Svena og Husøyna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Svena og Husøyna.

Svena og Husøyna ligg på den austre delen av Fedje. Det grensar mot vest til innmarka til Husa og Kopper, mot nord til Rognsvågen, og mot sør til Storemarka.

Området var frå gammalt av utmarka til gardane Rognsvågen (gnr 167), Fedje (gnr 168) og Moldøyna (gnr 170), og vart brukt som beitemark for husdyra. Like til i 1950-åra var det stølsdrift her om sommaren. Gardane hadde eigne sommarfjøs der kyrne vart mjølka. Denne utmarka vart utskifta i 1904, og då fekk kvart bruk sin eigen parsell med høve til å setja opp gjerde. I praksis vart området nytta i fellesskap slik som tidlegare. Verknadene av utskiftinga vart klårare etter at det vart slutt på stølsdrifta.

Alt under og rett etter siste verdskrigen vart det skilt ut tomter her, og bustadhus vart bygde. Dette skaut fart i 1960-åra, og ikkje minst etter at kommunen regulerte eit byggefelt i Husøyna, ferdig i 1973. Dei fleste nye husa på Fedje har komme i dette området. Ettersom jorda som nemnt vart delt i parsellar i samband med utskiftinga, vil ein sjå at tomtene er frådelte mange ulike bruk. Dette er avmerka for kvar eigedom.


Fedje komm.svg Svena og Husøyna er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hodnestøl (Fedje gnr 172 bnr 187) • Neste bolk: Svena