MB «Litleveiren» M 20 VA. Bygd på Bjørkedalen til Årset notlag som eigde og brukte båten så lenge den varte.
Båten hadde krum stamn og stemne/stemnestykke (mellomstykke frå fremste ende av kjølen skråande opp i 2 fots lengde til bakkant av framstamnen på ein 30-foting).
MB Litleveiren set Landnota
MB Litleveiren M 20 VA slepar
Denne konstruksjonen, at stamnen starta langt bak under båten, var vanleg på gavlbåtar bygde til bruk med landnot. At kjølen vart kort gjorde båten rask å svinge/styre (når du jakta på fisk fylgde du ofte fjøra med lite klaring). Når du skulle drage fram nota var det viktig å kome godt fram i fjøra med båten slik at det vart lite klaring under nota for å berge fisk. Brukarane sa det ofte på denne måten: "Båten var god i fjøra". Ved bygging hadde den runde kjølforma den fordelen at det var lett å "få båten utyve", å gi den ein "rund bunkje" (rund i botnen med god berevne). Ulempa var at båten flaut så høgt i sjøen at den ikkje fekk "vatn på tvora (propellen)" når nota var i sjøen (lite last bak). Båtane var derfor ofte uberegnelege ved manøvrering utan last, propellen drog luft ved oppbakking og gikk i fjøra eller kaia med for stor fart. Var det fleire ombord samtidig såg ein ofte at ledige folk gjekk så langt bak på båten dei kunne når tida for oppbakking nerma seg for "å få vatn på tvora". Les mer …
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik
MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.
Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ. Les mer …
Ei kokse ( nordmørsk) «ko’ks») eller prame ( nordmørsk) «pra’m») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til heimefiske, småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer spiss framstamn, akterspegel, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollepinnar. Botnen kan elles vera forsterka med eit langsgåande bord på kvar side av kjølen. Koksa har normalt to band med tofter, og i tillegg kan dei ha ein sess ved akterspegelen. I rorsrommet er det gjerne ei opa tilje med tversgåande ribber som er gode å ta spenntak mot når ein ror. Framskotten og akterskotten blir gjerne bruka til last. Lengda på koksa er normalt kring 10–12 fot. Geografisk sett er koksa vanleg på Nordmøre og i Fosen (kysten av Trøndelag fylke sør for Flatanger). Namnet kokse kjem frå sørsamisk guksie (uttala goksie i namdalssamisk), som elles tyder ei lita drikkeause av tre og med eitt skaft. Les mer …
Saltværing er den varianten av nordlandsbåtar som tradisjonelt blir bygd frå Salten og nordover. Samanlikna med ranværingane og bindalsbåtane har dei relativt mindre spring, og framskotten er gjerne meir utlagt. Generelt har båtane nordom Saltfjellet alltid vore bygd i furu, medan ranværingane og bindalsbåtane av nyare, rettstemna type normalt har vore bygd i gran. Det er usikkert kva ulikheiter det har vore mellom båtane bygd i Salten og Ofoten på den eine sida og båtane bygd nord i Troms og Finnmark på den andre, men ein tendens er at båtar som har vore brukt opp mot Finnmark gjerne har vorte borda opp med eit ekstra omfar. Les mer …
L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske.
Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da krigen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden. Les mer …
Hardanger Fartøyvernsenter sin logo
Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei stifting som samstundes er både eit museum og eit levande verft i Norheimsund i Hardanger. Stiftinga vart etablert i 1984 og har mange ulike tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, og museumsverksemd. Ho er óg aktiv innanfor attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingeplassar, leirskule og reiseliv. Sidan 2007 er senteret ei eining i Hardanger og Voss museum. Norsk Kulturarv tildelte HFS og SJ «Mathilde» Olavsrosa i 1999.
Verftet er navet i HFS sin verksemd. Her gjeras det praktiske restaureringsarbeidet, ofte er det store og krevjande restaurerings- og dokumentasjonsoppdrag. Restaureringa fylgjer antikvariske retningsliner, så lite som mogleg skiftes ut og det som vert skifta blir erstatta av material med same kvalitet og lik handverksmessig utføring som det gamle. Målsetjinga er at fartøya skal vernast som flytande kulturminne. Eit anna viktig mål er å føre handverkskunnskapen som elles ikkje er aktuell i vanlege kommersielle samanhengar vidare. Les mer …
|