr 12, bnr 302 og bnr 301. Bakom ligg hyttefeltet i Rognsvågen. Foto: Karsten Madsen
| |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 167 |
Bnr: | 12 |
Adresse: | Husøyna 40 |
Austbø er ein eigedom i Fedje kommune.
1. Rune Uthaug f. 1953 (gnr 168 bnr 67-2f), vedlikehaldsarb., g. 1978 m. Anita Duesund f. 1960 Mulen (gnr 169 bnr 79-1d), omsorgsarb. Skøyte 1981 på tomt frådelt Rognsvågen gnr 167 bnr 1 i 1975. I tillegg kjem gnr 168 bnr 318, utskilt frå gnr 168 bnr 208 og gnr 168 bnr 308 i 1981, og gnr 170 bnr 40, utskilt frå gnr 170 bnr 36 i 1981, begge samanføydde med gnr 167 bnr 12 i 1994. Huset vart bygd i 1981.
Born: a. Trine-Jeanette Uthaug f. 1980, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 259-2). b. Anders Uthaug f. 1982 g. 2008 m. Ellen Aasheim f. 1981 Gjøvik, busette der, begge lærarar. c. Alf-Rune Uthaug f. 1986, sjå nedanfor (2). d. Dorte-Mari Uthaug f. 1991, bustad Bergen, seinare Svena (gnr 168 bnr 422-4).
Ekteskapet oppløyst, Anita flytta til Kopper (gnr 168 bnr 146-2). Rune kjærast m. Jorunn Kårdal f. 1952 Hopland i Austrheim, busett der (jf Austrheimb. II s 642).
2. Alf-Rune Uthaug f. 1986 på dette bruket (1c), bussjåfør, g. 2019 m. Maria (Ma) Shella Basas Gallego f. 1987 Filippinane, pleiemedhjelpar, var busette her, flytta i 2020 til Bildøyna i Fjell, Øygarden kommune.
Born: a. Nina Uthaug f. 2013 (mor Sophit (Nun) Lakrathok f. 1989 Korat i Thailand, flytta tilbake dit). b. Kevin Uthaug f. 2019.
Austbø (Fedje gnr 167 bnr 12) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Husøyna • Neste bolk: Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 140) |