Om lag 1960, nordre del av Rognsvågen. Til venstre Nedst-Tangen bnr 218, busetnaden i Rognsvågen bak. Nedst-Tangen er eit gardsbruk i Fedje kommune.
Dette er det sørlegaste av bruka i Tangane. Uttalen er «nestånjenn». Det tidlegare namnet Tangen Indre er brukt første gong i 1645. Søre Tangen har av og til vore nytta som nemning, m.a. i 1666, 1701 og 1769. Den gamle landskylda var på ½ våg fisk.
1. Ola Jonsen er nemnd i 1603, 1612, 1614 og 1617, så då var det to bruk i Tangane, nordre og indre. Les mer …
Murane etter husmannsplassen Svee under Sør-Hole i Lesja. Plassen vart rydda kring 1762 og fråflytt ca. 1790. Foto: Arnfinn Kjelland
Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996. Til saman er talet på registrerte stader der det har vore busett folk i ein periode, og som i ein del av den busette perioden må kunne kallast husmannsplass, stugu, småbruk (utan skøyte) og liknande, drygt 600. Les mer …
Lomsk såmaskin Foto: Arnfinn Kjelland Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og i andre fjellbygder på Aust- og Vestlandet. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga. Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet.
Sokneprest Niels Petersen i Lom skal etter Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797. Les mer …
Åsdokk 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Åsdokk er eit småbruk sunnanfor sjølve Trydalskvelven i Bykle kommune, om lag i breidd med Grasbrokke, men på vestsida av Smidjehylen. Kvifor bruket i den gamle gards- og ættesoga (18) vert omtala som Åstog er uvisst, ingen andre kjelder kjenner den namneforma, og at Åsdokk er det rette vert stadfest av stadnamna på austsida, Kvernhusåsen og Åsdekkane.
Som så mange av småbruka i Bykle har også dette opphavet sitt i ein husmannsplass, og Åsdokk var plass under Nordstog. Her budde ingen i 1865, men i 1875 var her både rudd og busett. Det viktigaste som skjedde med Nordstog Trydal i tida mellom 1865 og 1875 var at Knut Hallvardsson Hisdal i 1867 fekk hand om garden. Knut Hallvardsson var son åt Gunvor Folkesdotter, som var syster av Åse Folkesdotter, kona åt Olav Salmundsson, som var fyrste oppsitjaren me veit om i Åsdokk.
Olav og huslyden hans hadde i årevis fyrr dei kom hit flakka og flutt som bruksfolk (medbrukarar) frå den eine garden til den andre. På denne bakgrunnen kunne ein halde det for truleg at Knut Hallvardsson, straks han fekk tak i Nordstog, sette bort Åsdokk til morsystera og mannen hennes. Husmannskontrakt fekk dei også, «paa lengstlevendes levetid», som det heitte, men den vart ikkje skrive fyrr nokre år seinare, i 1875, då plassen var ferdig etablert. Les mer …
Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging. Foto: Ukjend
Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»
I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn. Les mer …
|