Ivar Aasen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ivar Aasen

Ivar Aasen (5. august 181323. september 1896) var språkforskar og diktar. Han er mest kjend for å vera opphavsmannen til nynorsk, men det var Ivar Aasen som la grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av norsk språk.


Livssoge

Ivar Aasen vart fødd på Åsen i Ørsta. Frå Ålesund og Sunnmøre, utg. 1930.

Ivar Andreas Aasen vart fødd den 5. august 1813 i Åsen i Hovdebygda i Ørsten, dagens Ørsta kommune. Han var ein av åtte sysken og mista tidleg begge foreldra. Aasen måtte tidleg ta del i hardt gardsarbeid for å klara seg. Plassen han budde på, var isolert, og han hadde få vener. På fritida underheldt han seg derfor med å lesa i Bibelen. Han blei allereie som liten rekna som ein kvikk kar av både lensmannen og presten i bygda.

Aasen fekk utvikla lærdommen sin hjå prosten Hans Conrad Thoresen. I 1831 blei han omgangsskolelærar før han etter kvart blei huslærar hjå kaptein Daae i Skodje. Han utvida heile tida kunnskapen sin, mellom anna ved å læra seg fleire språk på eiga hand, og ved å laga ei fyldig plantesamling frå nærområdet. Aasen byrja òg å granska målføre, og tok først fatt på sin eigen sunnmørsdialekt. Han fekk eit vanskeleg arbeid, ettersom han ønskte å finna fram til målføret før dansk påverking, men blei til sist ferdig med Den Sunnmørske dialekt, som blei gjeven ut i 1841.

Aasen reiste til Bergen for å få arbeidet sitt vurdert av biskopen der, Jacob Neumann. Biskopen blei svært imponert, og fekk delar av arbeidet trykt i to nummer av Bergens Tidstidende. Neumann sørga òg for å setja den unge språkforskaren i kontakt med Vitenskapsselskapet i Trondheim, som gav han eit stipend slik at han kunne reisa rundt og granska andre dialektar. Aasen var da 29 år.

Språksamling

Teikning av Olav Rusti.

– Vort Skriftsprog er derimod indkommet udenfra, og endskjønt det i lang Tid har været anvendt og udviklet af Norske og Danske i Fællesskab, er det alligevel ikke norsk, men kun sideordnet og nærbeslægtet med det Norske.|opphav=Aasen i fortale til Det norske Folkesprogs Grammatik

I fire år reiste han rundt i Noreg og skreiv ned ord og uttrykksmåtar. Han dekte over fire hundre mil, men reisepengane tok slutt før han fekk vitja Nord-Noreg. Målføra nord for Helgeland kom derfor ikkje med i studiet i fyrste omgang. Men i løpet av tjue år skulle han fortsetja å reisa, mellom anna til Tromsø, og han vitja over halvparten av alle kommunane i landet. Når han ikkje reiste, budde språkforskaren i Kristiania.

I 1848 gav Aasen ut Det norske Folkesprogs Grammatik. To år etter kom Ordbog over det norske Folkesprog. Denne inneheldt over 25 000 ord og blei skildra av P.A. Munch som eit nasjonalt meisterverk. I 1849 presenterte Aasen den første teksten på det nye skriftspråket, og fire år etter kom han med utkastet til det nye norske landsmålet: Prøver af Landsmaalet i Norge.

Oppgåva til Aasen var å skapa eit ekte norsk skriftspråk med minst mogleg påverking frå dansk. Derfor tok han utgangspunkt i landlege dialektar som hadde mykje til felles med norrønt. På den andre sida ville han gjerne ha eit språk som folk flest kunne kjenna igjen som norsk, og ikkje islandsk, og han søkte samsvar med dansk og svensk der han kunne.

