Dønna prestegjeld
Dønna prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.
Dønna høyrde i 1589 til Alstahaug prestegjeld. Dønna vart betjent av soknepresten på Nesna, og då Nesna prestegjeld vart utskild frå Alstahaug i 1730-åra var Dønna del av det.
I 1962 vart Dønna sokne utskild frå Nesna, og saman med Nordvik sokn som var utskild frå Herøy prestegjeld utgjorde dei eit nytt Dønna prestegjeld.
Då prestegjelda vart avvikla i 2004 hadde Dønna prestegjeld same utstrekning som Dønna kommune.
Kjelder
Artikkelen Dønna prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |