Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Jul Haganæs.
Foto: Forfatternett Oppland

Jul Haganæs (fødd 22. august 1932 i Aurdal, død 3. april 2013 same stad) var ein forfattar frå Aurdal i Valdres. Han debuterte som lyrikar i 1965. Stein under fuglefot, som kom hausten 2000, var den 12. diktsamlinga hans. For Mørkegangsdalen som kom i 1987, fekk han Sunnmørsprisen.

I 1979 kom eit utval av dikta til Haganæs ut på Island, i omdiktning av Gudmundur Danielsson. Den finske lyrikaren Maj-Lis Holmberg har sett om dikt av Haganæs både til finsk og svensk, og den polske lyrikaren Jerzy Wielunski har omsett og publisert dikt av han i heimlandet sitt.

Haganæs har også skrive fleire dokumentarbøker. Den mest kjende av desse er truleg boka om Knut Hamsun og Aurdal, som kom i 1982 og fekk mange lovord av kritikarane. Mellom prosabøkene til Haganæs er elles biografiar om forfattarane Sigurd Lybeck og Ola Viker.

Haganæs har fått Nord-Aurdal kommunes kulturpris og kulturprisen som Aurdal og Sørskogen Arbeiderlag deler ut.

Bibliografi

  • "Aprilnetter". Fonna Forlag, 1965. (dikt)
  • "Og dagane draup". Fonna, 1967. (dikt)
  • "Vindskag". Fonna, 1970. (dikt)
  • "Signal til vengene". Noregs boklag, 1972. (dikt)
  • "Nyper i frost". Noregs boklag, 1973. (dikt)
  • "Berget i spegelen". Norges boklag, 1975. (dikt)
  • "Skriuland". Norges boklag, 1978. (dikt)
  • "Brennefang til bålet". Noregs boklag, 1979. (dikt)
  • "Strået ved jarnvegen". Noregs boklag, 1981. (dikt)
  • "Nu god Nat min Ven. På Hamsuns gjengrodde stier i Aurdal". Grøndahl, 1982.
  • "Slekt skal følge :Dieserud-folket fra Aurdal". Paul T. Dreyers forlag, 1983.
  • "Om det koster deg livet. Fra krigens dager i Valdres". Grøndahl, 1985.
  • "Kurèr for frihet. Historien om Bjarne Holth-Larsen". Grøndahl, 1986.
  • "Mørkegangsdalen". Grøndahl, 1987. (dikt)
  • "Flygerne fra Piltingsrud. En beretning om uredde valdriser". 1988.
  • "En folkets forteller. Sigurd Lybeck, etnedølen som skapte Bustenskjold". Grøndahl, 1989.
  • "Dikteren ved dommerbordet. Et portrett av Ola Viker". Grøndahl,1992.
  • "Men ljoset finn veg". Fonna, 1992. (dikt)
  • "På vingene for friheten. Flygeren Conrad Skjoldhammer". Valdres forlag, 1995.
  • "Stein under fuglefot". Snøfugl, 2000. (dikt)
  • "Lange Sander og andre noveller". Snøfugl, 2002.
  • "Nattens bilder". Snøfugl, 2004. (dikt)

Meldingar og artiklar

  • Bladet "Valdres" 25. januar 1980: Artikkel av Ivar Orgland: "Norsk lyrikk på islandsk. Gudmundur Danielsson presenterer diktaren Jul Haganæs".
  • Artikkel av Maj-Len Rönkä i tidsskriftet "Horisont" (Organ för svenska Österbottens litteraturförening): "Jul Haganæs - vill få noko til å dukke opp i sinnet".
  • Kronikk av Carl Fredrik Engelstad i Aftenposten 3. november 1982: "Med Knut Hamsun i Valdres". (Om "Nu god Nat min Ven" av Jul Haganæs.

Eksterne lenkjer


05 Oppland vapen.png Valdres er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
  Les mer…


Øvre Brøtin
Alt. navn: Skinnrudbrøtin; Brøtatn; Brøta
Først nevnt: 1818
Sted: Reinli
Sokn: Reinli
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 9
Bnr: 2

Øvre Brøtin i Sør-Aurdal var opphavleg ein husmannsplass og frå 1827 eit eige bruk. Plassen vart oppretta i 1818 under Øvre Skinnrud, og vart også kalla Skinnrudbrøtin eller for kort berre Brøtatn eller Brøta. Bruket vart utskilt som bruksnummer 2 då husmannen Anders Syversson fekk kjøpt han av Ola Knutsson øvre Skinnrud i 1827.

Våningshuset som står på bruket, vart reist i 1974. Det er også eit eldre våningshus, som er frå 1944, og eit uthus frå 1937.

Det høyrde med ei seter til bruket, KaristølhalleSøre Fjellstøle. I Arne Olssons tid som bruker (sjå brukarliste nedanfor) vart setra bytta med Aslak Slette mot ei anna seter på søre Fjellstøle.

