MB «Pokal»

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «MB "Pokal"»)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.

MB «Pokal» var ein fiskebåt som vart bygd i Hardanger i 1930 og selt til eigarar i Volda. Båten gjekk i 1949 gjennom ei omfattande ombygging ved L/L Vik båtbyggeri i Høydalen. Båten hadde fram til 1965 nummer M-80-HØ og kjennesignal LHAF. I 1985 vart båten stroken i Skipsmatrikkelen og søkt i Osterfjorden, truleg året etter.

Bygging

Heilt fram til 2018 har ein trudd at «Pokal» var bygd i Ølve, men båtentusiasten Eirik Graue leita seg fram til at han vart bygd hos Edvard Løfalds båtbyggeriLøfaldstrand i Hardanger. Fyrst leita Graue i alle register, utan å finne «Pokal» nemnd nokon stad.

I Haugesund Dagblad frå 1. september 1930 står det at Løfalds båtbyggeri skulle levere ein båt på 55 fot med 40 hk Wichmann motor til Sunnmør. Her stemmer båtstørrelsen og motoren, dertil er båttypa slik dei brukte sjå ut.

Eigarar

«Pokal» vart bygd for Hans O. Sævik. Medeigarar var Anton S. og halvbror til Hans O., Oskar O. Sævik. Medeigarane vart utløyste midt på 1950-talet. I 1957 kom Olav H. Sævik, sonen til Hans O., inn som medeigar, 16 år gamal.

Til vanleg var det Hans O. som var skipper på «Pokal». Den fyrste tida, før det vart vanleg med kystskippereksamen, vart det halde kurs på skular og bedehus, som gav kunnskap for fiskeskipperar og andre. Hans O. hadde gått nokre av desse kursa, so kalla «jordmorkurs». At han var ein dugande skipper er det ikkje tvil om.

Sonen Olav tok kystskippereksamen i Ålesund, 17 år gammal. Han var yngstemann i kullet, og stundom når læraren snakka til han, sa han «du nyfødde», så det er tydeleg at tonen har vore uformell. Olav fekk ikkje papira før han fylte 21 år.

Begge eigarane var såleis kapable båtførarar. Olav H. fekk eit mangslunge liv på sjøen. Han sigla som skipper på mange slags fartøy – frå Sør-Afrika til Amerika.

Ombyggingar

Karane til høgre er i gang med å feste planke nummer to. Dei til venstre skal ta malane for neste planke. Røyken bak skroget kjem frå den vedfyrte stimkjelen.

I merkeregisteret for 1938 har båten desse måla: 54,5/15,4/7,5 og med 40 hk Wichmann-motor. Båten vart ombygd i 1937 til 64,8 engelske fot, noko som i reine ord betyr ei forlenging. Så langt ein finn ut, er det gjort i Hardanger.

I 1949 vart «Pokal» ombygd på Vik Båtbyggeri i Høydalen, jf. båtlista for Vik. Båten fekk då rana, utlagd, baug og kryssarhekk. I merkeregisteret for 1958 er måla oppgitt til 64,0/16,8/8,4. I «Herøybåtar i Hundre år» er lengste lengd oppgitt til 21,6 m. det er 70,9 engelske fot eller 68,8 norske fot.[1] Ved ombygging i 1949 var båten forhøya med to eller tre plankar.

Dette er ei omfattande ombygging. Når båten skal forhøyast, må heile dekket rivast og også skandeksplanken m.m. På innsida, ut med tankane og bjelkevegar og sameleis innreiing i kahytt og lugar. Nokre av spanta, doblingspant, må få høveleg omskot til den ynskte høgd. Truleg er det eit nytt tømmer på kvart spant som får den nye høgda. På om lag annakvart spant vert det laga plass for rekkestøtter. Når forarbeidet er klart, skal det leggast ny hud og dekk, og mange andre små detaljar.

Etter ombygging vart «Pokal» litt lenger med ny framende og kryssarhekk. Her reknar ein med at stilken ikkje kom i konflikt når det vart bygt kryssarhekk. Om så var, er det løysingar som vart ordne etter kvart. Vidare oppbygging er som på ein ny båt.

Ifølgje artikkelen om MB «Varnes», fekk ikkje Vik Båtbyggeri utstyr til sveising før i 1950, samtidig med at bedriftene i Høydalen fekk vekselstraum. Når «Pokal» var på Vik Båtbyggeri for ombygging i 1949, tilseier det at stålarbeid vart utført hos andre og då mest sannsynleg Volda Mek, anten av egne arbeidarar eller som leigearbeid. Etter at vekselstraumen var komen til bygda, vart alt stålarbeid utført på båtbyggeriet

Olav H. Sævik meiner å hugse at det vart bygd ny kjeising, stålkaising. Den var i full høgd med galgedekk på begge sider. Overbygget vart då sjølsagt nytt og bygd i tre. Frå keising-gangen og vidare bak var ståldelen så høg som nødvendig for høgda i kahytta: Dei burde få stå oppreist når dei drog på seg broka.

