Bakken (Fedje gnr 168 bnr 35)
Bakken var ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Bakken | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 35 |
1. Magne Sjursen f. 1877 Stormark (gnr 172 bnr 30-1b) d. 1958 g. 1901 m. Anna Marie Larsd f. 1878 Stormark (gnr 172 bnr 11-1a) d. 1929 sette opp eit hus her då dei gifta seg. Skøyte 1916 på tomta frådelt gnr 168 bnr 3 same året. I 1918 kjøpte dei Stormark gnr 172 bnr 11 og flytta dit (2), heile familien er ført der. Huset her vart flytta til Stormark om lag 1920.
2. Margit Andreasd Ophaug f. 1893 (gnr 168 bnr 13-21d) d. 1984 fekk skøyte frå nr 1 i 1929. I 1994 fekk Frank Børhaug f. 1959 (sjå Kopper gnr 168 bnr 53-2) heimelen her, politimann, bustad Bergen. Han bygde naust på eigedomen i 1996.
Bakken (Fedje gnr 168 bnr 35) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Skolheim (Fedje gnr 168 bnr 34) • Neste bolk: Tongaren (Fedje gnr 168 bnr 37) |