Smakebiter fra artiklene
Randi Solem. Etter samtidig maleri.
Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas.
Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.
Les mer …
Kristian Birkeland fotografert i 1902.
Olaf Kristian Bernhard Birkeland (født 13. desember 1867 i
Christiania, død 15. juni 1917 i Tokyo) var fysiker, professor i fysikk ved
universitetet i Kristiania fra 1898 til sin død. Han var særlig kjent for sin forskning om nordlyset og for Birkeland–Eyde-metoden for fremstilling av salpeter, som la grunnlaget for
Norsk Hydro. Kristian Birkeland var sønn av kjøpmann og skipsreder Reinert Tønnesen Birkeland (1838-1899) og Inger Susanne Ege (1841–1913). Han ble gift i 1905 med lærer Ida Augusta Charlotte Hammer (f. 1863), men ekteskapet ble oppløst i 1912. Han var fetter av matematikeren
Richard Birkeland (1879–1928). Farsslekten var fra gården Birkeland ved
Flekkefjord i
Vest-Agder.
Les mer …
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen).
Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …