Rødøy prestegjeld

Rødøy prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.

Rødøy prestegard og den gamle Rødøy kyrkje, bilete frå 1868.
Foto: Coldevin

Rødøy var før reformasjonen eit kannikgjeld under Domkyrkja i Trondheim. I 1589 hadde prestegjeldet 3 kyrkjer og eit korshus som skulle betjenast av 2 prestar. Rødøy hovudkyrkje og annekset i Meløy av den eine, og Lurøy kyrkje og korshuset på Træna av den andre.

Lurøy og Træna vart først utskild som eige prestegjeld, Lurøy prestegjeld, i 1767, men slått saman med Rødøy att i 1774. Lurøy prestegjeld vart igjen frådelt i 1822. I 1833 vart Selvær overført frå Rødøy til Træna.

Meløy prestegjeld vart oppretta i 1903 då det vart utskild frå Rødøy.

Då prestegjelda vart avskaffa i 2004 hadde Rødøy prestegjeld same utstrekning som Rødøy kommune.

Kjelder


Artikkelen Rødøy prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.