Bindal prestegjeld
Bindal prestegjeld var eit prestegjeld i Sør-Helgeland prosti i Den norske kyrkje. Det hadde same utstrekning som Bindal kommune. Hovudkyrkja var Vassås kyrkje.
Bindal var i 1589 del av Brønnøy prestegjeld. Det var kyrkje på Vassås, og eit korshus på Sund i Vik sokn. Korshuset vart nedlagt i i 1643, og det vart satt opp ny kyrkje på Solstad.
Bindal prestegjeld vart oppretta var kongeleg resolusjon 18. september 1815, ved at Nord- og Sørbindalen med Vassås og Solstad kyrkjer vart utskilt frå Brønnøy prestegjeld. Soknepresten skulle bu på Vassås
I 1885 vart det vedteke å bygge ny kyrkje for Solstad sokn på garden Holm. Solstad gamle kyrkje vart flytta til garden Lande i Tosen som kapellkyrkje for Tosen og Vassbygda.
Tosen kapelldistrikt vart i 1963 overført frå Bindal til Velfjord prestegjeld.
For prestar som har gjort teneste i prestegjeldet, sjå Prestar i Bindal
Kjelder
|
| Artikkelen Bindal prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Det vil ofte være mer relevant informasjon i oppgitte kilder enn det som er gjengitt, og det kan finnes stoff i bygdebøker og lignende. |