Bø Meieri, truleg på 1940-talet. Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Bø Meieri vart stifta i 1895. Meieriet låg på Solvang i Bøgata (Bø i Telemark) 27 i Bø i Telemark.Tomta til meieriet blei skild frå Prestegarden i Bø i 1900. Den fyrste driftsbygning blei sett opp allereie då meieriet blei stifta i 1895, men denne brann i 1901. Ein ny bygning, Solvang, blei straks sett opp.
Hovudproduksjonen i Bø Meieri var mjølk og heilfeit gaudaost, men det blei også produsert smør, fløte og anna ost. Både bygningane og maskinene i meieriet blei modernisert fleire gonger. I 1931 fekk m.a. meieriet større lager og eit moderne kjølerom.
I 1927 blei meieriet forandra til andelsselskap med gardbrukarane i Bø som andelseigarar. Les mer …
Transport av molybden med taugbane frå toppen av gruva ned til Bandak. Molybdenen vart frakta vidare med båt.
Dalen Gruber A/S var ei molybdengruve som låg på Dalen i Telemark. Gruva var i drift frå 1916 til 1919.
Undersøkelsane ved Dalen gruver vart gjort av Otto Bonden og A. Dettmer i 1915. Året etter vart drifta tatt over av A/S Dalen Molybdengruber som 20. desember satte i drift eit «Elmore»-vaskeri.
Molybden var eit viktig metall for krigsindustrien. Når ein fekk reinsa malmen for ymse stoff kunne ein blande molybdenen med stål. Slik fekk ein panserstål som vart nytta som materiale i bygging av tanks og stridsvogner.
Medan fyrste verdskrig rasa i Europa i 1916 tok ingeniør Otto Falkenberg initiativ til gruvedrift på garden Berge i Eidsborg. I liane ned mot Dalen var det store forekomster av malm. (Her skal ein ha funne ein klump på 10 kilo som visstnok har hamna på eit museum i Belgia.) I desse liane bygde Falkenberg opp Dalen Gruber A/S som allereie i 1917 hadde 90 arbeidsfolk. Les mer …
Bratsberg Landmandsforretning. Foto: Det Norske Næringsliv, 1949 Bratsberg Landmandsforretning ble stiftet av bøndene i Telemark i 1901. Forretningen ble gjerne kalt bare Landmand. Hensikten med forretningen var import og omsetning av kraftfôr, kunstgjødsel, såkorn, frøvarer og kolonialvarer. Forretningen solgt også andre landbruksprodukter.
Til dette formålet kjøpte "Landmand" Limigården i Liegata 10 og 12 i Skien. Hele eiendommen ble ominnredd og modernisert i 1937/38. Etter dette hadde forretningen kraftfôrblanderi, maismølle og korn- og frørenseri. Den disponerte tre lastebiler og én varebil. Foruten bestyreren bestod personalet av tre kontormedarbeider, 7 butikkmedarbeider og 8 sjåfører og lagerarbeidere i 1949. J. O. Grimsrud var bestyrer på dette tidspunktet. Les mer …
Telemark Folkehøgskule låg der Kvitsund Gymnas ligg i dag. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Telemark Folkehøgskole vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann, seinare stortingspresident og amtmann i Bratsberg. Skulen starta opp på garden Bjørge i Seljord. Drifta vart flytt til Utsond i Kviteseid i 1914.
Viggo Ullmann sin skule i Seljord hadde eit førespel, da folkehøgskulepioneren Olaus Arvesen heldt skule for 80 elevar på Bjørge i året 1878-1879. Som medlærarar hadde Arvesen Oddmund Vik, seinare statsråd og fylkesmann, og nordlendingen P. Pedersen.[1]
I 1880 starta så Viggo Ullmann sin skule i Telemark. Skulen hadde som formål å gje bygdeungdom ei meir yrkesretta utdanning. Det fyrste året heldt han til på same staden som Arvesen hadde halde til, Bjørge i Seljord. Det var 70 elevar, 48 gutar og 28 jenter. Lærarar ved sida av Ullmann sjølv var førnemnde Oddmund Vik og Kr. Førland. Andre året var skulen i Drangedal, og vinteren 1882-83 i Vinje. Skulen fekk fast tilhaldsstad da Telemarkens Folkehøiskoles Aktieselskab kjøpte Utgarden (gnr. 45.6) i Seljord i 1885. Frå 1890 vart undervisninga halden i den nye bygningen Borgen på Utgarden. Les mer …
En av båtene til dampskipsselskapet i Bandakskanalen. Skien-Telemarkens Dampskipsselskap, også kjent som Skien-Telemarkens Dampskips-aktieselskab, drev gods- og persontrafikk på strekningene mellom Skien– Notodden og Skien– Dalen i Telemark ( Telemarkskanalen).Selskapet ble opprettet i 1900 gjennom en sammenslåing av de 5 dampskipselskapene Nordsjøselskapet, Inland, Telemarken, Bratsberg og Dalen. Første generalforsamling ble avholdt 6. juni 1900. Ved opptagelse i firmaregisteret 7. august 1900 hadde selskapet en aksjekapital på kr 300.000 fordelt på aksjer á kr 100.
Ved oppstarten hadde selskapet 8 skip i trafikk. Selskapet kjøpte i 1909 Lundegata 3 (gnr. 300/2656) ved dampskipsbrygga i Skien. Her hadde selskapet egne administrasjonslokaler, bestående av kontorer, direksjonsværelse, ekspedisjonslokaler, privatbolig for disponenten samt mekanisk verksted.
Les mer …
Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann. Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. Les mer …
|