Over kahytta var det meininga å lage messe, men det vart i staden brukt til vegnrom. Kahytta hadde fire køyplassar, med nedgang frå keising-gangen. Vis à vis var eit lite enkelt toalett. Maskinnedgang var også frå keising-gangen, men på styrbord side. Byssa var heilt framme. Babord gang hadde tett sidevegg med dør forover. Det var den vanlege løysinga, her kunne mannskapet henge oljekleda. Var der maskinrist, så var det fin tørkeplass til støvlane. På bilde frå bygginga ser det ut for at rorhuset er bygt tradisjonelt i tre med rorhusfront som truleg er i teak. I lugaren forut var det køyplassar til 8 mann.

«Pokal» var utstyrt med peilar og ekkolodd (kanskje Scam?). Sendaren var ein Robertson, amerikansk bygd, som kom som Marshallhjelp. Det var galgedekk på begge sider, med livbåt på babord side. Lukekarm og kappe har nok også vore bygt i stål når keisinga var det.

Når «Pokal» var under ombygging i Høydalen, tok Hans O. turen inn fjordane for å sjå kor arbeidet gjekk. Han hadde då ein 18 fots klinker, visstnok bygd på Bjørneset, med ein 2 hk Rubb frislagsmotor. Dette var ein tur som tok 5-6 timar. Sonen Olav på 7-8 år var med, og han hugsar det som ein langtekkjeleg tur. Faren laga eit lite «sjygn» i bauen av presenningen for verste trekken.

Ein frislagsmotor er ein semidiesel-motor med «frislagsregulator», som igjen er ein tomgangsregulator. Den hoppar over pumpeslag på dieselpumpa når turtalet blir for høgt i høve til innstilt tomgangs-turtal. Den seier: Tøff, tøff …opphald … tøff, tøff, tøff …opphald ..osv. og høyrest litt småsjuk ut, men det er heilt normalt. Ved full-fart-køyring strammar ein tomgangs-regulator-fjøyra slik at alle pumpeslag er med. Så regulerar ein etter belastning frå til dømes propell med slaglengda på dieselpumpe-stempelet. Altså ingen automatisk turtalsregulering ved full-fart. Motor-passar eller skipper må ha «handa på gassen». Er beskriven som tidleg type turtalsregulering. For meir, sjå "Gammelmotoren" av Valdemar Steiro, s. 16 og 17.

I slutten av 1950-åra fekk «Pokal» innmontert sildetinar (hydraulisk tinar, forma som eit langt rør, som mannskapet står på begge sider av og strekjer garna over, slik at silda ristar ut). Sildefiske, både med fastståande bruk og med drivgarn, var ei stor og viktig sak, som har gitt, og fortsatt gir, arbeidsplassar langs heile kysten.    

Håbrandsfiskernes Foreining

På 30-talet var det viktig å få til eit salslag for håbrand-fiskarane, og i 1933 vart det prøvd skipa eit felles salslag for Vestlandet. Dette vart mislukka og Håbrand-fiskarane i Måløy og i Møre og Romsdal skipa et felles lag som dei kalla Møre og Måløy Håbrandsfiskeres Foreining. Laget skulle vere ein salsorganisasjon med sete i Bergen. Hans O. Sævik («Pokal») vart vald til formann. 17. februar 1934 vart det vedteke å opne kontoret og setje salsapparatet i gang frå same dag. I oktober 1934 vart laget utvida til Vestlandet og fekk namnet Håbrandsfiskernes Forening. Dette laget vart såleis ein organisasjon for håbrandsfiskerane på Vestlandet, og styret arbeidde for å få all håbrandomsetnad lagt under sitt salsapparat.[2]

Andre verdskrigen

Hans Lennart Sævik (f. 26.03.1967), soneson til Hans O. Sævik, har skrive om bruken av «Pokal» til fiskeri og om hendingar for dei som hadde sjøen som leveveg, med faren og farfaren som kjelder. Her fortel han om ein tur nordover i 1940 med verditransport for Norges Bank:

Denne kvitteringa må sjåast i samanheng med turen nordover som er fortalt i avsnittet om Andre verdskrigen.
Bestefar (Hans O Sævik) fortalde og om dei første krigsdagane i 1940 då vart M/K Pokal og M/K Zeta uttekne av regjeringa for å frakte folk fra Norsk Rikskringkasting nordover til Mosjøen, dei skulle gå ilag med ishavsskuta M/S Grimsøy som førde last for Norges bank - Ålesund til Tromsø. Folket stod på Stornespiren i Ålesund og dei fekk sandsekkar til å dekkje ror hustaket med. På turen nordover ha dei fleire gongar tyske fly over seg. Når dei kom til Mosjøen sette dei iland folk, men dei måtte fortsette vidare til Tromsø for folket måtte vidare, då tyske krigsstyrkar var på veg nordover. Sjølv om dei ikkje hadde kart om bord gjekk dei ilag til Tromsø, der låg dei nokre dagar før dei fekk betaling for turen. Så gjekk dei syd til Harstad med engelske offiserar og nokre sivile. Dei hadde og papir med seg som skulle øydeleggjast om dei vart stoppa av tyskarane. I Kjelsundet var der kampar, difor gjekk dei ytre leia syd over eit stykke, eit marineskip kom og dei gjorde då av med papira. (Ole Sulebakk fortel at dei gøymde pengane i skosålane og gjorde av med papira.)

Når dei kom sør i "Skjeia" ved Terningen fyr kom der ei dame å vinka med eit kvitt laken. Det viste seg at leia var minelagd. Zeta og Pokal kom seg velberga heim.

Dette vart fortalt til meg av bestefar. Hendinga er skildra også i eit opptak med Ole Sulebakk i 1984, dette er gengitt i boka Herøybåtar i 100 år (1998).

Hans L. Sævik har gått i gamle regnskap og funne ei kvittering frå turen til Tromsø i maidagane i 1940. Kr 5400 er ført som inntekt, og på utgiftsida er det ført kr 800. Her har vore orden i papira, og 80 år seinare fann ein at alt var teke vare på.

Turid Wammer har skrive eit stykke som heiter Gulltransporten 1940.[3] Her kan ein lese at M/S Grimsøy var lasta med 9 millionar kroner i store sedlar, som hadde blitt henta ut av hvelva i Den norske bank på Lillehammer, Hamar, Gjøvik og Ålesund. Desse pengane vart seinare brukt til å finansiere hemmeleg motstandsarbeid i Noreg.

Om fiskeri

Etter nyttår var det seifiske fram til storsildfisket tok til i januar/februar. Det blei da brukt seigarn på Aktivneset - Svatongane og Haltenbanken. Etter påske når silda og seifisket var over, gjekk dei oftast syd og vest om Irland eller i Nordsjøen etter håbrand. Når dei gjekk vestover, tok dei Caledonia-kanalen for å spare tid og inn slusene ved Inverness. Som regel kom dei inn om morgonen og gjekk ut igjen nord om Glasgow i vest etter 8-10 timer seglas gjennom Lock Ness og i kanalen. Der var kun dagseilas kunne Olav fortelje.

Sommar og seinsommar kunne det være brugdefiske. Brugde- og håbrandsfiske blei stundom drive kombinert. Dei drifta i Nordsjøen, på Tampen og Storegga, ved Shetland og Ferøyane. Det kunne tildels være godt brugdefiskeri heilt nord til Træna. Dei prøvde og makrellharping utfrå Egersund eller Farsund.

Tidvis gjekk dei sydover med håbrandsline om sommaren og kunne gjere gode turar heilt oppunder land ved Lista og Egersund. Då sette dei flyteline heilt oppunder land og utover på djupna. Enkelte år kunne dei og rigge seg ut etter håkjerringsfiske ved Færøyane og i Danskestreetet i april-mai, så dei var heime omkring slåtten ved jonsoktider.

Haustane brukte dei håbrandsline, og ofte hadde dei seg gode turar mellom jul og nyttår vest på Tampen og Aktivneset. Dei gjekk da 3. juledag og kom heim til nyttår. Det var ofte stor fisk dei fekk da, kunne Olav fortelje.

Pokal var og rigga for Tobis tråling, og enkelte hausta dreiv dei partråling ilag med M/k «Packing». Båten var i aktivt brukt, og dei omstilte seg til fiskeri som var aktuelle.

Hans Lennart Sævik fortel: "Eg var aldri med denne båten, den var seld før eg var fødd. Utdanna meg til skipper i Ålesund ferdig i 91. Eg har drive fiskeri og Supply, som fiskar og skipper. Siste 20 åra har eg våre los mellom Trondheim og Stavanger. Stasjonert i Ålesund."

