Lurøy prestegjeld

Lurøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.

Det er mange kyrkjer og bedehus i Lurøy. Her Lovund kyrkje frå 1960.
Foto: Helge Asperheim (2024).

Lurøy var i 1589 eit sokn i Rødøy prestegjeld med kyrkje på Lurøy og kapell (korshus) på Husøy i Træna.

I 1767 vart Lurøy og Træna utskild frå Rødøy, men slått saman igjen i 1774. Lurøy vart då eit residerande kapellani i Rødøy prestegjeld.

Lurøy med Træna vart igjen et eige prestegjeld i 1822. Gården Indre Onøya vart då utlagt til Lurøy prestegard.

I 1833 vart Selvær overført frå Rødøy til Træna sokn, i 1877 vart det oppretta ein hjelpekyrkjegard for Træna på Rødskjærholmen.

Då prestegjelda vart avskaffa i 2004 utgjorde Lurøy prestegjeld samme område som Lurøy kommune og Træna kommune. Det var tre sokn, Lurøy sokn. Aldersund sokn og Træna sokn.

Kjelder


Artikkelen Lurøy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.