Landsmålet

Ivar Aasen utvikla eit landsmål — eit språk for heile landet — som bygde på det norske folkespråket. Ivar Aasen sitt landsmål vart sterkt prega av bygdefolk sitt kvardagsspråk — det språket som nasjonalromantikaren P. A. Munch omtalte som «plat» og «pøbelagtigt». Nasjonalromantikarane hadde ønskt seg eit meir arkaisk språk. Men Aasen villa skape eit fellesspråk, og det metodiske arbeidet for å skape mest mogleg regelrett samsvar mellom språket og kvar av dialektane, fekk til følgje at fellesformene ofte tilsvarte dei røtene dialektane hadde til felles i dei gammalnorske formene. Men Aasen hadde som prinsipp at der nesten alle dialektar hadde endra seg frå det gammalnorske, skulle ikkje det nye landsmålet følgje gammalnorsk.

Aasen sette opp ei ny og sjølvstendig målform, men tok omsyn til dei andre skriftmåla i Norden. Eit grunndrag i norma som Aasen sette opp, var den kløyvde endinga i bunde hokjønn eintal: «visa», men «soli». Av di ein skulle syne samanhengen med grunnforma «trygg», måtte ein skrive «trygt», endå uttala var «trykt». Han heldt på mange konsonantar som ikkje fanst i talemålet, slik at han etter opphavet skreiv «djup» og ikkje «jup», «huset» og ikkje «huse».

Aasen meinte at dei dialektane som best hadde teke vare på formrikdom og ordtilfang frå det gamle norske språket, var dei beste. Dette synet sette sitt preg på landsmålet. Etter kvart som landsmålet vart teke i praktisk bruk, valde folk likevel å skrive eit språk med færre grammatiske former og med større innslag av lånord frå andre språk.

Kristiania

Ivar Aasen, truleg i Kristiania. Frå boka Ålesund og Sunnmøre, utgjeven 1930.
Sitat Ofta minnest eg mi gamle Grend,

naar eg framand uti Verdi stend,
heimlaus, frendelaus og litet kjend,
og likar paa Leiken illa.

Sitat
– Frå «Gamle Grendi», Symra

Aasen busette seg i Kristiania i 1847 , og vart buande der i nær femti år, til han døydde. Han var smålåten og stillfarande, og både i dikting og sakprosa tok han parti for dei små i samfunnet.

Ivar Aasen gav ofte uttrykk for at han kjende seg einsam, utan familie og skild både frå bondekulturen han voks opp i, og frå borgarskapskulturen som han vegra seg mot å bli ein del av.

Verka til Aasen

Ivar Aasen sitt gravminne på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Chris Nyborg

Språkforskaren

Med Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog : med dansk Forklaring i 1873 innleidde Ivar Aasen den vitskaplege utforskinga av moderne norsk. På mange felt, særleg morfologi, er grammatikken framleis ein standardreferanse, og ordboka hans er fundamentet norsk leksikografi kviler på.

Diktaren

I tillegg til språkskriftene sine gav Ivar Aasen ut fleire skjønnlitterære verk, mellom anna ei samling av eventyr og segner, syngespelet Ervingen frå 1855, og diktsamlinga Symra frå 1863. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Nordmannen» (Millom bakkar og berg). Aasen omsette og utanlandske dikt, mellom anna av Lord Byron og Heinrich Schiller.

Ludvig Daae karakteriserte diktaren som «en af de mest alsidigt begavede Mennesker jeg har truffet paa. Stor Sprogkyndig, mere end middelmaadig Poet, fin musikalsk Sands. Humor, Lune og mimisk Begavelse.» Aasen ynskte at dikta skulle syngjast, difor kalte han dei «visor». Og visene til Ivar Aasen slo ned i den folkelege songtradisjonen.

Ivar Aasen heldt seg strengt til skriftnorma når han dikta. Han var lingvist når han forma strofar, og han hadde det poetiske språket i tankar når han skreiv grammatikk.