Naboprat på Fiskeribølga

Det blir fortalt om Hans O. på «Pokal» og Hans N. på MK «Zeta»: Desse to fiskarbøndene var naboar, og dei var svært gode vener på sjø og land. Ein dag hadde Hans O. på «Pokal» prøvd å få kontakt med Hans N. på «Zeta» på fiskeribølga han hadde nytt heimafrå. På kvelden svara dei på «Zeta», og Hans O. seier: «Eg har ropt på deg heile dagen». Hans N. svarar at dei har vore i fiskeri. Hans O. seier då: «Ja ej ville berre seie at det barst no attøve med han utom garden». «Åå det vart slik ja, tenkte ej det ikkje» kviterte Hans N. Så va samtalen over. Båtane rundt som høyrde på, forundra seg over innhaldet i samtalen. Det viste seg at dei hadde to Væira gåande i ei hegn/beite utom garen, for det var fortidlig å «sleppe Væiren attåt sauene». Hendelsen var at den eine Væiren hadde stonga ihjel den andre.

Tal mann på forskjellig fiskeri

  • Sildefiske med drivgarn: 10 mann.
  • Seidegarn: 10 mann.
  • Makrellharping: 5 mann. Den tida makrellharping var manuelt arbeid, kunne harpa samanliknast med ei dorg med 20 til 30 anglar. Sjå også video på YouTube frå harping, der juksamaskiner gjer tungarbeidet.[4]
  • Brugde-, håbrand- og håkjerringfiske: 5 mann.

På nokre av desse turane var ikkje Hans O. med. Då var Jarle Remøy skipper.

Turane etter håkjerring i heile havet nord til Danskestredet var lange. Då bunkra dei 5000 l diesel på tankane og ein del diesel i fat på dekk. Ferskvasstanken var på 1600 l. Denne båten har vore i svært aktiv drift.

Å bunkre ferskvatn

For å hente ferskvatn, var det vanleg å legge til ved eit isflak og grave ei hole, som vatnet samla seg i når sola varma. Det var til vanleg ein ok prosess. Kjell Viken, som hadde 6-7 turar i ishavet, fortel om ein gong dei var i Stretet og la til ved eit isflak for å fylle vatn. Han og ein til gjekk opp på flaket og skulle ordne fortøyning. Når dei slo isdreggen i, så var det ein smell og flaket klovna. Hjelparen stod att på isflaket, men Kjell gjekk i sjøen. Han kom seg klar, dukka under skuta og symde opp på andre sida, der mannskapet huka tak i han. At han var så rask i tanken og ein god symjar berga nok livet. Etterpå viste det seg at dei hadde sett dreggen i ei isbru. Det forklarar hendinga.

Motorar

Ny båt i 1930, Wichmann 40 hk. I 1937 Wichmann 50 hk. I 1958 BK Diesel 240 hk. Og i 1962 Normo semidiesel 210 hk, 3 sylindra.

Eigarar

  • Fyrste eigarar: Hans O. Sævik, f.02.02.1900, d.?, Anton S. Sævik og Oskar O. Sævik, halvbror til Hans. Dei to siste vart utløyste midt på 50-talet. Då kom Olav H. Sævik, f.04.03.1941, inn som medeigar. Han er son til Hans O. Sævik. Hans og Olav drifta båten i lag heilt til båten vart solgt.
  • Solgt sept. 1964 til Bjarne Dale P/R, Blomvåg i Øygarden kommune. Fekk i april 1965 namnet «Vokal» og registrert med H-55-ØN. Båten vart 24.5. 1985 stroken i Skipsmatrikkelen og vart søkt i Osterfjorden, truleg året etter.

Galleri

Her manglar årstal på nokre bilde. Den som veit får melde frå.

Galleri 2, ei forlenging. Prosessen, ymse båtar

Dette galleriet om prosessen på ymse båtar, er sett sammen av bilder frå liknande ombygningar utført på L/L Vik Båtbyggeri. Bilda med nytt treverk og forhøya spant vert utført sameleis som på «Pokal».

Båtbyggeriet med båt for ombygging fremst på slippen. Klargjering av slipp. Ein sagar av stykka som skal vekk og dreg dei til side - og riv - tek vekk naudsynte deler. Så bygg ein oppatt mole for mole (bit for bit).

Fotnotar

Kjelder

  • Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster
  • Olav Johan Sævik, f. 1941. Intervju på telefon.
  • Herøybåtar i Hundre år, av Bjarne Rabben.
  • Anton Sævik, har levert bilde.
  • Olav og Hans Lennart Sævik, har levert bilde og tekst.
  • Kjell Viken, har fortalt om å bunkre feskvatn i Stretet.
  • Høydalsvik, Oddvar E. f 1951 skreiv midlertidig forklaring om frislagsmotor.
  • Høydal, Magnar f. 1937: Eiga arbeidserfaring frå L/L Vik Båtbyggeri.