Brukarar / eigarar

  • Anders Syversson (1791–1848), frå Nord-Aurdal, husmann på plassen frå 1818, kjøpte for 100 spd. i 1827.
Gift med Sigri Paulsdotter Framgardseige (f. omkr. 1791). Barn:
  • Paul Andersson (1821–1899), overtok ved skifte etter faren i 1848. Flytta mellom 1861 og 1865 til Nes i Hallingdal.
Gift 1) i 1842 med Marit Iversdotter Dølvesbergatn (1818–1883). Barn:
  • Marit Andersdotter (f. 1841), gift med Ola Hallsteinsson Kyrkjebjørghaugen, busett på Bakkatn under midtre Jukam og Steinli i Bagn.
  • Andres Paulsson (1804–1903), busett på Skollerud i Nes i Hallingdal.
  • Sigri Paulsdotter (1847–1847).
  • Sigri Paulsdotter (1848–1871), drukna i Nes i Hallingdal saman med broren Johan og ein annan ungdom.
  • Johan Paulsson (1853–1871), drukna i Nes i Hallingdal saman med systera Sigri og ein annan ungdom.
  • Syver Paulsson (f. 1855).
  • Mathias Paulsson (f. 1858).
  • Jørgine Paulsdotter (1861–1940), det siste av barna som vart født i Reinli. Gift med møllar Kristian Olsen Fossen frå Modum, busett på Nedre Prestbakken i Nes i Hallingdal.
  • Margit Paulsdotter (f. 1863)
Gift 2) 1884 med Mari Johannesdotter (f. 1821) frå Nes i Hallingdal. Ingen barn, dei var 63 år gamle då dei gifta seg.

Ved folketellinga 1865 budde det ingen på bruket. Paul Andersson og familien flytta som nemnd over til Nes i Hallingdal, der dei i 1865 budde på Stuvengen.

  • Arne Olsson Sløtet (1839–1894), flytta inn mellom 1865 og 1870. Hadde ikkje tinglyst skøyte på bruket.
Gift 1870 med Siri Olsdotter Roo (1837–1916) frå Nørdre Roo 8/6. Satt på bruket fra mannens død i 1894 til ho selde i 1907.
  • Marit Arnesdotter (1870–1955), gift med Johan Olsson Nybråten, neste brukar.
  • Gunhild Arnesdotter (f. 1874), gift med Ola Eriksson Sagbrøtin, busett på Knutshaugen i Nord-Aurdal.
  • Oline Arnesdotter (f. 1878), gift med Ulrik Knutsson Øydgarden.
  • Kari Arnesdotter (f. 1880), gift med Halstein Olson Nybrøtin, busett på Nybrøtin.
  • Johan Olsson Nybråten (1872–1960), frå Nybrøtin 13/17. Kjøpte av enka Siri Olsdotter i 1907.
Gift med Marit Arnesdotter (1870–1955), dotter av førre brukar. Barn:
  • Sigrid Johansdotter (f. 1906), gift med Olaf Olsson Haslene, busett på Sålså.
  • Arne Johansson (f. 1908), neste brukar.
  • Ola Johansson (f. 1911), tok over etter broren Arne.
  • Ingebjørg Johansdotter (f. 1914), gift med Gustav Evensson, busett i Heggedal i Asker.
  • Arne Johansson Bråten (f. 1908), fekk skøyte på auksjon i 1933.
  • Ola Johansson Bråten (f. 1911), kjøpte av broren Arne i 1944.
Gift med Anna Bergljot Antonsdotter Røang (f. 1917), frå Nørdre Roo 8/5. Barn:
  • Marit Bergljot Bråten (f. 1946), gift med Erik Eggum frå Fagernes.
  • Berit Anny Bråten (f. 1951), gift med Odd Karsten Østgaard, neste brukar.
  • Odd Kartsen Østgaard (f. 1949), frå Myrvøll, overtok bruket i 1978.
Gift med Berit Anny Bråten (f. 1951), dotter av førre brukar. Barn:
  • Gro.
  • Steinar.

Kjelder

Koordinater: 60.8317717° N 9.4664128° Ø

  Les mer…


Andreas Larsen Dahl (fødd 16. november 1844, død 10. september 1923) emigrerte frå Valdres til USA i 1869, der han var omreisande fotograf i Dane County, Wisconsin frå kring 1870 til 1880. Dahl vart seinare pastor.

Han var son av gardbrukar Lars Nilsen Dalen og Berthe Nilsdotter Dalen, og vart fødd og vaks opp på Dalen i Nord-Aurdal. Broren Nels Larsen Dahl emigrerte óg til Amerika.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Valdres er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!
Advarsel: Standardsorteringen «Dahl, Andreas Larsen» tar over for den tidligere sorteringen «HAGANÆS; JUL».  Les mer…