Planteforskaren

Samlinga av rundt 500 vekstar frå Ørskog og Skodje som Aasen hadde gjort i ungdommen og klassifisert etter Linné sitt system la, saman med namneforskinga, grunnlaget for artikkelen «Norske Plantenavne» frå 1860. Samlinga har sidan gjeve eit godt bilete av sunnmørsfloraen på Aasen si tid. [1]

Vegar og gater

Ei stor mengd vegar og gater er oppattkalla etter Aasen, sjå til dømes

Verkliste

Byste av Ivar Aasen utført av Dyre Vaa, i Ivar Aasens hage mellom bygningane til Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo på Blindern, avduka i 1963.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)
Baksida av gravminnet til Ivar Aasen; "Det norske folket sette denne steinen".
Foto: Stig Rune Pedersen

Språkvitskap:

Annan sakprosa:

  • Norske Ordsprog (1856)
  • Heimsyn - Ei snøgg Umsjaaing yver Skapningen og Menneskja, tilmaatad fyre Ungdomen (1875)

Litteratur:

  • Samtale imellem to Bønder (1849)
  • I Marknaden (1854)
  • Ervingen (1855)
  • Symra (1863, nye utgåver 1867 og 1875)
  • Sidste Kvelden (1887)

Omsette prosastykke:

Samlingar av publiserte og upubliserte tekstar

  • Ivar Aasens utvalgte skrifter, ved Vetle Vislie (1896)P.T. Mallings Boghandels forlag
  • Norske Minnestykke (1923) – posthum samling av folkeminnetekstar (eventyr, viser, ordtak) Digital utgavebokhylla.no
  • Brev og Dagbøker (1957-1960) Brev, dagbøker, eit utval av brev til Ivar Aasen og endel andre etterlatne tekstar.
  • Skrifter i samling. Trykt og utrykt (3 bind, 1911-12). Sist utgitt i ett bind 1996. ISBN 82-05-24464-2
  • Reise-Erindringer og Reise-Indberetninger 1842-1847 (utg. 1917)
  • Vitskaplege og litterære verk (nettutgåve, Aasentunet)

(For fullstendig bibliografi, sjå Aasentunet)

Sjå óg

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Ivar Aasens vei i bydel Vestre Aker i Oslo fekk namn i 1906.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)
  • Garborg, Arne, Anders Hovden og Halvdan Koht 1913: Ivar Aasen : granskaren, maalreisaren, diktaren : ei minneskrift um livsverket hans. utgjevi av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. Kristiania : Norli
  • Hjorthol, Geir 1997: Forteljingar om Ivar Aasen : Aasen-resepsjonen i fortid og notid. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet. nr 2. Volda : Høgskulen i Volda
  • Hoel, Arve 1984: Ivar Aasen: "Norsk grammatik 1864" : om Ivar Aasens setningslære, hans valg av terminologi og framstilling av objektet. Valderøy. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1984 I.
  • Hovden, Anders 1913: Ivar Aasen i kvardagslaget. Trondheim. ISBN 82-521-4642-2
  • Krokvik, Jostein 1996: - Ivar Aasen : diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar. Bergen, 1996. ISBN 82-7834-005-6
  • Krokvik, Jostein 1996: Ivar Aasen : diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar [Bergen] : Norsk bokreidingslag
  • Munch, P.A. 1873: Anmeldelse : Det Norske folkesprogs grammatik af Ivar Aasen. 1831-Marts 1849 Samlede Afhandlinger s. 360-374
  • Myhren, Magne 1975: Ei Bok om Ivar Aasen : språkgranskaren og målreisaren. Orion-bøkene 170. Oslo : Det norske Samlaget
  • Myhren, Magne 1975: Ivar Aasen: sMillom bakkar og berg Bokklubbens lyrikkvenner
  • Osland, Erna 1996: Ivar Aasen : ei historie om kjærleik. Teikneserie illustrert av Arild Midthun. Samlaget, 1996 ISBN 82-521-4766-6
  • Venås, Kjell 1996: Då tida var fullkomen. Oslo, 1996. ISBN 82-7099-251-8
  • Venås, Kjell 200. Ivar Aasen og universitetet. Oslo, 2000 ISBN 82-90954-12-3
  • Walton, Stephen J. 1987: Farewell the spirit craven : Ivar Aasen and national romanticism. Oslo : Samlaget
  • Walton, Stephen J. 1991: Ivar Aasens nedre halvdel. Oslo : Samlaget
  • Walton, Stephen J. 1996: Ivar Aasens kropp. Oslo : Samlaget. ISBN 82-521-4531-0

Fotnotar

Folketeljinger

Eksterne lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ivar Aasen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.