Myrtun (Fedje gnr 169 bnr 64)

Myrtun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Myrtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 64
Adresse: Vidnappsvegen 26
Kristen Nilsen (bnr 64) sit på ein kval.

1. Kristen Nilsen f. 1931 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-8g) d. 2022 g. 1957 m. Ruth Storemark f. 1933 (gnr 172 bnr 96-1a) d. 2018 fekk skøyte her i 1965 frå Håkon Uthaug (Smiholmen gnr 168 bnr 55-1g), som fekk tomta frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 i 1952. Huset vart bygd i 1968. Tidlegare budde dei i Hesthaugen gnr 169 bnr 55-4. Begge fiskeindustriarb., tidlegare var Kristen fiskar og Ruth frisør.

Born: a. Kai Henning Nilsen f. 1957, politibetjent, g. 1993 m. Ingrid Aas f. 1957 Fræna i Romsdal, prosjektleiar, busette der i Elnesvågen, no i Hustadvika kommune. b. Ida Marith Nilsen f. 1963 g. 1990 m. Jan Håkon Husa f. 1959 Husøyna (gnr 168 bnr 259-1b), bygde der (gnr 168 bnr 248). c. Vibeke Nilsen f. 1970, hjelpepleiar, innkjøpar, g. 1996 m. Ketil Kleivdal Huus f. 1969 Bergen, maskinist, salsmanager, busette der.

2. Erik Allers f. 1945, bustad Bergen, fekk skøyte i 2022 og nyttar huset som fritidsbustad.

Fedje komm.svg Myrtun (Fedje gnr 169 bnr 64) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kleiva (Fedje gnr 169 bnr 57) • Neste bolk: Kahrsneset (Fedje gnr 169 bnr 65)