Dalsfjorden har alltid vore ein «fiskerik fjord», og nærsagt alle fiskeslag har årvisst vore å kunne reknast med som eit godt tilskot til det daglege kosthaldet
Så langt attende som ein kjenner til har fiske med garn, snøre, line og notbruk vore eit viktig tilskot til levevegen for folket i bygdene langs fjorden
Ein veit at på grynnene langs strendene, men også ut på fjorden har det vore drege opp mang ei «middagskoke»
Fiskeplassane som Sæssdjupet, Kornbergsfluda, Løvikfluda, Vikeskallen o.a. har alltid vore å rekna med som sikre fiskeplassar. Fjorden har også vore med til å gi reide pengar mellom hendene for oppsitjarane, både til levevegen og til nyinvesteringar i hus og heim, og fornying av husa på dei små gardane langs fjorden, og sette gardbrukarane i stand til å modernisere gardsdrifta
Notbruk og «kasting» etter sei, makrell, sild og brisling kunne såleis vere ei god inntektskjelde for folket som hadde skaffa seg det rette utstyret
Etter det som Sverre Lyngnes skriv i boka «Dalsfjord, gard og ætt» var det så tidleg som i 1614 ein mann i Steinsvik som hadde «forbrote» seg Les mer …
Holsvikholmen med båtar i bøye rundt 1960
Holsvik notlag og kalla Holmenotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Holsvik, Sundalsås, Skare, Åslid, begge bruka i Djuvika, Skinvika (Høgset) og begge bruka på Løfolla då det vart avvikla på 1960-talet. Skriftleg informasjon fortel ein heil del om tida då Østefjordens Notlag byter namn til Holsvik Notlag. Stykket er frå 1890 til avvikling i hovedsak basert på det etterkomarane av siste eigarane av det no nedlagde notlaget kan hugse. Holsvik notlag hadde i lang tid to notbruk med litt ulik partseigarskap: Lissjenota åtte partar; Holsvik, Sundalsåsen, Skare, Åslid, begge bruk Djuvik, Skinvik (Høgset, etter at Skinvika var delt i to bruk i 1952) og Løfoll brn 1. Storenota hadde ti partar, her var Løfoll bruk 2 og Sundalsfoll bruk 1 med i tillegg til eigarane i Lissjenota. Dette med ti mann vart nytta til namn på gavlbåten «Timann» M 46 VA då den vart kjøpt etter krigen. Les mer …
Kart over indre del av Austefjorden Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv. Les mer …
Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910
Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.
Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.
Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at «dråttane» (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta «mi-fjårs» Les mer …
Høydalen sett fra nord. (2009)
Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.
I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Om kvar bolk var 960 mauskar, som er standard lengde, veit ein ikkje. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.
Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse. Les mer …
Del av Knut si handskriva bok Foto: Stein Høydalsvik
Brislingåret 1928 er historia om korleis ti-åringen Knut Høydalsvik opplevde fisket i Høydalen i Volda. Han fortel sjølv:
Her i bygda var det eit stort notlag. Det var 14 partar. Alle so nær som Dalingane var med. Han far var notbas ei årrekke. Eg var vel 10 år då denne hendinga var.
Han far var ein morgonfugl, og det var ganske vanleg at han tok ein tur om morgonen i 5-tida inn på Rabben for å sjå etter bronkar. Når silda stod høgt i sjøen, var sjøen litt myrkare der silda var. Denne dagen såg han ein sildebronke inn på Bugane. Han gjorde laust som dei sa, bles i bukkehornet og sette upp «blikk» som var to båtebord i notahusgavlen. Og folka kom. Dei fyrste gjekk laus med ein gong på å tok nota inn i notabåten. So snart dei var ferdige og dei fleste var komne, var det å ro i full fart inn over mot Bugane. Det var notabåten med nota, spelbåten og elles ei drøss med færingar. Det var langt å ro, og årane var lange og tunge, men farta var ganske god. Alt dette tok sjølsagt tid og det var ikkje uvanleg, at ein etter ein slik manøver kom for seint, og at silda var vekk når ein kom fram. Les mer …
|